Hopp til innhold

Ber om obligatorisk ID-merking av kattar

50.000 eigarlause kattar – mange av dei med sjukdomar – går lause i Noreg. Påbod om ID-merking kan berge mange katteliv, trur veterinær. Stortinget seier truleg nei.

Veterinær Anne-Marte Røys injiserer ID-merke på katten.

KAN BLI PÅLAGD: Her får kattungen Sjarmtrollet ID-merket sitt, som gjer at han kan bli identifisert og funnen dersom han skulle gå seg vill.

Foto: Sunniva Knutsen / NRK

– Dette handlar om så veldig mykje meir enn berre ein chip i nakken.

Det seier veterinær og leiar for Florø Dyreklinikk, Hanne Husebø Kristensen.

Så langt i år har klinikken behandla 125 heimlause kattar som har blitt tekne inn av Dyrebeskyttelsen Noreg Sogn og Fjordane.

Dei har fått inn sjuke kattar med infeksjonar og parasittar, magre og svoltne kattungar, og drektige kattemødrer.

Ifølge Mattilsynet er det 800.000 kattar i Noreg, der 50.000 er heimlause.

Dyrebeskyttelsen si utrekning viser at rundt 80 prosent av kattungane som blir fødde av dei heimlause kattane døyr etter kort tid.

Dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg, Åshild Roaldset, er klar i si tale:

– Det er heilt hårreisande. Vi hadde ikkje tillate dette for nokon annan dyreart. ID-merking må bli lovpålagd.

Ho, Kristensen og fleire dyrevernorganisasjonar ønsker no ei lov om obligatorisk ID-merking av kattar.

9. januar får Stortinget eit representantforslag frå Venstre om nettopp lovpålagd ID-merking av kattar på bordet.

Legg meir ansvar på eigaren

NRK har tidlegare skrive om kattungar som har vorte funne dumpa langs bilvegar, som har vorte kasta i ein søppelsekk og heimlause kattungar som frys i hel i vinterkulda. Og kvar sommar blir kattar funne svoltne ute medan eigarane er på ferie.

Kristensen trur at delar av årsaka er at katten har for låg status som kjæledyr, samanlikna med til dømes hund.

– Ein må betale for alt, ein får ikkje eit brød gratis. Men du kan få ein kattunge for ingenting. Ein hund er det derimot vanleg å betale mellom 20- og 30.000 kroner for, seier ho.

Veterinær Anne-Marte Røys injiserer ID-merke på katten Sjarmtrollet.

Det unike nummeret frå ID-merket blir registrert i ein nasjonal database.

Foto: Sunniva Knutsen / NRK

Dyrebeskyttelsen, den norske veterinærforeining og andre dyrevernsorganisasjonar har etterlyst påbod om ID-merking av katt i fleire år.

Ved å pålegge alle katteeigarar å ID-merke kattane sine, blir dei via ein chip lagt inn i ein database slik at ein kan identifisere dei. Blir dei vekke, eller påkøyrde, kan ein lett finne eigaren.

Men ikkje minst vil det bidra å ansvarleggjere eigaren, fastslår Roaldset.

– Dersom du må registrere dyret på deg sjølv, vil det bli eit meir profesjonelt dyrehald. Datafangsten legg òg til rette for at ein kan straffeforfølge når det skjer brot på dyrevelferda, seier ho.

Kattunger funnet i søppelkasse.

Desse kattungane vart funne i ei søppelkasse i oktober.

Foto: Dyrebeskyttelsen Norge

Venstre: – Det hastar

Roaldset får støtte frå Ingvild Wetrhus Thorsvik frå Venstre. Ho er ein av politikarane bak forslaget.

– ID-merking kan førebyggje dumping slik at han blir knytt til eigaren, slik at dei ikkje kan kvitte seg med katten på ein ugrei måte, seier Thorsvik.

Representantforslaget frå Venstre har som mål å sikre god dyrevelferd, førebygge dumping og legge til rette for straff ved dårleg kattehald.

Forslaget vart handsama i Næringskomiteen i november, kor det fall.

Årsaka var at fleirtalet av politikarane vil vente med å vedta konkrete tiltak til etter den nye Dyrevelferdsmeldinga kjem i 2024.

Ingvild Wetrhus Thorsvik

Thorsvik håpar fleirtalet snur i Stortinget.

Foto: Per Kåre Sandbakk

Både Sverige og Danmark har allereie vedteke lovpålagd ID-merking av katt, trekkjer ho fram. Sverige i januar 2023 og Danmark i juli 2021.

– Det er ikkje naudsynt å vente på Dyrevelferdsmeldinga. Det hastar å få på plass løysingar for å førebygge at vi får fleire heimlause kattar framover, slår ho fast.

Ho meiner dessutan at ID-merking vil gjere politiet og Mattilsynet sitt arbeid lettare, ved at ein lettare kan finne igjen eigarane dersom kattar blir dumpa eller forlatne.

Willfred Nordlund frå Senterpartiet er leiar for næringskomiteen.

Han seier det er vanleg at såkalla dok-8 forslag, som blir lagde fram av enkeltrepresentantar, blir røysta ned. Spesielt når det ligg føre eit større arbeid i Stortinget, slik som Dyrevelferdsmeldinga.

– Når Stortinget skal vedta Dyrevelferdsmeldinga neste år, er det naturleg å diskutere ID-merking av alle kjæledyr, då også katt, seier han.

Willfred Nordlund i Senterpartiet

Willdfred Nordlund (Sp) meiner det er viktig å sjå det heilskaplege dyrevelferdsbildet, og gjere vedtak etter meldinga er klar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Mattilsynet: – Manglar system

Etter ei utgreiing i 2010 vedtok Mattilsynet å ikkje anbefale lovpålagd ID-merking av katt, men no har dei endra meining.

Nina Brogeland Laache, seksjonssjef i seksjon for dyrevelferd i Mattilsynet seier dei er for å vurdere det, men at utfordringa er knytt til korleis ein kan kontrollere at dette blir etterfølgt.

– Vi kan ikkje drive rutinemessig kontroll hjå dei mange tusen katteeigarane, og vi veit heller ikkje kven vi skal fatte vedtak mot dersom vi får inn ein katt utan ID-merking. Vi har likevel meint at ID-merking og kastrering av kattar som får gå fritt utandørs er nødvendig for å redusere tal heimlause kattar og har oppfordra til dette, seier ho.

Her er veterinær Kristensen usamd.

– Vi har fleire lover som ein ikkje sjekkar kvar einaste dag, som bruk av bilbelte og krav om forsikring på bilen. Det er eit ansvar ein i dag må ta utan at det blir sjekka kvar einaste dag.