Hopp til innhold

Byter ut plast-brøytestikker med bambus frå Kina

Vegvesenet meiner brøytestikker i plast er best, men langs fylkesvegane i Vestland skal plasten erstattast av bambus. Av omsyn til miljøet.

Brøytestikk av bambus med frost på. I bakgrunnen går kveldssola ned. Breim i Gloppen kommune.

BAMBUS: Det har gått mange år sidan brøytestikkene sist var å sjå i naturvirke. I Breim i Nordfjord er bambusstikkene no tilbake.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mange av oss hugsar dei frå barndomen. Brøytestikkene i bambus. For lengst erstatta av konkurrenten i plast. Men no er bambusstikkene på veg tilbake. I alle fall på Vestlandet.

– Fordelen med bambus er at det ikkje har same nedbrytingstid som plast i naturen, seier Vilde Grøthe Holtmoen i Vestland fylkeskommune si samferdsleavdeling.

Vinterens brøytestikker har poppa opp langs vegkantar over heile landet. På mange av fylkesvegane på Vestlandet har det dukka opp ein gammal kjenning: Bambus.

Plast på avvegar

Den tropiske planta som veks i Asia og Sør-Amerika har så godt som vore fråverande her nord etter plaststikkene sitt inntog.

Men i 2020 vedtok politikarane i Vestland ein plasstrategi for å unngå plast på avvegar. Det har fått følgjer for stikkene som skal halde folk og brøytebilar ute av grøfta.

Somme av stikkene knekk i løpet av vinteren, og fleire klima- og miljøorganisasjonar tidlegare tatt til orde for å gå vekk frå plaststikker. At det meste av dagens plaststikker er laga av resirkulert plast, og blir produsert kortreist i Sverige, har ikkje vore nok til å fjerne problemstillinga.

I Vestland er overgangen til bambusstikker i gang.

Knekt brøytestikk av svart plast ligg i vegkanten.

På vårparten skal både heile og øydelagde plaststikker samlast inn. Bambus-stikker på avvegar vil derimot rotne.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

I vedtaket frå politikarane står det mellom anna at dei skal velje naturprodukt når dei kjøper inn nye brøytestikker.

– Dersom bambusstikkene kjem på avvegar vil dei rotna, medan det vil ta veldig lang tid før plaststikkene forsvinn.

I store delar av fylket skal plaststikkene stå, i alle fall fram til kontrakten deira går ut.

Men i dei nye kontraktane for vegdrifta nord i fylket, i Sogn og Fjordane, er det spesifisert at brøytestikkene skal vere av noko anna enn plast.

Plast best i test

Statens vegvesen har òg vurdert å bruke brøytestikker av noko anna enn plast.

Gjennom vinteren 2021 testa dei ulike typar brøytestikker, mellom anna av raud plast og bambus, for å sjå om det fanst gode alternativ til det dei hadde brukt tidlegare.

Dei forskjellige typane blei vurdert etter kor synlege dei var og kor haldbare dei var.

Bilete frå test av forskjellige brøytestikker på Bjorli flyplass i 2021. Ei rekke brøytestikker av forskjellige material, med brøytebil i bakgrunnen.

Synlege og haldbare brøytestikker er viktig for trafikktryggleiken, seier Larsen. Biletet er frå testområdet ved Bjorli flyplass i 2021.

Foto: STATENS VEGVESEN

Resultata frå testfelta var eintydige, ifølgje sjefingeniør i Statens vegvesen Øystein Larsen:

– Raude plaststikker var best.

– Dei er mest synlege under dei aller fleste forholda, og toler best dei påkjenningane dei blir utsett for ute på vintervegen.

Generelt sett let Statens vegvesen entreprenørane sjølv vurdere om dei skal bruka brøytestikker av plast eller bambus.

– I dag er nok mesteparten plast. Ettersom kvaliteten på plaststikkene er så mykje betre har dei fleste gått over til å bruke plaststikker, seier Larsen.

Klimagass og mikroplast

Som ein del av forsøket fekk Vegvesenet òg analysert klimagassutsleppa til dei forskjellige alternativa av konsulentfirmaet Multiconsult.

Alternativa i tre og resirkulert plast hadde lågast klimagassutslepp, men òg kortare levetid, fortel Larsen.

– Vanleg plast gjev høgare utslepp for kvar stikke som produserast, men dei kan brukast i fleire år.

Vegen over Utvikfjellet, med brøytestikker av bambus på kvar side av vegen.

På fv. 60 over Utvikfjellet mellom Gloppen og Stryn er bambusstikkene på plass.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Veit du om dei vurderte plast på avvegar og mikroplast i den analysen?

I tillegg til at me hadde ein livssyklusanalyse på klimautslepp så blei faren for forureining vurdert. Det er klart at plast som blir liggande i naturen er uheldig, så viss vår plastikk blir liggande utgjer den ein fare for forsøpling og mikroplast.

Larsen legg til at Vegvesenet stadig jobbar for at mest mogleg av plasten skal bli samla inn på vårparten.

I Vestland fylkeskommune er dei kjend med at plaststikkene har lenger levetid, seier miljørådgjevar Holtmoen.

– Dei skal tola godt å stå i vêr og vind, men det er klart at dei kan knekka lettare.

Om bambusstikkene – som ifølgje Vestland fylke blir importert frå Kina – blir den nye normalen i Vestland står att å sjå, seier ho.

– Det er i alle fall dette som er valt i dei kontraktane som startar opp no, så skal me sjå korleis det fungerer.

Brøytestikke av bambus langs vegen i Stad kommune.

Dei gule bambusstikkene var for eit par generasjonar sidan populære også blant russen. Den tida er nok forbi, men langs vegane er dei tilbake. Som her i Stad kommune i Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Les også Anne ryddet mengder med brøytestikker av plast: – Et stort søppelproblem

Anne Dehli Jevnesveen fant store mengder brøytestikker i Ringsaker kommune