Hopp til innhold

Auka press på å stengje russiske fiskarar ute frå norske hamner

Spionasje-påstandar og ny russisk doktrine aukar presset på det særnorske unntaket for russiske fiskefartøy.

Det russiske fiskefartøyet Borey

BOREY: Det russiske fiskefartøyet Borey kan framleis leggje til kai i Noreg.

Foto: Kystvakten

I fjor kom eit russisk skip til Noreg, og slik lova krev kom ein norsk lós opp på brua for å assistere kapteinen med å navigere skipet trygt inn til hamn.

Der fann nordmannen ein russisk «spionskip-ordre» om å kartleggje rørslene til det norske etterretningsskipet «Marjata».

Den norske lósen fiska opp mobilen og knipsa eit bilete av ordren som låg på brupulten: «Styrmann, slik ser fienden ut», stod det.

Hendinga vart først fortald av Bergens Tidende, og er ein av fleire som involverer mistenkjeleg russisk framferd i norsk farvatn.

I mai vart alle norske hamner stengde for russiskflagga fartøy, med eitt unntak: Fiskebåtar.

Noreg er det einaste landet i Europa som har eit slikt unntak.

Regjeringa har grunngitt unntaket med omsynet til godt naboskap og til den felles fiskeforvaltninga.

b84mCG1NW0E

«Marjata» har motorar som er produsert av Bergen Engines. Motorfabrikken vart i fjor nesten seld til russiske interesser, før oppkjøpet vart stansa av dåverande justisminister Monica Mæland (H). Grunngjevinga var risikoen for teknologioverføring og den strategiske plasseringa ved viktige forsvarsanlegg i Bergen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Vladimir Putin signerte ny doktrine

Men unntaket er omstridd, ikkje minst etter at Vladimir Putin 31. juli «Marinens dag» i Russland underskreiv ein ny doktrine som vert tolka som ei militarisering av den russiske fiskeflåten.

I talen uttalte Putin at han vil sikre russiske interesser «med fastleik og med alle middel», og viste til Peter Den store som gjorde Russland til ei sjømakt.

At russiske fiskefartøy spionerer er velkjent, og sjølvsagt aukar spionasje i krigstid, seier Rasmus Hansson i MDG.

4. august vart tankskipet Dumankaya vist bort frå Tønsberg. Skipet segla under tyrkisk flagg, men vart likevel rekna for å vere russisk.

Hansson legg til:

Eg forventar at Forsvaret har oversikt og vurderer det som «formålstenleg» at den russiske aktiviteten får halde fram, sidan det tilsynelatande ikkje kjem initiativ til utestenging derfrå.

NRK har vore i kontakt med Forsvaret, Fiskeridepartementet og Forsvarsdepartementet, men førebels utan å få svar.

Onsdag kveld varsla regjeringa at Justisdepartementet skal svare på spørsmål om hamneforbodet, og at dei vil gjere det seinare i veka.

Politiets tryggingsteneste (PST), som skal førebyggje og etterforske truslar mot tryggleiken i riket, sorterer under Justisdepartementet.

President Vladimir Putin sitte ved skrivebord

Den russiske presidenten signerte i juli ein ny marinedoktrine som har vorte tolka som ei militarisering av den russiske fiskeflåten.

Foto: Mikhail Klimentyev / AP

– Eit stort hol i vårt forsvarsverk

I vår foreslo Venstre å hastebehandle eit forslag om å vrake unntaket «som bidreg til å finansiere Putins krig», men fekk berre med seg MDG og KrF.

Forslaget vert difor behandla når Stortinget opnar igjen, i oktober.

Sist veke uttalte forskar Ina Holst-Pedersen Kvam ved Forsvarets høgskole (FHS) at unntaket i praksis er ein invitasjon til russiske fiskefartøy om å «navigere fritt langs norskekysten for spionasje- og etterretningsformål etter behov».

Til Dagbladet fortalde ho at fleire russiske fiskefartøy «er utstyrte med militær satellitt-, drone- og undervassteknologi, og at fleire har kapasitet til å kappe gassrøyr i Nordsjøen».

Til NRK omtaler ho den russiske trafikken som «ein akilleshæl» og eit «stort hol i vårt forsvarsverk».

Næringslivets sikkerhetsråd, som vert leda av generalmajor Odin Johannessen, åtvara før jul om «målretta og omfattande etterretningsaktivitet» frå sivile skip som blir brukt til militære formål.

Tidlegare i juli fekk den norske regjeringa brev frå sine ukrainske regjeringskollegaer, som bad Noreg om å droppe det særnorske unntaket.

Ina Holst-Pedersen Kvam

Ina Holst-Pedersen Kvam kallar unntaket ein invitasjon til russiske fiskefartøy om å «navigere fritt langs norskekysten for spionasje- og etterretningsformål».

Foto: Forsvarets høgskole

Russland brukar sivile fiskefartøy til militære formål

Venstre-leiar Guri Melby tolkar åtvaringane og den nye russiske doktrinen som endå eit argument for at regjeringa omgåande bør fjerne unntaket for russiske fiskefartøy.

På Twitter skriv ho at Russland «brukar sivile fiskefartøy til militære formål» og at «dette gjer det norske unntaket endå meir uforståeleg».

KrF-leiar Olaug Bollestad seier at det så langt har vore gode grunnar til det særnorske fiskefartøy-unntaket. Ho viser til Svalbard-samarbeidet, felles havforvaltning og «det nødvendige langsiktige samarbeidet om fiskeri og havområda».

Men ho legg til:

Om vi ikkje klarer å kontrollere fiskebåtane, må unntaket vekk.

Hårek Elvenes (H) i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget seier tryggingsmessige omsyn taler for at regjeringa må vurdere å innføre hamneforbod for russiske fiskefartøy og «løpande revurdere avgjerda om ikkje å gjere det.»

Vi har stilt spørsmål til regjeringa om kva som skal til for at regjeringa vil revurdere dei særnorske unntaka frå hamneforbodet, og om kva kontroll norske styresmakter gjennomfører av russiske fiskefartøy for å sikre at dei ikkje er utstyrte for militære formål. Vi forventar at regjeringa raskt kjem tilbake til Stortinget med svar på dette, seier han.