Hopp til innhold

Helse Førde legg ned ruseining med sju mot fire røyster

Ruseininga på Tronvik i Vestland har hjelpt folk til eit nytt liv i over 70 år. I dag vart den ofra.

Styret i Helse Førde

STYRET: Ruseininga på Tronvik i Vestland går over i historiebøkene frå 1. mai.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Med sju mot fire røyster gjekk styret i Helse Førde inn for å avvikle ruseininga Tronvik. Styret gjekk også samrøystes inn om å gjere store endringar i helsetilbodet som i dag er i Florø.

Rusinstitusjonen i Høyanger har i dag 15 sengeplassar og 37 årsverk. Ei nedlegging gjør at helseføretaket sparar rundt 25 millionar kroner.

– Heile styret er opne på at dette er eit vanskeleg vedtak og eit vedtak vi skulle ynskt vi ikkje måtte fatte, men som fleirtalet meiner er det rette å gjere i den økonomiske situasjonen som Helse Førde står i, seier styreleiar Ole Gunnar Krakhellen.

– Bør vente

Dermed går ruseininga over i historiebøkene frå 1. mai. Tillitsvald i Fagforbundet for dei tilsette ved Tronvik, er skuffa.

– Det er veldig synd for pasientane som misser det gode tilbodet, seier Bjørg Eli Nese.

Tronvik-markering utanfor sjukehuset

Torsdag morgon møtte 30–40 personar opp for å demonstrere mot ei mogeleg nedlegging av ruseininga i Høyanger

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Eg er redd mange innan rus vil døy, seier ho.

Helse Førde-styret meiner dei har kunnskapen dei treng, og meiner å ikkje kunne vente vesentleg betre økonomi i den nye nasjonale helse- og samhandlingsplanen til våren.

Tillitsvald Nese er usamd.

– Styret forhastar seg. Dei burde vente til reformene kjem til våren. Ein veit ikkje før reforma kjem om ein får meir midlar eller ikkje, seier ho.

Markerte motstand

Torsdag morgon møtte 30–40 tilsette ved Tronvik opp for ei markering utanfor sjukehuset der vedtaket vart fatta.

Det blir lagt veldig merke til, det engasjementet de viser til pasientane. Eg har stor respekt for det de frontar og måten de har jobba på, sa administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde til dei frammøtte.

– Hadde det ikkje vore for Tronvik, så hadde eg ikkje vore der eg er i dag, seier Johnny Vatlestad, som no har vore rusfri i eitt og eit halvt år.

Han er ein av dei som fortel at dei er blitt redda av ruseininga på Tronvik i Høyanger i Vestland.

Han synest det er heilt forferdeleg at eininga no kan blir lagt ned.

Johnny Vatlestad

Vatlestad meiner han fekk tilbake livet etter opphaldet på Tronvik.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Helseføretaka blør

Helse Førde er eit av mange helseføretak som blør i inngangen på 2024.

Onsdag denne veka hadde helseminister Ingvild Kjerkol eit møte med Helse Nord der temaet var økonomi og bemanning.

I Noregs største helseføretak, Helse Sør-Øst, er planen å kutte legar og sjukepleiarar.

Les også Færre ansatte skal gjøre mer: – For å få tallene til å gå opp må du være utdanna på Galtvort

Ida Marie Ringerud

Varden snakkar til dei frammøtte.

Administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde snakkar til dei frammøtte.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Samtidig seier Helsedepartementet i eit oppdragsbrev at rus og psykiatri skal vere prioriterte behandlingar i 2023 og 2024.

Dei vil løyve 3 milliardar kroner til dette, men ute i landet gjer den pressa økonomiske situasjonen at fleire ruseiningar er i spel.

– Det vil vere eit stort og viktig tiltak for oss for at vi skal nå dei krava som er stilt til Helse Førde, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Vil vente på ny reform

Målet til dei tilsette ved Tronvik var å få utsett avgjerda til den nye nasjonale helse- og samhandlingsplanen er på plass.

Den skulle kome før jul, men helseminister Ingvild Kjerkol utsette den til 2024.

Samtidig skal det kome ein ny førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet.

– Vi håpar det kan bli ei utsetting av avgjerda, men det er skummelt å håpe på noko som helst, seier Urnes.

Tronvik på Kyrkjebø

Ruseininga på Tronvik langs Sognefjorden har vore i drift sidan 1950.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Vi har fleire ting i ryggsekken

Dersom styret røysta mot tilrådinga om å legge ned, ruseininga, måtte leiinga i Helse Førde igjen vurdere kvar sparekniven skal brukast.

– Vi har fleire ting i ryggsekken som vi arbeider med, men eg vil ikkje forskottere på det eine eller det andre, seier Varden.

Johnny Vatlestad som har fått eit nytt liv gjennom rusbehandlinga på Tronvik kjem med ei klar oppmoding til styret i Helse Førde.

– Dei må tenke seg nøye om og la Tronvik få leve.

Johnny Vatlestad

Johnny Vatlestad er spent på om Tronvik blir lagt ned og kva som skjer når han skal leggast inn på nytt i mars.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK