Hopp til innhold

Ana skal lære nynorsk. Skulen har berre éi lærebok til ho.

Fleire nynorskkommunar lærer opp innvandrarar i bokmål på grunn av få lærebøker på nynorsk. – Me tener ikkje pengar på å laga nynorskversjonar, seier forlagssjef.

Ana Bobrova på vaksenopplæringa på Stord

Ana Bobrova bur og jobbar på Stord. Ho synest det er viktig, men vanskeleg å læra seg nynorsk.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ana Bobrova er frå Litauen, men bur og jobbar på Stord. No skal ho læra seg nynorsk.

– Det er vanskeleg, men eg synest det er viktig å læra seg nynorsk. Det er språket me bruker på Stord, og det liknar meir på dialekten her.

Men på trinnet til Bobrova finst det berre éi bok på nynorsk.

Mest bokmål både på papir og på nett

Politikarane på Stord bestemte i 2015 at elevane på vaksenopplæringa skal læra seg nynorsk i staden for bokmål.

Lærarane var skeptiske fordi det fanst få læremiddel på nynorsk. Det har betra seg litt, men dei er framleis frustrerte over kor lite dei kan velja i.

Rektor Steinar Rosset ved Stord vaksenopplæring

Rektor Steinar Rosset seier dei må vera kreative for å legga til rette for nynorskopplæring. Denne plakaten kom berre på bokmål, og er blitt omsett med tusj.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Rektor Steinar Rosset peikar på ein plakat, som han meiner viser problemet. Eit forlag sende berre ut plakaten på bokmål, og lærarane har måtta omsetja til nynorsk med tusj.

Han forklarer stoda med eit bilete av ein togperrong full av lærarar:

– Først kjem det eine lyntoget etter det andre for å ta med alle bokmålslærarane. Langt om lenge kjem det eit slite diesellokomotiv der nynorsklærarane får plass. Alle toga har same endestasjon, men det seier seg sjølv at reisa er ulik.

Rosset meiner det er heilt naturleg at nynorskkommunar gir undervisning i nynorsk også til innvandrarar og flyktningar.

– Men situasjonen må bli betre. Me må få tilgang til dei same gode læremidla som dei har på bokmål.

Lærebok i norsk for vaksne innvandrarar

Dette er den einaste læreboka som finst på nynorsk på nivået B1 på vaksenopplæringa for innvandrarar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kommunar vegrar seg på grunn av få bøker

Vaksne innvandrarar lærer nynorsk i 38 av dei vel 90 nynorskkommunane i landet, viser ei oversikt Noregs Mållag har laga.

Dei fleste nynorskkommunane har berre bokmålsundervisning.

Ein av dei er Bømlo, nabokommunen til Stord.

Dei har diskutert å byta til nynorsk fleire gonger, men har konkludert med at det beste er å halda fram med bokmål. Eitt av argumenta er mangel på læremiddel på nynorsk.

Ingen krav om begge målformer

– Fleire kommunar seier det same. Det viser at noko må gjerast, meiner leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– Dette er viktig for både integreringa og inkluderinga av innvandrarane. Mange av dei har ungar som lærer nynorsk på skulen. Då må også dei vaksne læra nynorsk.

I grunnskulen og vidaregåande skal alle læremiddel koma på både nynorsk og bokmål samtidig. Dette kravet gjeld ikkje i den undervisninga vaksne innvandrarar får.

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som har ansvar for å utvikla læringsressursar på begge målformer i norskopplæringa etter integreringslova.

Dei får tilbakemeldingar som tyder på at tilfanget av læremiddel er for lågt, og at det som finst kan vera utdatert. Saman med Arbeids- og inkluderingsdepartementet vurderer dei om det trengst tiltak.

Tavle på Stord vaksenopplæring

Elevane på Stord vaksenopplæring lærer seg både nynorsk og dialekt i undervisninga. Dei fleste nynorskkommunane gir opplæring på bokmål.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Innvandrarar blir buande i nynorskkommunar

Nynorsk forum ber om at det i statsbudsjettet for 2024 blir sett av minst 4 millionar kroner til læremiddel på nynorsk for vaksenopplæringa.

Det er åtte år sidan det sist blei løyvd midlar over statsbudsjettet.

– Innvandrarane fortener betre læremiddel, meiner Svein Olav Langåker, som er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Ei undersøking frå LNK viser at fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gir norskopplæring på nynorsk.

67 prosent blir buande i desse kommunane, medan 55 prosent blir buande i kommunane som gir undervising på bokmål.

Ein ny rapport frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) viser også at fleire innvandrarar buset seg i distrikta no enn før.

Svein Olav Langåker

Dagleg leiar Svein Olav Langåker i Landssamanlutninga for nynorskkommunar håpar at regjeringa kjem med minst 4 millionar kroner i statsbudsjettet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Forlag lover betring

Den norske Forleggerforening meiner det er prinsipielt viktig å ha læremiddel på eiga målform, og at det mest sannsynleg gir best læring også.

Forlaga har ingen økonomiske støtteordningar når dei lagar nynorskversjonar av læremateriell til undervisning av vaksne innvandrarar.

– Me tener ikkje pengar på å laga nynorskversjonar, seier Trond Petter Hinrichsen, som er forlagssjef i Fagbokforlaget.

– Likevel er det sjølvsagt at bøker og verk me kjem med framover, skal koma på begge målformer samtidig.

Fagbokforlaget gir ut eit nytt læringsverk for vaksne innvandrarar neste haust, og det kjem på både bokmål og nynorsk.

Les også Nynorsk i skulen splittar bygda: – Må tenkje på elevane

Fv: Enock Mizerero, Ingar Sletta Tråer (bokmål) og Herman Wåle og Kari Bøe ( begge nynorsk).