Hopp til innhold

Kjenner ikkje att «Makta»-Førde: – Framstilt som ei fyllebøtte som pusha brennevin

Framstillinga av Einar Førde i NRK-serien «Makta» skaper reaksjonar. I heimkommunen Høyanger likar dei ikkje korleis den tidlegare Ap-nestleiaren blir framstilt.

Einar Førde, Ivar Leveraas og alkohol foran Ap-toget i Makta

MAKTA: Nader Khademi (Einar Førde) og Manish Sharma (Ivar Leveraas) saman med alkohol og Ap-toget i ei av scenene i «Makta».

Foto: NRK

Einar Førde var kjent som ein mann med ordet i si makt, og ein sylskarp og drepande replikk var aldri langt unna.

Som han sjølv har sagt det: «Du veit eg kjem frå den delen av landet kor det ikkje er noko som heiter høvisk tale. Det dreiar seg om grader av sjikane.»

Men i den nye norske TV-serien «Makta» er det ingen flåkjeft frå Vestlandet vi møter.

– Det er ikkje Einar Førde slik som han var, han manglar både språket og dialekten, seier Torill Kirkebø Jdaini.

Torill Kirkebø Jdaini.

Torill hugsar Førde som ironisk, direkte og velformulert frå talarstolen.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / Matilde Sunde Solsvik

Rundt kafebordet i heimbygda til Einar Førde får tolkinga av han i den nye TV-serien det glatte lag.

Serien handlar om tida då Gro Harlem Brundtland vart statsminister. Førde er mellom fleire sentrale politikarar som er portretterte.

Arvid Lillehauge var partifelle med Førde og har følgt han heile livet. Han meiner karakteren ikkje er til å kjenne att.

– Eg kan vanskeleg tenke meg noko alternativ som er verre enn det dei har funne no.

Partifelle og mangeårig ordførar i Høyanger, Kjartan Longva er ikkje mildare i sin kritikk.

– Hadde Einar Førde levd i dag, hadde han vore skaka over at han snakkar bokmål i TV-serien. Han var nynorskmann ut til fingerspissane.

Kjenner ikkje igjen Einar Førde i NRK-serien Makta. Fv. Kjartan Longva og Arvid Lillehauge.

Det er ikkje nokon som kan kjenne igjen noko av Einar Førde slik han no vert framstilt i «Makta», seier Arvid Lillehauge.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / Matilde Sunde Solsvik

– «Makta» er ein fiksjonsserie

Medan mange av karakterane er karikert nær opp til slik dei var, er nynorskmannen Førde framstilt som ein enkel, festglad gut frå Austlandet.

Produsent Vilje Kathrine Hagen vedgår at dei har teke seg fleire fridommar.

– No er jo makta ein fiksjonsserie som er basert på sanning, løgn og dårleg minne. Vi har ikkje hatt som mål å rekonstruere røynda slik det var. Nokre av karakterane liknar og har særtrekk frå dei verkelege personane, andre ikkje.

Meiner broren vert framstilt som eit ufordrageleg svin

– Han er jo nærast framstilt som ei fyllebøtte som pusha brennevin på alkoholikarar, og som legge labbane sine på Eva Bratholm og andre damer.

Reidun Førde meiner broren vert framstilt som eit ufordrageleg svin i TV-serien.

– Sjølv om det står at serien er basert på sanning, løgn og fri fantasi, så vil det sitte mange rundt om og tru at det er sant det dei ser.

Professor i medisinsk etikk, Reidun Førde.

Reidun Førde er systera til Einar, og kunne ønske at det politiske mennesket kom betre fram.

Foto: Robert Rønning / NRK

Fascinert over reaksjonane

Nader Khademi, som spelar Einar Førde i TV-serien, er fascinert over reaksjonane.

– Vi snakka jo mykje om dette i starten og kom svært fort fram til at det vi kjem til å gjere er å portrettere ein energi.

I NRK-podkasten «Seriesnakk» snakkar han meir om «Makta».

– Det å skulle sjå ut som, eller høyrast ut som Einar Førde er bokstavleg talt eit umogleg prosjekt. Eg veit ikkje kvifor folk har dette enorme ønsket.

Og produsenten meiner Khademi var det rette valet.

– Vi meiner at Nader Khademi var den perfekte til å spele Førde. Han har den energien og tonen som vi ynskte at Einar Førde skulle ha, seier Hagen.

Nader Khademi hos Lindmo

Nader Khademi er fascinert over reaksjonane han vekkjer i rolla som Einar Førde.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Skal sjå heile serien

For mange ligg det identitet og stoltheit i heimstad og dialekt, og dermed også i lokale heltar. Einar Førde var viktig for fleire i Høyanger og mange var stolte over han, og vil at han skal framstillast rett.

– Eg sette pris på Einar. Han var ofte heime i Høyanger, seier Longva.

Den tidlegare ordføraren legg ikkje skjul på at dei brukte Førde som ein døropnar inn mot Oslo.

– Uansett korleis han vert framstilt i «Makta», så var han ein maktperson i partiet som hadde innflytelse. Eg kjem nok til å sjå resten av serien. Ikkje minst for ergre meg over «Einar Førde».