Hopp til innhold

Foreldre sterkt uroa for manglande mobbehandtering på bergensskule 

BERGEN (NRK): Foreldre ved Fridalen skule reagerer på at skulen framleis ikkje har rydda opp i eigne rutinar trass kritikk frå fylkesmannen. Høgre meiner eit mobbeombod trengst for å møte problema i bergensskulen.

Sigrid Sylta, mor til barn ved Fridalen skole

UROVEKKANDE: Sigrid Sylte er mor til to born ved skulen og blir bekymra av det tar lang tid frå saker blir avdekka til rutinane blir skjerpa.

Foto: Leif Rune Løland

– Det er urovekkande at det tek så lang tid før krava til Fylkesmannen blir oppfylt, seier Sigrid Sylte. Ho er mor til to andreklassingar ved skulen.

For snart eitt år sidan fekk Fridalen skole i Bergen fekk krass kritikk frå Fylkesmannen for manglande rutinar i handtering av mobbesaker.

Også lærarar har slått alarm om elevane og lærarane sitt miljø på skulen, og fleire har slutta.

Då beklaga rektor at leiinga ikkje hadde klart å sørge for at alle elevane hadde det bra på skulen.

Sylte meiner skulen burde få meir hjelp frå kommunen dersom skuleleiinga ikkje klarer å ordne opp i mobbeproblema på eiga hand.

– Systema må på plass slik at ein både kan fange opp, og jobbe godt med sakene som blir avdekka, seier ho.

Fridalen skole

BROT: Heile 17 av 42 lærarar ved Fridalen skule i Bergen varsla før jul i fjor om omfattande problem.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Mistar gode lærarar

Sylte får støtte frå Øyvind Tveit som også har to born ved skulen. Han fortel om ein gjennomtrekk av gode fagpersonar.

– Vi har veldig god erfaring med superflinke lærarar. Fleire har slutta, og å miste desse har vore eit stort tap for oss, foreldra og skulen som heilskap, seier han.

Tveit meiner dette syner at det er eit vanskeleg forhold mellom lærarar og leiinga på skulen.

– Men til sjuande og sist er det kommunen sitt ansvar, slår han fast.

Øyvind Tveit, far til barn ved Fridalen skole

GJENNOMTREKK: Øyvind Tveit synest det er synd at borna hans ved Fridalen skule har mista mange flinke lærarar.

Foto: Leif Rune Løland

– Har svart på alle punkt

Rektor på Fridalen skole, Rune Monsen, seier til NRK at dei har fått frist til 1. oktober med å gi fylkesmannen eit fullstendig svar etter tilsynet med skulen.

– Vi har svart fylkesmannen på alle punkt, men dei var ikkje nøgde med tre av dei. Dette skuldast at fylkesmannen tolka dokumentasjonen som blei vedlagt som skulens handlingsplan mot mobbing, medan det var eit utkast til rutinar vedrørande aktivitetsplikten, forklarar Monsen.

Monsen seier skolen samarbeider godt med både FAU og etat for skule i Bergen kommune.

Onsdag kveld vil det haldast eit møte i FAU der rektoren vil legge fram ein statusrapport om saka for foreldra.

Krev mobbeombod

Politisk går no skulepolitikar Marte Leirvåg (H) hardt ut mot skulebyråd Endre Tvinnereim (Ap).

Ho meiner han ikkje har gjort nok for å få bukt med det ho kallar eit aukande mobbeproblem i Bergen og krev etablering av eit mobbeombod.

– Vi kjem til å løfte Fridalen-saka spesielt og mobbehandteringa i bergensskulen generelt i dagens utvalsmøte, og ventar tydelege svar frå Tvinnereim. Ein bør kunne forvente meir, seier Leirvåg.

Marte Leirvåg, Høgre

KRITISK: Marte Leirvåg (H) etterlyser fleire tiltak for å få bukt med mobbing i skulane i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

I dag finst det allereie to mobbeombod i Vestland i tillegg til eit byombod. Men Bergen har ikkje eit eige mobbeombod, slik Høyre no etterlyser.

Skulebyråden meiner Bergen ikkje har eit stort mobbeproblem.

– Tala tilseier at det ikkje er ein aukande mobbetrend generelt. Men tala er ikkje så viktige. Vi har nullvisjon på mobbing i Bergen, seier han.

Har tilsett ekspertgruppe

Tvinnereim fortel at kommunen no har tilsett seks personar som skal jobbe med mobbing i skule og barnehage.

– Det å ha ei gruppe med ekspertar er ein betydeleg auke i ressursar til arbeidet mot mobbing i Bergen, seier han.

På kritikken frå foreldre og Høgre om Fridalen skole svarar Tvinnereim følgjande:

– Det er ikkje rett for meg å diskutere enkeltsaker, men eg kan forsikre om at vi jobbar tett med skular som har ein vedvarande mobbeproblematikk. Utviklinga i skulen er mitt ansvar, seier han.

Usamde om statistikken

Medan Leirvåg meiner at pila på mobbe-statistikken i Bergen peikar oppover, seier Tvinnereim at dette ikkje stemmer.

Ifølgje Elevundersøkinga har talet på kor mange sjuandeklassingar i Bergen som kjenner seg mobba auka for kvart av dei siste fire skuleåra, og er no 7,8 prosent.

For tiandeklassingar har talet minka. I sum gjekk talet for Bergen ned sist skuleår.

Nasjonalt har talet for 7. trinn vore stabilt rundt 7,1 prosent alle dei siste fire skuleåra. På 10. trinn har talet gått ned frå 8,3 prosent til 6,6 prosent dei siste tre skuleåra.

Fungerande byrådsleiar i Bergen, Endre Tvinnereim (Ap).

IKKJE MOBBEPROBLEM: Endre Tvinnereim (Ap) er byråd for barnehage, skule og idrett. Han meiner mobbing i bergensskulen ikkje er eit veksande problem, og viser til at mobbeomboda som Høgre spør etter allereie finst.

Foto: Julianne Flølo