Hopp til innhold

Korona-oppblomstring gjer at skulestarten til Malene (6) kan ryke

FØRDE (NRK): Malene (6) har ein medfødd immunsvikt. No gjer den aukande koronasmitten at skulestarten kan ryke.

Seks år gamle Malene syner stolt fram skulesekken sin.

STOLT: Malene (6) har gleda seg til å byrja på skulen i eit heilt år.

Foto: Privat

– Korleis skal eg fortelje ho at ho ikkje får gå på skulen? spør Marianne Solhaug.

Ho er mor til seks år gamle Malene. I stova står vesle Malene og syner fram den nye skulesekken, som er blå og rosa.

Ho har gleda seg til å byrje på skulen heilt sidan storesyster gjorde det same.

Men no er det ikkje sikkert ho kan byrja likevel.

«No er det nesten slik at panikken tar meg», skreiv mamma Marianne i eit facebook-innlegg denne veka, og fortvilte over dei aukande smittetala.

– Å få ho til å forstå at alle dei andre seksåringane får gå på skulen, men ikkje ho, det trur eg ikkje vi vil klare, seier ho.

Dottera har primær immunsvikt, og dersom covid-19 kjem til heimkommunen Sunnfjord torer ikkje foreldra å sende ho på skulen.

Av omsyn til dottera gjekk familien i full isolasjon då pandemien braut ut.

Marianne håpar dei slepp å gjere det ein gong til.

Foreldra les ei bok til Malene.

SIDELINJA: Mamma Marianne og pappa Jan-Reinart fryktar at Malene ikkje kan byrja på skulen saman med dei andre seksåringane.

Foto: Seline Larsen / NRK

Smittetala aukar

Frå mai til midten av juni låg tala for vekevise nye smittetal for korona på kring 100 i heile landet, syner tal frå FHI.

Førre veke var det registrert 369 nye tilfelle av covid-19.

LES OGSÅ: Bergen forbyr private samankomstar med over 20 personar

For ein rekke sjukdommar finst det ikkje tilstrekkelege data, men dei er inkludert på Folkehelseinstituttet si liste over sjukdommar med «moderat/høg risiko» – fordi det er «sannsynleg at de aukar risikoen for alvorleg forløp av covid-19.»

«Det gjeld mellom anna medfødt immunsvikt», skriv FHI på sine nettsider.

– Eg burde ikkje vere ute blant folk

Statistikk viser at dei fleste som blir innlagt til intensivbehandling med koronasmitte har underliggande sjukdommar som hjarte-, lunge- og karsjukdommar, diabetes, immunsvikt eller astma.

Under partileiardebatten i Arendal torsdag kveld vakte det oppsikt då Ap-leder Jonas Gahr Støre bad Venstre-leder Trine Skei Grande om å invitere ham «heim til deg og kattene».

Grande har ein sjeldan immunsviktsykdom og har vore nøydd til å isolere seg i heimen under mesteparten av koronapandemien.

– Eg har ein immunsviktsjukdom, astma og diabetes, kort sagt eit sjukdomsbilde som gjer at eg ikkje burde vere ute blant folk no, sa ho til NRK i mars.

Trine Skei Grande (V)

– Eg har ein immunsviktsjukdom, astma og diabetes, kort sagt eit sjukdomsbilde som gjer at eg ikkje burde vere ute blant folk no, sa Trine Skei Grande til NRK i mars.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

– Forstår at foreldra er uroa

I Sunnfjord kommune er det 16 skular med om lag 2000 elevar.

Dei er alle i «gul» beredskap, seier kommunalsjef for skule Åge Stafsnes.

Han forstår at foreldra til Malene er uroa, og seier at skulen vil følgje opp dottera deira dersom smittesituasjonen fører til at ho må vere heime.

– Vi må ha vurdering frå barnelege på korleis vi kan handtere det. Våre retningslinjer seier at vi skal følgje opp enkeltborn som ikkje har moglegheit til å vere på skulen.

Åge Stafsnes

Han forstår at foreldra til Malene er uroa, seier kommunalsjef for skule i Sunnfjord, Åge Stafsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ikkje nødvendigvis meir utsett

Einar Kristoffersen er professor i immunologi og leiar for fagrådet i Norsk Immunsviktforening.

Han seier at det til no ikkje er stadfesta at personar med immunsvikt, er meir utsette for å bli smitta av covid-19 enn andre.

– Personar med immunsvikt er ikkje ein del av risikogruppene med mindre dei har andre underliggande sjukdomar i tillegg. Generelt sett er ikkje personar med immunsvikt særs utsett.

Kor utsett er Malene for å bli smitta, samanlikna med andre skuleborn?

– Ho er ikkje spesielt mykje meir utsett for å bli smitta enn det andre skuleborn vil vere. I kor stor grad born er utsett for smitte vil vere avhengig av forholdsreglar ein tar i skuleverket no når skulane startar.