Hopp til innhold

Kva skjer med kommunereforma når dei fleste seier nei til samanslåing?

I går sa nok eit stort fleirtal nei til kommunesamanslåing ved folkerøystingar landet over. – Sanner innser nok at denne reforma ikkje blir så omfattande som først planlagt, seier politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.

Opptelling folkeavstemning

Politisk kommentator, Lars Nehru Sand, meiner at ein allereie nå kan fastslå at kommunereforma ikkje blir det som Høgre hadde ambisjonar om.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Sandnes: 81 prosent nei. Sola: 82 prosent nei. Lund: 77 prosent nei.

Lars Nehru Sand

Lars Nehru Sand er politisk kommentator i NRK.

Foto: NRK

Dette er berre eit lite utval av overveldande nei-fleirtal frå gårsdagens såkalla «super-måndag». I 47 kommunar landet rundt skulle folke røysta på om dei ville ha kommunesamanslåing eller ikkje, og så langt ser det ifølgje NTB ut til at det berre er fleirtal for samanslåing i ti av desse.

Frå før har fleire enn 70 kommunar sagt blankt nei til samanslåing.

– Vanskeleg å sjå kontur av nytt kart

Så kva skjer eigentleg med kommunereforma når så mange seier nei politisk kommentator Lars Nehru Sand?

– Akkurat nå er den kanskje i den mest uoversiktlege fasen. Det er fleire kommunar som har doble intensjonsavtalar og som er avhengige av kva andre gjer for å kunne gjera noko sjølv. Ein annan eksfaktor er kva fylkesmennene kjem til å råda regjeringa til å gjera. Derfor er det veldig vanskeleg å ana konturen av eit nytt noregskart akkurat nå.

– I dag kjem kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Stavanger, er det ein slagen mann som kjem?

– Han ser i alle fall at dette ikkje blir den omfattande reforma som regjeringa ønska, og som dei gjekk til val på. Han ser nok likevel at det framleis er moglegheiter til å få kommunetalet ned under 400. Det er likevel vanskeleg å sei noko om kor langt ned han kjem.

Det blei nei til Nord-Jæren kommune i Sandnes og Sola.

NORD-JÆREN: Tre av folkerøystingane i går handla om Nord-Jæren kommune, som kunne blitt ein av dei største i landet med samanslåing av Sola, Sandnes og Stavanger.

Sanner får tilrådinga i oktober

– Kva skjer vidare nå?

– Kommunane skal bestemma seg innan første juli, deretter skal dei senda vedtaka sine til fylkesmannen, som innan første oktober skal laga ei tilråding til Sanner og departementet om kva som bør skje vidare i fylket sitt, avsluttar Nehru Sand.

Sjølv om folket i Sandnes og Sola ikkje vil vera med på ein Nord-Jæren kommune, håper framleis Stavanger-ordføraren at det blir samanslåing med kommunane lengre nord i fylket.

folkeavstemning_kommunesammenslaaing3