Hopp til innhold

Sanner vil ikkje uttala seg som ein «sportskommentator»

– Alle lurer på kva eg tenker nå. Det som i alle fall er sikkert er at eg ikkje vil kommentera kommunereforma som ein sportskommentator, til det er ho alt for viktig, sa Jan Tore Sanner i Stavanger i dag.

sanner

BLÅMÅNDAG?: Under gårsdagens supermåndag sa berre ti av 47 kommunar ja til samanslåing. Derfor har dagen i dag blitt omtalt som nok ein blåmåndag for kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / NTB SCANPIX

Dagen etter at det blei kjent at fleire nye kommunar seier nei til kommunesamanslåing kom Jan Tore Sanner til Stavanger for å snakka om nettopp kommunereforma. Han vil ikkje sjå negativt på situasjonen.

– Det er mange som har prøvd på å avliva kommunereforma. For eit halvt år sidan var det nokon som meinte at det berre blei elleve samanslåingar. Nå ser me at det blir mange fleire enn det, så eg er optimist og ser at me får mange nye kommunar.

– Det handlar ikkje om suksess og fiasko

Det var kommuneøkonomidagar arrangert av Fylkesmannen og KS, som var høvet for Sanner sitt besøk i Rogaland. Til forsamlinga viste han frustrasjon over å bli nedringt av journalistar, som ønsker at han skal kommentera folkerøystingane.

– Det som i alle fall er sikkert er at eg ikkje vil kommentera kommunereforma som ein sportskommentator. Det handlar ikkje om suksess og fiasko, det handlar om innbyggarane og framtida deira, sa han.

Han seier vidare at det var lite å bli overraska over i går når det kom til Nord-Jæren kommune, men ønsker ikkje å kommentera kor realistisk det er at det likevel blir samanslåingar mellom desse kommunane.

– Eg ser ikkje på det som mi oppgåve å sei kven som bør og kven som ikkje bør slå seg saman. Det er i første omgang lokalpolitikarane som skal ta stilling til det. Regjeringa og Stortinget skal først konkludera neste vår.