Hopp til innhold

Forskar: – Nei til kommunereform kan ha smitta

I fleirtalet av folkerøystingane om kommunesamanslåing har folket sagt nei. Eitt nei kan ha ført til fleire nei, trur reformforskar.

Yngve Flo

I VANSKAR: Forskar Yngve Flo meiner kommunereforma er i vanskar, etter at svært mange folkerøystingar har enda med nei.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Måndag var det igjen folkerøysting i mange norske kommunar. Innbyggjarane i 47 kommunar gjekk til valurnene, og folk har sagt nei i 36 av dei.

Forskar Yngve Flo, forskar ved Uni Research Rokkansenteret, er leiar i styringsgruppa i eit forskingsprosjekt som evaluerer kommunereforma. Han trur eit nei i ein kommune kan ha gjort det lettare for andre å seie nei.

– Ein skulle normalt tru at dette med å seie nei har smitta litt, altså at reformiveren kjølnar litt når dei ser at det ikkje blir reform i nabokommunane, seier Flo.

– Kommunereforma i vanskar

Vårens tredje «supermåndag» med mange folkerøystingar over heile landet, forsterka neisida kraftig. Og det berre ein månad før fylkesmennene skal ha svara frå kommunane. Kommunereforma er i vanskar, meiner Flo.

–Ja, det er ikkje tvil om at det har vore nokre veldige tilbakeslag. Det hadde vore mykje enklare for regjeringa å nå måla sine viss det hadde vore ein del meir entusiasme, og ikkje minst viss fleire ja-kommunar hadde vore naboar med kvarandre, seier forskaren.

folkeavstemning_kommunesammenslaaing3

Han peikar på at ingen har fått moglegheit til å stemme over kommunereforma som heilskap, men tek stilling til dei lokale spørsmåla i eigen kommune.

– Eg trur det er meir velvilje generelt. Eg såg ei meiningsmåling der i alle fall 43 prosent meinte at kommunereforma allment var ein god idé.

Intensjonsavtalar utan intensjon?

Han trur mange kan ha overvurdert verdien av intensjonsavtalane som er utarbeidd. Forskaren trur det kan ha samanheng med at kommunane langt på veg har kjent seg tvungne til å utarbeide desse.

– Eg har høyrt det bli sagt at det finst mange intensjonsavtalar utan intensjonar, og det er nok noko rett i det. Kanskje dei har tenkt på det som smotthol, at om så gale skulle skje at det blir reform så har vi dette, men helst vil vi stå åleine. Og så sitt ein og ventar og ser om det går gale andre plassar, og om det gjer det, så kan ein med tryggleik seie nei sjølv, seier Flo.

Men dersom folk trur at kommunereforma no er død, så har dei nok trekt konklusjonar ut av resultata for tidleg, meiner reformforskaren.

– Det er mykje som kan skje endå. Eg trur mange forreknar seg litt viss dei tenker at så mange nei gjer at det er over og ut. Det er framleis nokre rundar ein skal gå og det kan skje uventa ting, seier han.

Innan 1. juli må kommunane gi svar til fylkesmennene, som innan 1. oktober skal sende sine vurderingar vidare til Stortinget.