Det var litt etter klokka 17 fredag at straumen gjekk i store deler av Øvre Årdal – inkludert Hydro sitt metallverk.
– Det gjorde at elektrolyseprosessen stogga opp, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro.
Hydro kan framleis ikkje seie noko om kvar problemet med straumtilførselen oppstod.
– Frå vår side har vi no sett ned ei gruppe som skal finne årsaka til at straumen gjekk, og det er difor litt for tidleg for å seie noko om moglege årsaker.
Alvorleg situasjon
Då straumen kom tilbake i 20-tida var situasjonen
.– Straumen var vekke i nær tre timar, og så gjekk det ytterlegare ein time før vi fekk straum tilbake i produksjonen. Det er svært lenge i aluminiumsproduksjon, seier Molland.
– Dersom de hadde vore utan straum ein time til så hadde aluminiumen byrja å størkne i omnane, kor dramatisk vil du seie situasjonen var?
– Når straumen er vekke så lenge som den var på fredag, så er det ein situasjon vi er lite glade for. Det var svært alvorleg for verket. Men vi hadde mange dyktige operatørar på plass, og er i dag glade for at vi har fått produksjonen i gang igjen.
På spørsmål om kor nær ein var at det kunne gått gale med heile produksjonen, seier Molland at det berre blir spekulasjonar.
– Vi hadde gode operatørar på plass som klarte å halde anlegget i gang lenge nok til at vi kunne starte produksjonen igjen då straumen kom tilbake, seier Molland.
Økonomiske tap
Ti prosent av omnane ved smelteverket i Årdal er no ute av drift og Hydro reknar med at det kjem til å gå fleire månader før dei er tilbake i full produksjon. Dermed er det og klart at ekstremvêret Tor
, utan at Molland i dag vil vere konkret på kor store tap ein snakkar om.– Det vi kan seie er at det vil ha ein avgrensa kostnad for Hydro. Vi kompenserer no kundane våre ved å smelte om kaldt metall, seier Molland.