Hopp til innhold

Fryktar snøkollaps – vil stenge turistvegen ein månad lenger

Bilete som viser ni meter høge brøytekantar skremmer vegbyråkratane i Vestland. Neste vinter ber dei om at vegen over Gaularfjellet blir stengd ein månad lenger, til stor fortviling for reiselivet.

Gaularfjellet

MANGLANDE TRYGGLEIK: I mai var det brøytekantar på opptil ni meter over Gaularfjellet.

Foto: Ingrid Bjørnerheim Hynne / Vestland fylkeskommune

Kvart år skal den vinterstengde vegen over Gaularfjellet brøytast og opnast seinast 2. mai. Men i år kom det så store snømengder på den populære turistvegen at han måtte stengast i kortare og lengre periodar.

No legg avdeling for infrastruktur og veg fram ei sak som kan føre til at vegen blir stengd ein månad lenger – på fast basis. Dei tilrår stenging frå første snøfall etter 1. desember til 1. juni.

– Erfaringa viser at vegen normalt sett er skredutsett til godt ut i mai. Det er ressurskrevjande å frese vegen opp for opning til 2. mai, for deretter å måtte stenge i korte og lengre periodar, seier seksjonssjef Eivind Yttri i Vestland fylkeskommune.

Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens vegvesen region Vest

SEINARE OPNING: Seksjonsleiar Eivind Yttri i Vestland vil at vegen over Gaularfjellet blir stengd ein månad ekstra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Seinast i mai i år brukte Vestland sterke ord for å beskrive forholda i fjella.

«Noko som også er ei utfordring på alle fjellovergangane er dei høge brøytekantane, som kan smelte og kollapse.»

– Vi meiner dette ikkje gir god nok tryggleik for dei som ferdast på vegen, seier Yttri.

Stengd veg

I år viser tala at vegen har vore stengd i 221 timar på grunn av skred eller skredfare, etter at han vart opna. Det svarar til over ni dagar med stenging.

I tillegg har geolog vurdert fjellet seks gongar, entreprenørar har hatt daglege kontrollar.

Om forslaget blir vedteke, kan fylkeskommunen spare rundt 500 000 kroner. Men seksjonsleiaren seier det først og fremst er ønske om betre tryggleik for trafikantane som gjer at forslaget kjem no.

Fryktar turistnedgang

Gaularfjellet er ein av 18 nasjonale turistvegar, der det har blitt satsa store beløp på oppgradering av utkikspunkt og turstiar.

Utsikten ved Gaularfjellet

STORE INVESTERINGAR: Dei siste åra har det blitt satsa store beløp på utkikspunkt og turstiar over Gaularfjellet.

Foto: Jiri Havran / Jiri Havran

Målet for turistnæringa har vore å opne vegen enda tidlegare.

– Dette er svært uheldig for reiselivsnæringa på begge sider av Gaularfjellet. Næringa har jobba over lang tid for å utvide reiselivssesongane. Kortare sesong på Gaularfjellet gjer området mindre attraktivt, seier spesialrådgjevar Vidar Slettehaug i Sunnfjord Utvikling.

Han er særs skeptisk til at ekstreme snømengder ein sesong blir brukt som argument for å utsette opninga dei neste åra.

Utsikten, fv. 13 Gaularfjellet

NASJONAL TURISTVEG: Gaularfjellet er ein av 18 nasjonale turistvegar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei siste dagane har han fått tilbakemeldingar frå reiselivsverksemder som er bekymra for å tape kundar.

Fleire trekkjer fram at forslaget er særskild umusikalsk akkurat no, i ei tid der reiselivsbedriftene tapar store pengar på grunn av koronapandemien.

– Det er tvilsamt å korte ned sesongen i staden for å forlenge den. Truleg er tapet for aktørane langs turistvegen langt større enn det fylket sparar i reduserte brøytekostnader, seier reiselivskontakt Trine Kanter Zerwekh i Nasjonale Turistvegar.

Trine Kanter Zerwekh

FRYKTAR TAP: Trine Kanter Zerwekh i Nasjonale Turistvegar fryktar at reiselivsnæringa tapar meir enn fylket sparar i reduserte brøytekostnader.

Foto: Even Lusæther / NRK

Til det svarar seksjonsleiaren:

– Vi har vårt budsjett og må argumentere for det, og så må andre argumentere for deira side. Det er ei utfordring at inntekta frå reiselivet ikkje vil tilfalla oss, seier Yttri.

Saka skal til politisk behandling i løpet av hausten.