Hopp til innhold

Friluftslivet vart kalla «miljøversting» – no skal hyttene kvitte seg med dieseleksosen

Kvart år vert 176.200 liter diesel frakta til fjells. No har regjeringa og turistforeininga fått nok av dieselaggregata.

Solcellepanel på Stranddalen Turisthytte i Suldal.

STRANDDALEN: På Stranddalen turisthytte i Suldal er torvtaket erstatta med 130 solcellepanel. Til prisen 6,5 millionar kroner.

Foto: Marte Skodje / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Langt inne i Jotunheimen, i Guds friaste natur, ligg turisthytta Skogadalsbøen.

Bilveg og straumnett finst ikkje, så kvart år må 12.000 liter diesel flygast inn med helikopter.

I duren frå eit dieselaggregat får hytta straumen som gjestene treng.

I alt har 14 DNT-hytter dieselaggregat som hovudkjelde til straum. Til saman blir det 176.200 liter diesel og mange turar med helikopter.

– Ein miljøversting

– Friluftsliv er ein miljøversting, sa Per Ingvar Haukeland, seniorforskar på institutt for friluftsliv ved Universitetet i Søraust-Noreg til NRK i 2019.

Men no tek Den Norske Turistforening (DNT) tak.

– Det blir trivelegare når vi får vekk lyden frå dieselaggregatet og eksoslukta. Så dette er bra for gjestene og bra for klimaet, seier Jan Erik Reiten, eigedomssjef i DNT.

I den nye berekraftstrategien lovar organisasjonen «å avvikle bruk av diesel for å produsere straum til drift av betente turisthytter som ikkje er knytt til straumnettet».

Så kjem eit lite atterhald: «så langt det er mogeleg».

– Målet er at vi skal erstatte alle aggregata med energi frå sol og vatn innan 2030, seier Reiten.

Hytte mellom to fjell

FOSSILFRI: Skogadalsbøen i Jotunheimen blir etter planen fossilfri i løpet av eit par år.

Foto: Erlend Jones Solfjeld / NRK

Frå dieselaggregat til mikrokraftverk

Denne veka vart det kjent at Hydro gir 750.000 kroner til eit mikrokraftverk på Skogadalsbøen. Hytta ligg i Luster i Sogn og Fjordane.

Konsesjonen frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er allereie i boks.

– Finansieringa er ikkje helt i mål, men dette klarer vi å få til, seier Henning Hoff Wikborg i DNT.

Iungsdalshytta i Skarvheimen gjorde hamskiftet frå dieselaggregat til mikrokraftverk for tre år sidan.

På Stranddalen turisthytte i Suldal er torvtaket erstatta med 130 solcellepanel. Til prisen 6,5 millionar kronar.

Også Rauhelleren turisthytte er sjølvforsynt med solenergi.

I samarbeid med Enova ser DNT for seg å fase ut dieselaggregatet ved enda ti hytter. Dei føreslåtte løysingane avheng av kor hyttene er plassert.

Nokre hytter kan knyttast til straumnettet via nedgravne kablar, medan det andre stader er aktuelt med solcellanlegg eller mikrokraftverk.

Hans Olav Lægreid, hyttevert på Rauhelleren turisthytte, bruker hester til å frakte inn maten til sultne fjellturister.

HYTTEVERT: Hans Olav Lægreid, hyttevert på Rauhelleren turisthytte, bruker hestar til å frakte inn maten til svoltne fjellturistar.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Statsråden greip inn

Frå før har Heinseter Turisthytte på Hardangervidda nytta vind til straum.

Men i 2019 sa Statsforvaltaren nei til vindmølla fordi innehavaren ikkje kunne dokumentere at ho produserte 70 prosent av energibehovet til hytta.

– Vindmølla er eit inngrep i ein nasjonalpark. For å forsvare inngrepet må straumproduksjonen vere ganske høy. Det har dei ikkje dokumentert. Difor må ho ned, sa seksjonssjef Ellen Lien.

I tolvte time greip statsråden inn og overstyrte statsforvaltaren.

– Eg har endre vedtaket. Vindmølla får stå. Vi ønsker å fjerne dieselaggregat frå alle turisthytter. Da blir det meiningslaust å rive denne vindmølla, sa miljøvernminister Ola Elvestuen.

Rauhelleren på Hardangervidda er eksempel på ei hytte som ikkje har vassdrag i nærleiken. Utan vatn – eller mykje vind – er hyttene prisgitt solenergi.

Ekspertutvalg om farlig avfall presenterer sin rapport

VEKK MED DEI: Vi ønsker å fjerne dieselaggregat frå alle turisthytter, sa miljøvernminister Ola Elvestuen i 2019.

Foto: Ole Berg-Rusten

– I mål om ni år

I vinterhalvåret kan det vere utfordrande, seier Trygde Sunde Kolderup, seksjonsleiar for natur og berekraft i DNT.

– Dei åra påsken kjem tidleg kan det vera vanskeleg å få nok straum på alle hyttene, seier han.

Han er likevel optimist.

– Vi skal ta hytte for hytte, og vere i mål om ni år, seier han.

Solcellepanel blir installert på Rauhelleren turisthytte på Hardangervidda. Dag Terje Solvang, generalsekretær i DNT og daglig leder Simon Torgersen i DNT Drammen følger begeistret med.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK