– Ein kan stå fram som meir smakfulle enn det ein gjer i dag.
Det meiner Jan Heggheim som også er fylkesdirektør for næring i fylkeskommunen.
Cruisekaien i Olden tek i år i mot 92 skip. Onsdag var MS "Aurora" til kai. Telt og buer ved kaia lokkar handlande, bussar og sightseeingtog er klare på kaia.
– Det står fram til tider ganske kaotisk, seier Heggheim.
Heggheim er frå nabobygda Loen, han understrekar at cruisekaien i Olden er tilpassa ei tid med mindre trafikk. Men legg til:
– Vi må ha ein viss standard for kva ein tilbyr. Det er viktig å stå fram som attraktive og smakfulle.
Står fram det som lite estetisk i dag?
– Ja, det trur eg dei fleste er samde om.
- LES OGSÅ: Fint men luktar skit
– Telta dreg kundar
Odd Jostein Bøhle har i 16 år selt suvenirar frå "slakteribygget". På utsida har Ottadølen sett opp partytelt, plasttroll og reinsdyr.
– Salet berre aukar. Kjempebra i fjor, og endå betre i år.
Kritikken frå Heggheim gjer ikkje inntrykk.
– No er eg ikkje særleg hårsår. Det eg veit er at det fungerer kolossalt godt salsmessig. og det er det viktige for meg. Folk kjem, ser telta, og går rett over vegen, seier Bøhle som omset for 4–5 millionar kroner.
– Eg vil gjerne drive i 16 år til, minst.
– Viktig med eit tupp bak
NRK har snakka med ein av eigarane av slakteribygget, som ikkje vil kommentere saka.
Frode Briksdal i Briksdal Adventure driv Mølla Gjestehus og tilbyr utflukter.
– Vi kan gjerne få oss ein tupp bak. Men for min eigen del meiner eg det ikkje er så hakkande gale, seier Briksdal.
Briksdal har aldri høyrt ein turist seie det er lite estetisk, derimot har det vore snakk blant lokalbefolkninga.
– Her er i det heile ikkje kaos i alle fall, seier Briksdal.
Vil ha fart på reguleringsarbeidet
Ketil Finsås Hansen er tilsett som bygdeutviklar i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen.
– Vi driv dugnad med utsiktsrydding, set ut benkar og heng opp blomster. Det er kanskje slik at når ein ryddar ein stad, ser ein rotet ein annan stad, seier han.
Finsås Hansen meiner det er viktig å få ferdig reguleringsarbeidet i bygda.
– Grunneigarane vil investere, men treng å vite kva rammevilkåra er.
- LES OGSÅ: Boset flyt i turistmagnet
– Likar suvenirane
Syskenparet Kelly og Ryan Harris frå England handlar mellom telta:
– Eg likar å gå her, seier Ryan.
– Olden er jo uansett heilt nydeleg med fjella og fjorden, seier Kelly Harris.
Gjeld fleire stadar
Heggheim understrekar at han uttalar seg generelt ut frå synsinntrykket han får i Olden:
– Problem knytt til estetikk gjeld ikkje berre i Olden, men det er ikkje mindre viktig at vi bryr oss av den grunn, seier Heggheim.