Hopp til innhold

Forsvarsbygg saksøker Norconsult for feil på helikopterhangar på Haakonsvern

Forsvarsbygg krev 21 millionar kroner pluss renter for fleire feil på den nye helikopterhangaren på Haakonsvern. Dei meiner konsulentselskapet må ha visst om manglane.

Helikopterhangaren på haakonsvern

HANGAR: Helikopterhangaren på Haakonsvern er ein del av den nye helikopterbasen som skal huse dei nye NH90-helikoptera.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

NRK rettar: I ein tidlegare versjon av saka stod det at staten krev Norconsult for 38 millionar. Det riktige er at staten krev Norconsult for 21,4 millioner, i tillegg til forseinkingsrenter for 17,3 millioner av desse.

Forsvarsbygg meiner konsulentselskapet Norconsult gjorde ei rekke feil etter at dei i 2013 fekk i oppdrag å teikne den nye helikopterbasen på Haakonsvern i Bergen:

  • For få folk blei sett av til å følge opp prosjektet med å bygge ny helikopterhangar.
  • Teikningane ein skulle bygge etter var for dårlege, og blei forseinka.
  • Feil verktøy blei bestilt for millionar, og kunne ikkje brukast til å reparere dei nye helikoptera.
  • Eit nytt brannsløkkingsanlegg som blei bygd ville berre dekke delar av helikopterkroppen ved brann.

Norconsult hadde ansvaret for å teikne og prosjektere den nye hangaren.

– Forsvarsbygg meiner at det var manglar med oppdraget Norconsult utførte knytt til helikopterbasen, seier advokat Kristin Aarvik hos Regjeringsadvokaten.

No har staten saksøkt Norconsult og krev 21 millionar kroner, pluss forseinkingsrenter. Regjeringsadvokaten fører saka på vegner av Forsvarsdepartementet og Forsvarsbygg når ho kjem opp i Bergen tingrett i slutten av månaden.

Norconsult avviser alle krav og nektar for dei fleste påstandane frå Forsvarsbygg om prosjekteringsfeil. Det går fram av sluttinnlegget dei skal legge fram i retten.

– Eg har ikkje nokon kommentar utover det som står i vårt sluttinnlegg, seier advokaten til Norconsult, Gunnar Sørlie.

Helikopterhangaren på Haakonsvern

BASE: Basen på Haakonsvern kosta 291 millionar kroner, ifølgje Forsvarsbygg.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Forseinka opning

Den nye hangaren på marinebasen på Haakonsvern blei på høgtideleg vis opna i september 2016. Med helikopteroppvising og tale frå dåverande forsvarsminister Ine Eriksen Søreide presenterte dei hangaren.

Den skulle huse seks av dei nye prestisjehelikoptera til Forsvaret.

Opninga var alt forseinka. Bygginga hadde vore utsett med 60 veker. Staten meiner at Norconsult har skuld i 32 av desse vekene.

Ifølgje Forsvarsbygg kosta prosjektet totalt 291 millionar kroner.

Ine Marie Eriksen og Haakon Bruun-Hansen i hangar på haakonsvern i 2016

OPNING: Då basen blei opna tala dåverande forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Her ser ho på ei helikopteroppvising i lag med forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Medviten nedprioritering

Rettssaka blir omfattande og langvarig. Staten vil kalle inn 18 vitne, og saka skal vare i seks veker.

– Saka handlar om ei rekke tilfelle av manglande prosjektering samt prosjekteringsfeil. Det var utfordringar knytte til ressursar, bemanning og oppretting av eigne feil, seier advokat Aarvik hos regjeringsadvokaten.

Staten meiner Norconsult måtte ha visst om manglane i planen, og at dei medvitne nedprioriterte oppdraget.

«Staten meiner det kan stilles spørsmål ved om det foreligger forsett», skriv Regjeringsadvokaten i sitt sluttinnlegg.

Aarvik vil ikkje utdjupe påstanden om forsett. Heller ikkje Norconsults advokat Sørlie vil svare på denne skuldinga.

– Dersom du er i tvil om kva dei meiner, må du spørje staten. Som utgangspunkt er vi ikkje einige i det som står i deira sluttinnlegg, men vi kommenterer ikkje saka i forkant av rettssaka, seier han.

Norconsult skriv i sluttinnlegget sitt at dei ikkje er einige i påstanden frå Forsvarsbygg om grov aktløyse. Dei meiner dessutan kravet er forelda og for høgt og at det uansett ikkje er grunnlag for erstatning.

Helikopter på helikopterbasen på Haakonsvern

KRAFTIG FORSEINKA: NH90-helikoptera blei bestilt i 2001. Først i 2025 vil alle 14 vere fullt operative.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

«Skandalehelikoptera»

Helikopterbasen på Haakonsvern har ei lang og vanskeleg historie. I 2012 raste naboar mot planane. Dei frykta støy og trafikk.

I 2014 kom det fram at Forsvaret ikkje hadde søkt om landingsplass.

Då NRK dekka opninga i 2016, var ikkje helikoptera basen skulle huse levert. Tre år etter har Noreg berre fått levert åtte av 14 maskiner. Først i 2025 vil dei vere fullt operative, 24 år etter at helikoptertypen blei bestilt.