Hopp til innhold

Frykta slutten for verket då straumen vart borte

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) frykta ei katastrofe for Årdal-samfunnet, då all straum til metallverket forsvann fredag kveld.

Hydro, Årdal Metallverk

FARLEG NÆR: Produksjonen ved Årdal Metallverk var utan straum i fire timar under ekstremvêret fredag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hadde straumbrotet vart lenger, kunne flytande aluminium har stivna i fleire hundre omnar.

– Det ville nærast ha vore ein katastrofe. Ein snakkar truleg om enorme kostnader viss ein måtte erstatte cellene (elektrolyseomnar, jour.anm.) med nye, seier Arild Ingar Lægreid.

– Visste kva som stod på spel

Arild Ingar Lægreid
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Straumen var vekke i fire timar, og produksjonen i vel 10 prosent av produksjonsomnane er ute av drift etter straumbrotet.

Hydro har ved tidlegare straumbrot estimert ein kostnad på halvanna million kroner per omn, dersom det kostbare utstyret må bytast ut. Med fleire hundre elektrolyseomnar frykta ordføraren for eksistensen til metallverket.

– Eg var spent i timane straumen var vekke, og hadde kontakt med e-verkssjefen under vegs. Eg skjønte kva det stod om i høve til Hydro-verksemda. Eg vart meir og meir spent etter kvart som tida gjekk, erkjenner ein i dag letta Lægreid.

Straumstans ved Hydro Årdal

SVART: Slik såg det ut ved hovudporten til Hydro i Årdal fredag kveld.

Foto: NRK-tipsar

Krev svar

Etter tre timar kom straumen tilbake både til metallverket og elles industribygda. Det tok ytterlegare ein time før ein hadde fått opp att straumstyrken inne i Hydro sine store elektrolysehallar.

– Årdalssamfunnet er heilt avhengig av at Hydro-verksemda vår har levande vilkår og kan utvikle seg vidare. Det er ikkje første gong straumen går, men denne gongen vart det kritisk. Eg har bede om ein statusrapport både frå vår energiverkssjef i Årdal Energi om kva vi gjorde, og kva Hydro gjorde. Men dette er nok noko vi må leve med, erkjenner Lægreid.

Årdal Metallverk - vinteren 2009

VERKET OG BYGDA: Årdal Metallverk er med sine meir enn 500 tilsette og avdelingar både i Øvre Årdal og Årdalstangen eit vere eller ikkje vere for industrisamfunnet inst i Sogn.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Gruppe skal granske

Statnett har ansvaret for å føre straum fram til metallverket i Årdal. Hydro Energi driv dei lokale kraftverka. Feilen fredag kveld oppstod i sjølve koplingspunktet inne på Hydro sitt verksområde. Ordføraren veit enno ikkje kven som har ansvaret for feilen. Det gjer heller ikkje Hydro.

Informasjonsdirektør Halvor Molland opplyser til NRK at dei har sett ned ei gruppe som skal finne årsaka til at straumen gjekk.

Ifølgje Molland kan det månader før verket i Øvre Årdal er tilbake i full produksjon. Han seier det berre blir spekulasjonar om kor nær ein var at det kunne gått gale med heile produksjonen.

– Vi hadde gode operatørar på plass som klarte å halde anlegget i gang lenge nok til at vi kunne starte produksjonen igjen då straumen kom tilbake.