Hopp til innhold

Forskarar veit ikkje kvar villaksen vandrar – staten vil ikkje vente med oppdrett til havs

Storsatsing på fiskeoppdrett langt til havs kan skada den truga villaksen, fryktar havforskar. Fiskeridirektoratet avviser å kartlegga kvar villaksen vandrar.

Havmerden ankommer Trøndelag

STOR OG STERK: Salmar etablerte i 2017 havmerden «Ocean Farm 1» på Frohavet mellom Frøya og Fosen i Trøndelag. Stålkonstruksjonen har plass til 1,5 millionar laks.

Foto: Petter Moen Nilsen/NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Lakselus og rømming frå ei storstilt satsing på havbruk til havs kan skada den truga villaksen i norske elvar, fryktar forskar Vidar Wennevik ved Havforskingsinstituttet

– Særleg når villaksen no står på raudlista over truga artar, bør me vera føre var og skaffa oss kunnskapen best mogleg på førehand. Før me set i gang aktivitet som vil ha miljøpåverknad på laksen, seier han.

Det er mange usikkerheitsfaktorar her. Mykje ukjent som burde vore utgreidd nærare.

Vidar Wennevik, Havforskingsinstituttet

Regjeringa varsla i november satsing på tre store havbruksområde med gigantiske oppdrettsanlegg i ope hav: Område utanfor Jæren, Trøndelag og Lofoten/Helgeland skal konsekvensutgreiast.

– Vi legg til rette for ytterlegare vekst i ei næring som allereie gir store verdiar til fellesskapet, sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Pionerprosjektet «Ocean Farm 1» gir eit inntrykk av dimensjonane i havbruk til havs.

Vidar Wennevik, Havforskingsinstituttet

– Me bør vera føre var, og vita meir om laksens vandringsruter før store område blir opna for havbruk langt til havs, seier havforskar Vidar Wennevik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nemnde ikkje villaks

Ein fersk SINTEF-rapport anslår at mot år 2050 kan havbruk til havs og ringverknadseffektar gi 100 milliardar kroner i årleg verdiskaping og mange titals tusen arbeidsplassar.

– Sameksistens med andre næringar og omsyn til gytefelt og oppvekstområde står heilt sentralt i prosessen som no startar, sa Skjæran.

Vandringsrutene for villaks nemnde han ikkje.

Tre føreslåtte område for havbruk til havs (HTH): Trænabanken (5) sørvest for Lofoten, Frøyabanken nord (11) utanfor Trøndelag og Norskerenna sør (2) utanfor Jæren.

Dei tre føreslåtte områda for havbruk til havs (HTH) er Trænabanken (5) sørvest for Lofoten, Frøyabanken nord (11) utanfor Trøndelag og Norskerenna sør (2) utanfor Jæren.

Foto: Fiskeridirektoratet

Lakselus og rømming

Wennevik seier havforskarane veit veldig lite om kvar norsk, svensk, dansk og britisk villaks vandrar gjennom norske farvatn på si årlege vandring mellom elvane og havområda for å beite.

– Me har avgrensa kunnskap. Me veit ein del om korleis laksen vandrar i fjordane, men når det gjeld oppdrett i havet er usikkerheita stor, fordi me ikkje kjenner vandringsrutene der, seier han.

Ei av bekymringane til forskarane er viss lakselus frå dei enorme merdane langt til havs kjem i tillegg til dei store problema med lakselus-smitte frå oppdrettsanlegga inne i fjordar og skjergardar.

Me kan risikera å få ei dobbelsmitte. Først møter villaksen oppdrettssanlegg langs kysten, med lusesmitte i ein del område. Så kan den igjen bli smitta på nytt, med endå fleire lus, ute i havet.

Vidar Wennevik, Havforskingsinstituttet

Dessutan meiner Wennevik at fisk som rømmer frå anlegg ute i ope hav, kan spreia seg til eit langt større område enn fisk som rømmer frå anlegg nær kysten.

Lakselus

Lakselus er eit stort sjukdomsproblem i fiskeoppdrett som også smittar over på dei truga villaksstammane i norske fjordar.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Avviser forsking før satsing

For å få meir kunnskap om laksevandringane, må det ifølge Havforskningsinstituttet samlast inn meir laks frå havet. Anten med tråltokt i juni over fleire år, eller ved lydmerking av postsmolt.

Det meiner Fiskeridirektoratet er uaktuelt før områda blir opna for oppdrett:

Etter Fiskeridirektoratets vurdering innebærer dette en type grunnforskning som ikke kan forventes gjennomført gjennom konsekvensvurdering av områdene i forkant av tilrettelegging for havbruk til havs.

Fiskeridirektoratet

Havforskaren er kritisk til at Fiskeridirektoratet avviser eit krav om meir forsking om villaksvandring i forkant.

– Dei anerkjenner at det er eit kunnskapshòl, at ein ikkje veit mykje om vandringsrutene. Men samstundes argumenterer dei mot å inkludera forsking om dette i konsekvensvurderinga. Det er me usamde i. Dette burde vera ein naturleg del av konsekvensutgreiinga, seier Wennevik.

«Langvarig og kostbar kartlegging»

Fiskeridirektoratet skriv til NRK at konsekvensvurderingane skal baserast på tilgjengeleg kunnskap, og avviser ​​​​​​Havforskingsinstituttets skisse til forsking:

«Det som beskrives er langvarig og kostbar kartlegging som ikkje er vanleg å gjennomføre ved konsekvensutredninger på dette nivået.»

Wennevik meiner Fiskeridirektoratet dermed seier «Ja, me veit lite, men treng eller vil ikkje sjekka det før me går i gang.»

– Slik kan formuleringa deira tolkast. No ønsker ein sannsynlegvis å komma relativt raskt i gang med å opna desse områda for oppdrett.

  • Heile svaret frå direktoratet:

Fleire er kritiske

Også Miljødirektoratet, Mattilsynet og Klima- og miljødepartementet meiner det først trengst betre kunnskap om villaksen.

– Ja, me meiner det først må på plass ein status på det kunnskapsgrunnlaget me har; identifisera kva me manglar; kva veit me og kva må me ha av kunnskap.

Det seier seniorrådgjevar Else Marie Stenevik Djupevåg i Mattilsynet.

– Me veit ikkje nok. Det må utgreiast før ein set i gang havbruk til havs.

Salmars havmerd i Frohavet

«Ocean Farm 1» vart lansert som «rømmingssikker», men har rapportert to rømmingar: 16.000 laks i 2018 og berre 39 laks i 2020.

Foto: Morten Andersen / NRK

Midt i viktigaste vandringsområde

I Noreg er det dei store elvane i Trøndelag som leverer mest smolt, og dermed har mest laks, såkalla postsmolt, som vandrar ut i havet.

– Det eine av dei tre føreslegne områda ligg utanfor Trondheimsfjorden, litt nordvest for Hitra og Frøya. Det har me karakterisert som det viktigaste område for laks på vandring, seier Wennevik.

Det er der pionerprosjektet «Ocean Farm 1» ligg.

Men bekymringa til forskarane gjeld også dei planlagde oppdrettsområda i havet utanfor Jæren og sørvest for Lofoten. Pluss laks frå våre naboland.

– Potensielt passerer laks frå vestkysten av Sverige, frå Danmark, og frå elvar på austsida av Storbritannia. Meir kunnskap er viktig, slik at ein kan plassera områda for oppdrett til havs utanfor dei viktigaste vandringsrutene.

– Kanskje mindre risiko for lakselus

Wannevik vedgår at det også kan vera positive effektar av havbruk langt til havs.

– Dersom oppdrett blir flytta frå fjordane og ut til havs, altså redusert produksjon langs kysten, vil presset i kystområda bli mindre. Og kanskje er risikoen for å bli smitta av lakselus mindre til havs, der lusemengda blir spreidd over større område, seier han og fortsett med.

– Men viss havbruk til havs er ein måte å auka produksjonen, altså at den kjem i tillegg til dagens produksjon, vil ikkje havbruk vera positivt for villaksen. Det vil kanskje bli ei ytterlegare belastning, ifølge Wennevik.

– Havbruk langt til havs er nybrottsarbeid. Må ein då akseptera at ein ikkje veit alle konsekvensar på førehand når ein skal utvikla ei ny næring?

– Det er jo ei politisk vurdering. Ut frå eit fagleg synspunkt tenker eg me bør vera føre var, seier Wennevik.