Hopp til innhold

Ber folk melde seg ut av Fellesforbundet på Facebook

Etter at Fellesforbundet anka mobbesaka mot Jarle Kirketeig tok Liv-Judit Straume på Facebook til orde for at folk som er medlemmer, bør melde seg ut av forbundet.

Liv Judit Straume Fellesforbundet

FACEBOOK: Liv Judit Straume oppmodar medlemmene til å melda seg ut av Fellesforbundet etter at dei anka mobbesaka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sidan mobbesaka i Fellesforbundet vart rulla opp i fjor har medlemstalet gått ned med rundt hundre medlemmer, noko som er færre utmeldingar enn tidlegare år.

Men direktør i Boivest i Førde, Liv-Judit Straume, tok i går til orde for at dei av facebookvennene hennar som er medlem av Fellesforbundet, bør melde seg ut og heller finne eit anna forbund å vere medlem av.

Oppmodinga hennar gjekk spesielt til medlemmene i Sogn og Fjordane.

Liv Judit Straume

UTMELDING: Liv Judit Straume oppmodar til utmelding av Fellesforbundet.

Foto: Pressefoto

– Eg meiner at mobbesaka ikkje burde vorte anka Når det alikevel blir anka, så er det medlemmane som er med på å betala den anken. Det er snakk om å vera litt bevisst på kva ein er med og støttar, seier Straume.

For ei veke sidan kom dommen mot Fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane, der organisasjonstilsette Jarle Kirketeig fekk full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd.

Av dommen går det fram at den valde leiaren, Magne Ulvatn, har stått bak langvarig trakassering av Kirketeig. Fjordane tingrett kjende oppseiinga av Kirketeig ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.

Men onsdag vart det altså klart at Fellesforbundet ankar saka.

Straume presiserer at ho berre kjenner saka gjennom media.

Mista hundre medlemmer

Trass i at forbundet har mista 100 medlemmer, er ikkje det noko som uroar distriktssekretæren monaleg.

– Nedgangen av medlemstala er ikkje dramatisk i vårt fylke, seier distriktssekretær i Sogn og Fjordane, Oddbjørn Aalen.

I november 2011 hadde Fellesforbundet i Sogn og Fjordane 2205 medlemmer. Eitt år seinare har dei 2109 medlemmer.

Oddbjørn Aalen - Distrikssekretær i Fellesforbundet

IKKJE LØYSINGA: Oddbjørn Aalen, distriktssekretær i

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Aalen meiner at nedgangen i medlemstalet ikkje skuldast mobbesaka mot Kirketeig.

– Vi har hatt konkursar i bedrifter og nedbemanning i Sogn og Fjordane, slik at folk då har slutta, seier Aalen.

Ein eller to utmeldingar

Leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn, stadfestar at dei har registrert ein eller to medlemmer som har meldt seg ut av Fellesforbundet og oppgitt mobbesaka som direkte årsak.

– Dårleg løysing

Oddbjørn Aalen meiner utmelding ikkje er ei god løysing.

– Det er sterkt beklageleg om folk melder seg ut på grunn av mobbesaka. Eg trur ikkje utmelding er måten å ta tak i tinga på. Det vil ikkje gjera noko betre for nokon av partane, seier Aalen.

Han vil oppfordra folk til å jobba gjennom sin klubb eller si avdeling for å få ting fram, i staden for å gå det skritt og melde seg ut.