Hopp til innhold

Selskapet forsikrar 10.000 skip: – No skjer det frykteleg mykje

Sjøforsikringsselskapet Norwegian Hull Club forsikrar tusenvis av fartøy på verdsbasis. No er dei i auka beredskap grunna situasjonen i Raudehavet.

Åge Solberg peker på en skjerm. Situasjonsrommet er i rød modus.

RAUD MODUS: Denne veka har situasjonsrommet lyst raudt hjå sjøforsikringsselskapet.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Dette viser den enorme frekvensen dei siste 30 dagane i sundet her.

Sjefsskadeansvarleg Åge Solberg peiker mot kartet som er zooma inn på Bab el-Mandeb, den sørlege inngangsporten til Raudehavet som går langs Jemens sørvestkyst.

Kartet viser fleire symbol, mellom anna gule spørsmålsteikn og lilla våpen, tett i tett langsmed sundet.

– Dette representerer angrep, moglege angrep, eller angrepsforsøk, forklarar Solberg.

Frå situasjonsrommet i Solheimsviken i Bergen har Norwegian Hull Club oversikt over dei 10.000 fartøya dei forsikrar på verdsbasis. Herifrå følgjer dei med på moglege truslar, som til dømes vêr.

Eit kart over havområdet Bab al-Mandeb mellom Jemen i aust og Djibouti og Eritrea i vest. Det er mange symbolar, nokon lilla med våpen og nokon gule med spørsmålteikn, som markerer angrep eller moglege angrep og angrepsforsøk mot skip i området dei siste 30 dagane.

Symbola representerer angrep, moglege angrep, eller angrepsforsøk.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Men òg angrep.

Det har blitt ein meir aktuell trussel sidan Houthi-militsen byrja å gå til åtak på sivile skip på veg til eller med tilknyting til Israel 3. desember.

Sjøforsikringsselskapet merkar godt at det er fleire hendingar i området, og er i auka beredskap på grunn av situasjonen.

– No skjer det frykteleg mykje i eit avgrensa område. Det er mange skip som seglar gjennom Raudehavet på veg til Middelhavet.

Åge Solberg lener haka på handa i situasjonsrommet medan han følgjer med på karta.

Sjefsskadeansvarleg i Norwegian Hull Club, Åge Solberg.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Raud modus

I ein normal situasjon følgjer dei tilsette i Norwegian Hull Club med på situasjonen for kundane deira ute på havet.

Ved ei hending går situasjonsrommet i raudt.

Seinast denne veka hadde Norwegian Hull Club ein situasjon der dei gjekk i såkalla raud modus.

– Då fokuserer me på kva kan me gjere. Kva treng skipet for å avgrense tap av menneskeliv, miljøskade og verdiar?

Kor dramatisk er det?

– Det er veldig dramatisk. Men det er rolla vår som assurandør å hjelpe. Me har historisk, diverre, erfaring frå tidlegare hendingar. Den brukar me i dei situasjonane.

Raud modus i situasjonrommet. Det raude lyset blei sett på for å illustrere, ikkje på grunn av ei faktisk hending.

Raud modus i situasjonsrommet. Det raude lyset blei sett på for å illustrere, ikkje på grunn av ei faktisk hending.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Rår medlemmer til å segle rundt

Natt til fredag gjennomførte USA og Storbritannia angrep mot Houthi-militsen i Jemen, med sikte på å stanse angrep mot sivil skipstrafikk i området.

Informasjonsminister i Houthi-rørsla, Nasr al-Din Amer, har i etterkant åtvara Noreg mot å blande seg i konflikten, og uttalt at det vil vere aktuelt å angripe norske skip viss Noreg involverer seg.

Administrerande direktør i Rederiforbundet, Harald Solberg, seier det er ein uakseptabel trussel.

– Sivil skipsfart har inga rolle i dei konfliktane som går føre seg i regionen. Det er eit alvorleg angrep mot uskuldig gjennomfart når militsgrupper byrjar å angripe skip.

Han fortel at Rederiforbundet rår sine medlemmer til å segle rundt Afrika viss dei kan.

– For dei som ikkje kan segle rundt, så meiner me at alle sikkerheitstiltak må setjast i verk for å segle gjennom på ein så trygg måte som mogleg.

ucedbcpwF5A

Et jagarfly tar av frå ein militærbase for å slutte seg til fellesaksjonen mot Houthi-militsen i Jemen natt til 12. januar.

Foto: USAs sentralkommando / Reuters

Direktør i Norsk Sjøoffisersforbund, Hans Sande, er kritisk til at det framleis er norske reiarlag som nyttar passasjen gjennom Raudehavet og Suezkanalen.

– Det er ikkje tiltak på plass i området som gjer at sikkerheita kan garanterast for mannskapet om bord på eit akseptabelt nivå. Me greier ikkje beskytte fartøya mot til dømes droneangrep, og då har dei ikkje noko i det området å gjere.

Kvifor trur du dei reiarlaga gjer det likevel?

Eg vil ikkje spekulere i årsaker til at dei ikkje segler rundt. Men eg vil minne dei på at dei har eit moralsk ansvar til å vareteke mannskapa sine. Då må dei sette sikkerheita til mannskapet føre profitt.

Direktør i Norsk Sjøoffiserforbund, Hans Sande.

Norsk Sjøoffisersforbund er kritisk til at norske reiarlag framleigd brukar passasjen gjennom Raudehavet og Suezkanalen, seier Hans Sande.

Foto: Ketil Kern / NRK