Hopp til innhold

Funksjonshemma Håvard (17) fekk ikkje ha friminutt med ordinære elevar

Elevane med tilrettelagd opplæring hadde timeplan heilt utan friminutt. No slår Diskrimineringsnemnda fast at fylkeskommunen braut lova.

Håvard Gunnlaugsson

DISKRIMINERT: Då Håvard Gunnlaugsson med alvorleg utviklingshemming byrja på vidaregåande skule, fekk han ein timeplan utan friminutt, og dermed ikkje sosialt samvære i lag med ordinære elevar.

Foto: Privat

17-åringen Håvard Gunnlaugsson har ei alvorleg utviklingshemming.

Då han starta på Voss vidaregåande skule i fjor haust, var timeplanen kvar dag på over fem timar, utan friminutt mellom.

– Han fekk ikkje pause på lik linje med ordinære elevar. Når han hadde pause, rekna dei det som undervisningstid, seier faren, Yngvar Gunnlaugsson.

Foreldra klaga til rektor.

– Då var svaret berre at slik hadde dei alltid gjort det. Elevar har altså blitt utsette for dette i alle år, meiner han.

Håvard Gunnlaugsson

– Håvard manglar talespråk og sjølvstendig gangfunksjon, og har eit kognitivt nivå som ikkje samsvarer med alderen, forklarer faren.

Foto: Privat

Mista undervisningstid

Ved å rekna pausane som undervisningstid, oppfylte Vestland fylke kravet til talet på undervisningstimar, og korta inn skuledagen for Håvard og personalet.

Men i verkelegheita måtte han sjølvsagt ha pausar, sjølv om det ikkje stod på timeplanen.

– Den faktiske undervisningstida vart dermed kortare enn lova krev. Han gjekk glipp av om lag éin time dagleg, seier Gunnlaugsson.

Og pausane var ikkje samtidig med friminutta til dei ordinære elevane.

Foreldra er opptekne av at elevar med utviklings- og funksjonshemming og funksjonsfriske elevar må få vera sosiale i lag i skuletida.

Voss vidaregåande skule

Elevar med tilrettelagd opplæring på Voss vidaregåande skule hadde ikkje friminutt.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Apartheid-aktig praksis

Foreldra kontakta Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO), som klaga til Diskrimineringsnemnda i august 2022.

– Me har kalla dette ein apartheid-aktig praksis. Fylkeskommunen har sjølvsagt ikkje hatt ein intensjon om segregering. Men i praksis skil dei ut nokre elevar frå andre elevar.

Det meiner koordinator for Safo Sør-vest, Arild Birkenes, som utarbeidde klagen.

– Det er svært alvorleg å ta frå elevar høvet til å vera med kvarandre. Fylkeskommunen ville aldri funne på hindra elevar samvære på grunnlag av etnisitet eller kjønn, seier Birkenes.

Han hevdar ordninga på Voss var godkjend av den pedagogiske leiinga i fylket.

– Det må jo vera økonomi som ligg til grunn for dette.

Håvard Gunnlaugsson

– I utgangspunktet er Håvard ein glad gut. Han likar rutinar, men ikkje uventa ting og overgangar, seier faren.

Foto: Privat

Fylket braut lova

No har Diskrimineringsnemnda konkludert: Vestland fylkeskommune har diskriminert Håvard på grunn av funksjonsnedsetting.

«Han fekk mellom anna ikkje omgåast og øva på sosial kompetanse med funksjonsfriske elevar. Han vart behandla dårlegare enn elevane i dei ordinære klassane», skriv nemnda.

– Praksisen med å ta frå elevar friminutt er lovstridig, seier Birkenes.

Rektor Svein Inge Styve viser til fylkeskommunen. Opplæringsdirektøren Bjørn Lyngedal viser til fagleiar for kvalitet i opplæringa, Aase Bruntveit Njøs.

– Me rettar oss etter vedtaket i nemnda, og tar det med oss vidare i arbeidet, seier ho.

Les også Barneombodet rasar etter tilsyn: – Hastar å få på plass ei ny ordning

Barneombud Inga Bejer Engh ifbm Spydeberg-sak

– Skal retta det opp

Skuldingane om segregering, kommenterer ho slik:

– Elevar skal ikkje bli segregerte. Dei skal tilhøyra grupper og bli inkluderte på gode måtar.

Men ho vedgår at det kan ha svikta.

– Det kan ha vore praksisar som ikkje er i tråd med slik me ønsker det skal vera. Målsettinga vår er å retta det opp.

– Gjeld ønsket om å integrera uansett kor sterk funksjonsnedsetting eleven har?

– Ein elev skal oppleva meistring i klasserommet, ikkje berre fagleg men også sosialt. Også i friminutta, seier Njøs.

– Fylkeskommunen snakkar sjølvsagt om mangfald og inkludering, men dette var det stikk motsette, meiner Birkenes.

Arild Birkenes, Norges handicapforbund

– Me ser på dette som eit ran av mangfald, også for elevar som ikkje er funksjonshemma. Dei er fråtekne høvet til å omgåast elevar som ikkje liknar på dei sjølve, seier Arild Birkenes.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Veit ikkje grunnane

Njøs kan ikkje svara på kvifor timeplanen var utan friminutt.

– Det er eit godt spørsmål. Det kan vera for å få inn dei rette lærarkreftene, og logistikkgrunnar. Det kan også ha med sjølve dagen til elevane å gjera, til dømes å unngå at dei blir trøytte av for lang skuledag.

Ho håpar og trur det ikkje var av økonomiske årsaker.

– Det er rektor sjølv som legg opp skuledagen for å få kabalen til å gå opp med dei tilsette. Det har vel vore ein praksis som har vore vanleg.

Også på andre skular

Ifølge Njøs kan også andre skular ha hatt skuledagar utan friminutt for elevar med tilrettelagd undervisning.

– Viss nokon har det, har me gitt tydelege signal om at det skal endrast. Me tok tak i dette ved skulestart i fjor, seier ho.

Endringa vart gjort gjeldande frå 1. januar 2023.

Birkenes og foreldra til Håvard understrekar at dei ikkje kritiserer lærarane.

– Me er veldig nøgde med personalet som gjer den daglege jobben saman med Håvard og følgjer han opp. Dette er eit problem på systemnivå, seier Gunnlaugsson.

Får sosial trening i friminutta

Birkenes meiner at Vestland no må orientera alle andre fylke om at Diskrimineringsnemnda no har erklært denne praksisen lovstridig.

Når Håvard no har friminutt samtidig med ordinære elevar, er faren nøgd.

– Han får den sosiale treninga han treng, og ordinære elevar får sjå meir til at det finst funksjonsforskjellar i samfunnet, når dei er meir saman i fellesareala i friminutta.

Les også Lastebilsjåfør Ole Christian (23) mangler deler av armer og bein

Ole Christian Liljedahl Johansen