Hopp til innhold

Folk kan sitje på ein kunstskatt utan å vite om det

BERGEN/JØLSTER (NRK): Truleg har folk i Noreg og utlandet verdifulle kunstverk laga av Nikolai Astrup – utan å vere klar over det.

Tove Haugsbø ved Kode i Bergen

BER OM TIPS: Førstekonservator Tove Haugsbø ønskjer tips frå publikum for å prøve å finne ukjende måleri av Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup (1880-1928). Til høgre «Jonsokbål», Astrup sitt mest brukte motiv.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dersom nokon sit på måleri eller teikningar dei mistenker kan vere laga av Nikolai Astrup, må dei ta kontakt, seier Tove Haugsbø.

Ho smiler og let blikket gli mot veggen der det heng Astrup-måleri på alle kantar. Vi er på kunstmuseet KODE i Bergen der det er fleire Astrup-verk enn nokon annan stad.

Tove Haugsbø er førstekonservator på KODE, har doktorgrad på Nikolai Astrup og er Noregs kanskje fremste Astrup-ekspert. No er ho på «skattejakt», på jakt etter jølsterkunstnaren sine stadig meir ettertrakta kunstverk.

Enkelte av verka ho leitar etter kan ha prislappar på fleire millionar kroner. Om nokon skulle sitje på nokon av Astrup sine mange brev, er også det interessant.

Har fått inn fleire ukjende verk

– Vi har fått inn ein del måleri som etter grundige undersøkingar har vist seg å vere ekte Astrup. Det er svært spanande og vi håper å få inn fleire, seier ho.

Haugsbø vil ikkje røpe kor mange nye Astrup-verk som er oppdaga eller kva motiv det er snakk om.

– Når folk kjem til oss med verk som viser seg å vere ekte Astrup-kunst, ønskjer dei anonymitet. Det må vi respektere, seier ho.

Vi går lengre inn i utstillinga og stoppar ved det kjende verket «Revebjeller» som viser jølsternaturen i all si blomsterprakt.

– Veit du at det er eit ukjent Astrup-måleri på baksida av «Revebjeller», seier Haugsbø.

Ho fortel at det finst fleire delvis uferdige måleri på baksida av elles kjende Astrup-verk. Når kunstnaren avslutta eit arbeid fordi han var misnøgd, byrja han ofte å måle på andre sida. På den måten sparte han pengar.

Ukjent måleri av Nikolai Astrup

BAKSIDEMÅLERI: Dette måleriet måla Nikolai Astrup på baksida av det kjende verket «Revebjeller».

Foto: Kode Bergen
Revebjeller

JØLSTERNATUR: «Revebjeller» er eit av Nikolai Astrup sine mest kjende verk. På baksida av måleriet har kunstnaren byrja på eit anna måleri om naturen i Jølster, eit måleri som aldri har vore vist offentleg før NRK gjer det no.

Foto: Dag Fosse / KODE / Dag Fosse / KODE

Truleg ukjende motiv

Sjølv om fleire nye Astrup-verk er oppdaga, kan det eksistere opp mot 90 andre som ein ikkje veit kvar dei er.

– Nokon av verka har vore stilte ut før. Andre kan ha vore på private hender heile tida, seier ho.

– Er det også mange ukjende motiv der ute?

– Det vil eg tru, seier Astrup-eksperten og smiler.

Brev fra Nikolai Astrup til Per kramer

Dette brevet skreiv Nikolai Astrup til venen Per Kramer i 1920.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Frå 1899 og fram til i dag har Astrup sin kunst vart stilt ut i 54 ulike separatutstillingar og 101 gruppeutstillingar. Det er informasjon frå desse utstillingane og eit brev kunstnaren sjølv skreiv i 1927 som er bakgrunnen for at Haugsbø meiner det kan eksistere opp mot 90 ukjende verk.

– I 1927 fekk Astrup ein førespurnad frå ein forfattar som ville skrive ei bok om kunstnaren. I den samanheng laga Astrup ei liste over nokon av verka sine. Lista var på 101 måleri, men mange av desse har aldri vore identifiserte, fortel Haugsbø.

Haugsbø trur at fleire av dei ukjende Astrup-måleria kan vere i utlandet. Ho viser mellom anna både til Danmark og USA.

– Astrup sine gode ven, Anton Fonn, selde fleire måleri til USA. Eg vil tru Astrup sjølv gjorde det same.

Meir aktuell enn nokon gong

Leitinga etter dei ukjende verka er ein del av det omfattande prosjektet «Catalogue raisonné» ved KODE, som vil munne ut i ein digital katalog over alle Astrup sine måleri, brev og kunst.

– Formålet er å etablere ein tospråkleg og nettbasert database, og på den måten legge til rette for internasjonal formidling og vidare forsking på Astrup sin kunst.

Nikolai Astrup er kanskje meir aktuell enn nokon gong, ikkje minst etter at filmen «Astrup – Flammen over Jølster» har gått på kino den siste tida.

I tillegg har kunsten hans vore presentert i store utstillingar i både i Tyskland og England dei siste åra. Neste sommar blir Astrup for første gong vist i USA på kunstmuseet «The Clark» i Massachusetts. Også svenskane vil få glede av Astrup gjennom ei eiga utstilling i Stockholm i 2021.

Teikning frå Nikolai Astrup

HEIMGARDEN: Denne teikninga av heimgarden sende Nikolai i eit brev til ein kjenning.

Foto: Nasjonalbiblioteket