Hopp til innhold

Brukar tid på attestar til forkjølt ungdom – mens 200.000 står utan fastlege

Etter pausen under pandemien må legar igjen bruke tid på attestar til forkjølte vgs-elevar som fryktar fråværsgrensa. No krev Allmennlegeforeningen at noko må skje.

Emilie Skrede og Henrik Stavland

MÅ HA LEGEATTEST: Emilie Skrede og Henrik Stavland ved Hafstad vidaregåande skule seier at fråværsreglane ofte blir snakka om.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg forstår godt at dei frustrerte over å måtte bruke unødvendige ressursar på dette, seier Henrik Stavland.

17-åringen er elev ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Han får støtte frå venninna Emilie Skrede.

Ho trur ordninga fører til mindre fråvær, men at den fungerer dårleg slik den er i dag.

I haust blei fråværsgrensa i den vidaregåande skolen innført att etter unntak under pandemien. Dette fører at mange elevar tek kontakt for å få dokumentert sjukefråværet sitt.

– Meiningslaust

Leiar Nils Kristian Klev i Allmennlegeforeningen seier det er heilt feil bruk av legeressursar i ein pressa fastlegesituasjon.

Vi har over 200.000 nordmenn som står utan fastlege. Det å bruke ressursar på dette som ikkje handlar om medisin, diagnostikk eller behandling, meiner vi er heilt feil.

Han legg til:

– Vi skal sjølvsagt gi legehjelp til dei som treng det, men vi opplever at veldig mange av dei som tek kontakt fint hadde klart seg utan lege og at dette er ein administrativ prosedyre for skolen for å sikre dokumentasjon på fråvær.

Nils Kristian Klev, leder for Allmennlegeforeningen

KRITISK: Nils Kristian Klev, leiar for Allmennlegeforeningen, meiner at mange av ungdom som tek kontakt fint kunne klart seg utan lege. (Arkivfoto)

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Han får støtte av fungerande kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

Dette er noko av de mest meiningslause vi driv med i helsevesenet. Dette er ei av ordningane som er heilt på trynet i forhold til dei ressursutfordringane vi har.

Tilbake etter pandemien

Det var hausten 2016 det blei det innført ei fråværsgrense i vidaregåande skole. Målet var å få ned både fråvær og fråfall. Dette inneber, som hovudregel, at elevar som er vekke meir enn 10 prosent av undervisninga i eit fag utan dokumentasjon, ikkje får standpunktvurdering i faget.

Under pandemien innførte regjeringa mellombelse unntak for dokumentasjonskravet ved helserelatert fråvær.

Men etter sommarferien innførte regjeringa på ny dei vanlege fråværsreglane på ungdomsskolen og i vidaregåande skole.

Og dette merkar legekontora.

– Vi har 2–5 elevar kvar einaste dag knytt til behov for attestar. Det er svært få av dei som hadde søkt lege om ikkje fråværsgrensa og dokumentasjonskravet var til stades, seier Dale i Florø.

Jan Helge Dale

Kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommunar er frustrert over ordninga slik den er i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mange tek kontakt

– Vi har ikkje kapasitet til å tilby legetimar utan medisinsk grunn, seier kommuneoverlege Jan Ove Tryti i Sogndal.

Der får elevane ein standardattest på at dei har teke kontakt og meldt frå om sjukdom.

Også ved Førde legesenter er det travelt om dagen.

– Første halvannan time er nokre dagar over 50 prosent av telefonane elevar som vil ha registrert fråvær, seier medisinsk ansvarleg Roy Båtevik.

Ventar i spenning på evaluering

Midt i høgsesongen for hoste, snørr, influensa og korona, håper Allmennlegeforeningen at ordninga snarast blir evaluert.

No står vi framfor ei tid med mykje sjukdom og dette vil føre til eit større trykk i ei allereie pressa helseteneste, seier leiar Nils Kristian Klev.

Han seier det blir jobba både mot politisk leiing og mot departementet for å finne løysingar.

Vi er lova at det skal komme ein gjennomgang, og at det skal bli sett på nytt. Med influensaseong er belastninga på dette her og no, og det hjelper lite at dette kjem til våren. Vi tykkjer det tek lang tid. Vi kunne tenkt oss at unntaket hadde blitt vidareført til ei ny ordning er på plass.

Sindre Lysø (Ap), statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

STATSSEKRETÆR: Statssekretær Sindre Lysø i Kunnskapsdepartementet seier at dei har opna for at andre grupper kan dokumentere helserelatert fråvær, som til dømes psykologar og tannlegar.

Foto: Jens Driveklepp

Forstår frustrasjonen

– Vi har full forståing for at det er frustrasjon blant legane i desse dagar der arbeidspresset er stort. Dette er ei uro vi må ta med oss, seier statssekretær Sindre Lysø (Ap) i Kunnskapsdepartementet.

– Det vi har førebels har gjort, er at vi i år har opna for at andre grupper kan dokumentere helserelatert fråvær i skolen, som psykologar, fysioterapeutar, tannlegar og helsesjukepleiar.

Ein rapport frå Fafo i 2020 såg på korleis dei tre første åra med ordninga hadde vore. Funna var mellom anna at fråværet var betydeleg redusert, men også frustrasjon hos legar og elevar.

Lysø seier dei ønskjer seg ei fråværsordning som er meir fleksibel og mindre byråkratisk enn dagens modell.

– Akkurat korleis det kjem til å sjå ut i framtida vil vi måtte komme tilbake.

Det er Utdanningsdirektoratet som hatt fått i oppdrag å komme med forslag til moglege endringar i regelverket. Ei utgreiing er venta i løpet av neste år.