Hopp til innhold

Fugle­influensa påvist på Vestlandet

Mattilsynet har påvist fugleinfluensa hos éin fugl i Vestland. Varaordførar i Gloppen kommune håper at det er eit mindre utbrot av den smittsame sjukdommen.

Mulig fugleinfluensa ved Ekkerøy i ØstFinnmark

FUGLEINFLUENSA: Mattilsynet har påvist fugleinfluensa hos ein måke i Gloppen kommune. Bildet er frå Øst-Finnmark.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Mattilsynet har påvist fugleinfluensa på éin måke. Fuglane vart funnen i Sandane sentrum i Gloppen kommune førre veke.

Mattilsynet ventar på prøvesvar frå ein annan fugl.

Sjukdommen er ein virusinfeksjon som er smittsam mellom fuglar. Sjukdommen kan gi svært høg dødelegheit i fuglebestandar.

Per Jarle Myklebust, varaordførar i Gloppen kommune, håper at dei får raskt kontroll på utbrotet.

– Dette er trasig. Vi håper at dette ikkje er eit stort utbrot og at vi no snart får kontroll på det vi har oppdaga, seier han.

Kommunen har sett i verk tiltak for å samle inn døde fuglar for å forhindre smitte, og kommunen har fått på plass ein oppsamlingscontainer for døde fuglar.

Myklebust oppmodar publikum til å gi beskjed til kommunen om dei finn døde fuglar.

Han kan endå ikkje seie noko om det kjem til å komme restriksjonar for dei som har fjærkre.

Les også Over 10.000 døde fugler i Vadsø – Sivilforsvaret settes inn i ryddearbeidet

Lastebillass med døde måker i Vadsø kommune.

Stort utbrot i Finnmark

Det er eit stort pågåande utbrot av fugleinfluensa i Troms og Finnmark. I går var det registrert totalt 13.700 døde fuglar av fugleinfluensa i Vadsø.

Mattilsynet karakteriserer utbrotet av som det største utbrotet fugleinfluensa hos villfugl Noreg har sett.

Det er særleg måsearten krykkje som er ramma av sjukdommen. Krykkjene er allereie strekt truga i Noreg.

Det har og vore påvist fugleinfluensa i bergensområdet i april og på Karmøy i juli, ifølge Vetrenærinsitututtet sine data.

– Eg håper vi ungår ein slik tragedie som dei har i Finnmark, seier Myklebust i Gloppen kommune.

Les også Mattilsynet: – Største utbruddet av fugleinfluensa hos villfugl Norge har sett

Eva Lyngvær, medeier i Havhesten.