Hopp til innhold

Full klimaklinsj mellom Stortinget og regjeringa

Ein ny koalisjon på Stortinget hevdar klimalova til regjeringa «ikkje er verd papiret ho er skrive på».

bastholm

NY ALLIANSE: Tysdag stilte sju av partia i Stortingets energi- og miljøkomité seg bak ein felles uttale mot klimapolitikken til regjeringa. Alliansen omfattar både «klimaskeptikarar og klimarabulistar». På bilete: Une Bastholm (MDG), Mathilde Tybring-Gjedde (H) og Terje Halleland (Frp).

Foto: CELINA THERESE EKHOLT

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den nye klimalova kom skeivt ut frå hoppkanten då regjeringa i april bad Stortinget om å hastebehandle lova før sommaren.

– Freidig og lite audmjukt, kvitterte energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Avvisinga var einstemmig, og inkluderte regjeringa sine eigne partivenner i Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Bakgrunnen for hastverket var at regjeringa ville lovfeste det nye klimamålet om minst 55 prosent kutt innan 2030, som dei allereie hadde meldt inn til FN.

Opposisjonen, på si side, ønskte seg ei mindre eigenrådig regjering som ikkje tok avgjersler i «lukka rom».

Eit halvt år seinare er situasjonen like fastlåst, om ikkje meir.

Tysdag stilte sju av partia i Stortingets energi- og miljøkomité seg bak ein felles uttale mot klimapolitikken til regjeringa, som dei karakteriserer som «ukonkret» og «ikkje verd papiret han er skrive på».

Den siste karakteristikken tilhøyrer Une Bastholm (MDG), som er saksordførar i komiteen.

– Norsk klimapolitikk blir bestemd av ei mindretalsregjering og nokre små justeringar i budsjettforhandlingar med SV. Ein heil generasjon som skal arve klimaproblema manglar ei reell, politisk stemme. Det er udemokratisk, legg ho til.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Det trengst openheit om tiltaka i klimapolitikken

Terje Halleland (Frp) seier til NRK at det er «både rart og arrogant» om regjeringa forventer at komiteen skal stille seg bak eit vegkart som «til og med Trygve Slagsvold Vedum innrømmer at han ikkje trur på».

Regjeringa har ingen truverdig klimapolitikk. Først ber dei Stortinget vedta eit høgare klimamål. Så står finansministeren i partileiardebatten og rekk ikkje opp handa på om Noreg vil nå klimamåla våre, seier Høgres Mathilde Tybring-Gjedde.

Møtet i energi- og miljøkomité tysdag kulminerte derfor med at den nye «sjuar-alliansen» bad regjeringa om å komme tilbake med ein «ny og tydeleg plan» for korleis Noreg skal kutte utsleppa dei neste sju åra.

Og den planen må leggjast fram og forhandlast om på Stortinget, ikkje bak lukka dører i regjering, seier Tybring-Gjedde.

Det trengst politisk diskusjonar og openheit om tiltaka i klima- og miljøpolitikken. Det er det ein samla opposisjon no etterlyser.

Statsminister Jonas Gahr Støre var den einaste som rakk opp handa da partileiarane vart spurt om dei trur Noreg vil nå klimamåla våre.

Stortinget er skove på sidelinja

«Grøn bok» er namnet på klimabudsjettet der regjeringa tel karbonutslepp slik dei tel pengar i «det gule» statsbudsjettet.

Ifølgje regjeringa har dei vist «korta» sine og synleggjort vegen til klimamålet gjennom denne.

Professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking meiner Stortinget gradvis er skove på sidelinja, symbolisert ved dagens uttale, «som samlar både klimaskeptikarar og klimarabulistar».

Korleis løyse opp denne gordiske knuten er vanskeleg å seie. Det er det alltid når slike knutar oppstår i politikken, seier han.

Les også Regjeringa håpar «magisk» kraftfôr reddar klimaet

Ku

På oppdrag for Klimautvalget 2050 har Fridtjof Nansens Institutt og Menon Economics studert maktforholda i norsk klimapolitikk.

I rapporten «Kven har makt i norsk klimapolitikk?» skriv forskingsleiar Lars H. Gulbrandsen at «kjøttvekta» på Stortinget har betydd mykje for kven som har fått gjennomslag.

Til NRK seier han at den politiske usemja «viser at det dreg seg til i klimapolitikken».

Det er fordi omstillinga går for sakte. Den politiske opposisjonen ønskjer at Stortinget skal behandle planar for utsleppskutt og omstilling. Regjeringa meiner derimot at det har vist fram planane som skal til for å nå 2030-målet i grøn bok.

I tillegg har regjeringa nettopp sendt NOU-en «Omstilling til lågutslepp – vegval for klimapolitikken mot 2050» ut på ordinær høyring.

Une Bastholm

Une Bastholm (MDG) meiner at regjeringa si «åleinegang» svekker den norske klimapolitikken fordi fleirtalet i Stortinget er meir framoverlente.

Foto: Ali Zare / NTB

– Regjeringa må innsjå at utsleppskutta har vore for små

NRK har også vore i kontakt med dei andre partia som underteikna uttalen.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): – No må regjeringa vise korleis dette målet skal nåast, slik at folk og næringsliv kan planleggje etter det. Ei klimamelding til Stortinget ville vore eit godt grunnlag for eit klimaforlik som ville skapt føreseielegheit for politikken.

Les også Regjeringa droppa flykrav i det stille

Fly på vingene

Lars Haltbrekken (SV): – Regjeringa må innsjå at utsleppskutta dei siste åra har vore for små. Det krev langt tøffare tiltak enn vi har sett til no. Dette er det fleirtal for på Stortinget om regjeringa vil.

Sofie Marhaug (Raudt): – Vi er klare til å samarbeide med regjeringa om ein rettferdig miljøpolitikk, og ein tydeleg plan for utsleppskutt i alle sektorar, slik regjeringa lova i Hurdalsplattforma. Dessverre har ikkje regjeringa følgt opp løfta sine. Eg er glad for at eit fleirtal i komiteen pålegg regjeringa å lage ein meir forpliktande plan for store utsleppskutt dei neste åra.

Årlig avvik fra normaltemperatur i Norge sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020
Gå til NRKs Klimastatus