Hopp til innhold

Norske forskarar vil revolusjonere MS-behandlinga med billegare medisin

HAUKELAND (NRK): Forskarar skal finne gode medisinar mot MS som kan hjelpe opp mot 30 pasientar for prisen det kostar å behandle éin pasient.

Reidun Tjønn Rinde

MS-PASIENT: Reidun Tjønn Rinde har fått medisinar som fungerer, men dei er kostbare.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I dag kostar den mest effektive medisinen mot Multippel sklerose (MS) fleire hundre tusen kroner for kvar pasient.

Ein av dei som har nytte av den er Reidun Tjønn Rinde. I 18 år har ho kjempa mot sjukdomen. No ser ho resultat.

På MR-bileta finn overlege Øivind Torkildsen dei små kvite flekkane på hjernen som er typiske for MS.

Men dei skadde områda har ikkje blitt større på fleire år.

– Fantastisk. Det er fordi eg no har fått effektive medisinar. Dei har gjort at eg har fått livet tilbake, seier Rinde.

– Ventar for lenge

Men det gjekk mange år før ho fekk den mest effektive medisinen. Den er nemleg for dyr til at dei som berre er lett råka av MS får den.

Multippel sklerose er ein sjukdom der kroppen sitt eige immunsystem angrip deler av sentralnervesystemet.

– Noreg har gode behandlingar av MS. Men problemet er at ein ventar for lenge med den dyre og effektive medisinen. Det gjer at unødvendig mange får skader på hjernen, seier overlege Øivind Torkildsen.

Han jobbar på nevrologisk avdeling på universitetssjukehuset i Bergen, og er ein av dei som står bak forskinga som vil gjere effektiv behandling så billig at alle kan få den, så tidleg som mogleg i sjukdomsforløpet.

overlege Øivind Torkildsen ved Haukeland universitetssjukehus

OVERLEGE: Øivind Torkildsen er overlege på nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus og står bak eit forskingsprosjekt for å gjere effektiv MS-behandling så billig som mogeleg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

D-dag

Forskarane trur at dei i framtida kan behandle 20–30 pasientar for prisen det kostar å behandle éin pasient i dag.

Dei trur dei kan bevise at ein billig medisin, tenkt for andre sjukdommar, vil kunne fungere like bra som den dyre.

Prosjektet har dei kalla «Overlord», kalla opp etter dei allierte sitt kodenamn for landgangen i Normandie i 1944. Forskarane trur prosjektet kan bli ein D-dag i kampen mot MS.

– Vi føler oss trygge på at ein billig medisin vil virke like bra som den dyre.

– Kvifor trur du den er like effektiv?

– Den har dei same verkestoffa som den dyre medisinen. Og så har vi allereie testa den med gode resultat.

MS-forsking Haukeland, billigere medisin Overlord

«Overlord»

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Råkar mange unge

Reidun Tjønn Rinde gler seg over at Torkildsen og dei andre forskarane jobbar for å sikre effektiv behandling – også til dei som ikkje har kome så langt i forløpet.

– Det er mange unge som får ein MS-diagnose. Det er heilt avgjerande at dei får den beste behandlinga så raskt som mogeleg, meiner ho.

På Haukeland trur dei at «Overlord» kan bli eit nytt og stort steg i rett retning.

– Eg trur at MS-pasientar kan leve lange og gode liv i framtida, seier Torkildsen.

No søkjer dei samarbeid med andre universitetssjukehus for å sørge for at fleire får nytte av forskinga.