Hopp til innhold

Forventar rush av sjukemeldingar i jula – dette har du krav på

Du kan få erstatta tapte feriedagar. Men det er enkelte ting det er viktig å hugse på.

Bilete frå fastlegekontor. I bakgrunnen: Fastlege Anders Rose, Skei, Sunnfjord kommune

STOR PÅGANG: Denne jula er legane førebudde på at mange pasientar tek kontakt med influensa og andre luftvegssjukdommar.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Legar over heile landet førebur seg på stor pågang av pasientar, både i romjula og i tida etter nyttår.

Også fastlege Anders Rosø på Skei i Sunnfjord kommune. Dei siste vekene har kommunen hatt ein kraftig auke av ulike virussjukdommar som korona og influensa.

– Vi er er godt førebudde og har god trening frå pandemien.

Anders Rose, fastlege, Skei, Sunnfjord kommune

Fastlege Anders Rosø i Sunnfjord kommune er spent på kor stor pågangen blir denne jula. Han trur smittetoppen kjem på nyåret.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Denne jula kan fort bli som «den perfekte stormen»: Ulike faktorar som slår til på ei og same tid, som fører til at mange kjem til å ligge langflate dei neste dagane.

I den siste vekerapporten til Folkehelseinstituttet (FHI) blir det vist til at influensa er kraftig på frammarsj, med ei dobling av innleggingar den siste veka.

Forskjølelsesviruset RS aukar framleis, med flest innleggingar hos barn under fem år. Epidemiar av luftvegsinfeksjonar aukar raskt og vil i tida som kjem «gi stor belastning på helsetenesta».

Covid-19 er framleis på eit høgt nivå. På toppen av det heile er sesongen med omgangssjuke med norovirus like om hjørnet.

Det er vanleg med mykje smitte i jula. I år er det nok verre fordi det har vore lite av desse sjukdomane dei siste par vintrane. Då var det mange som ikkje blei smitta, og dei har no dårlegare immunitet, seier fagdirektør i Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland.

Les også Skole holder stengt – over halvparten av de ansatte er sjuke

Tomme pulter

Krav til sjukemelding

Blir du sjuk i jula, har du krav på å få erstatta feriedagar du har teke ut.

Advokat i LO, Kristin Bomo, viser til at det er enkelte ting det er verdt å hugse på.

Det kan summerast opp slik:

1. Det er mogleg å få tilbake tapte feriedagar, sjølv om sjukdommen slår inn på slutten av året. Lova gir opning for å flytte feriedagar til året etter.

2. Ved sjukdom må du kontakte lege og få legeerklæring for å få igjen tapte feriedagar. Det held ikkje med eigenmelding.

– I lova står det at den må leggast fram «utan ugrunna opphald» etter at arbeidet er teke opp igjen. Det betyr at ein må legge fram legeerklæringa så snart det er praktisk mogleg etter ferien, seier Bomo.

Det er også verdt å merke seg at julaftan i år er på ein laurdag, dermed vil det vere fleire «kvardagar» i romjula enn normalt. Skal du ha fri heile jula må du ta ut fire feriedagar for å dekke opp, frå tysdag til fredag.

Det er desse dagane du eventuelt får erstatta dersom du er sjuk, ikkje helligdagane.

forkjølelse

Du får ikkje erstatta tapte feriedagar utan å kontakte lege.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

Ta kontakt i tide

Leiar for Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Klev, seier fastlegar rundt omkring i landet er førebudde på stor pågång nettopp i år.

– Det er vel fare for at dette blir ei travel tid.

Sjølv om ferielova gir rett til å få tilbake tapt ferie ved sjukdom, presiserer han at du må vere reelt sjuk.

– Kravet gjeld berre dersom du er 100 prosent sjukemeld. Det skal vere ein sjukdom som gjer at du ikkje kan jobbe.

Med andre ord: Er du litt «pjusk», der du kan jobbe til dømes 50 prosent, så er det kanskje like greitt å ikkje prøve å få tak i legen.

– Eg vil råde folk til å vurdere nøye behovet før dei kontaktar lege, dersom det ikkje er medisinsk behov.

Nils Kristian Klev, leder for Allmennlegeforeningen

Du må kontakte lege når du faktisk er sjuk, ikkje veka etter når du byrjar å bli frisk igjen, seier leiar for Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Klev.

Foto: Thomas B Eckhoff / Den norske legeforening

Men om du merkar at du er 100 prosent arbeidsufør, så er det viktig å kontakte lege når du blir sjuk. Det er for seint å ta telefonen etter nyttår når du nærmast har blitt frisk igjen.

– Ein må tidlegast mogleg ta kontakt for å dokumentere behovet. Det nyttar ikkje å kome i etterkant å hevde at ein har vore sjuk.

Toppen truleg over nyttår

FHI trur dei høge smittetala kjem til å halde seg gjennom jula, og over nyttår.

Preben Aavitsland seier jula kan legge ein viss dempar på smittespreiinga, fordi mange då er vekke frå jobb og skule og at det så vil auke igjen i byrjinga av januar.

Eg er redd dette snur først eit stykke ut i det nye året, seier fagdirektøren.

Men nivået på smitten er frå før skyhøgt så langt i desember, langt høgare enn normalt.

Ser vi berre på talet på nye innleggingar på sjukehus, så er det no rundt 500 fleire per veke enn på same tid før pandemien.

Ettersom det allereie er såpass mykje smitte overalt i Noreg og Europa kan folk berre reise som normalt, utan at det har noko av betydning å seie for smittetala, ifølge FHI.

Preben Aavitsland

Preben Aavitsland i FHI seier mange kjem til å bli sjuke denne jula, men trur smittetoppen kjem først over nyttår.

Foto: Kjartan Bjelland / FHI