Hopp til innhold

Her møter Nikolai Astrup «Nikolai Astrup»

JØLSTER (NRK): Broen-stjerna Thure Lindhardt er premiereklar som Nikolai Astrup i filmen om den store norske kunstnaren. I dag møtte han Astrup sin yngste son, som også heiter Nikolai Astrup.

Nikolai Astrup møter Thure Lindhardt på Astruptunet

TOPPMØTE: Nikolai Astrup (t.v.) er den yngste sonen til kunstnaren Nikolai Astrup. Thure Lindhardt spelar rolla som Nikolai Astrup i den nye filmen «Flammen over Jølster».

Foto: Artur do Carmo / NRK

Skandinavisk forbrødring i kunstnarheimen ved Jølstravatnet. Skodespelaren som tolkar kunstnaren Nikolai Astrup er dansk, den 93 år gamle sonen har budd i Sverige i 68 år. Dei møtte kvarandre på Astruptunet, staden der kunsten blei skapt.

– Det var fantastisk å gå i Astrup sitt geniale, kunstneriske sinn. Eg såg bileta, så blei eg heilt sikker på å takke ja til rolla. Han var eit stort menneske, seier Lindhardt.

For eit norsk publikum er Thure Lindhardt mest kjend frå rolla som politietterforskar Henrik Sabroe i Broen. No spelar han hovudrolla i biodramaet «Flammen over Jølster», regissert av Pål Øie.

I dag var stemninga god då han møtte sonen til kunstnaren han portretterer.

Vaks opp på tunet

Det er lenge sidan yngstesonen var på Astruptunet. Han helsar blidt på den danske skodespelaren. Nikolai Astrup gler seg til å sjå filmen om pappa Nikolai Astrup. Sjølv var han berre to år då faren gjekk vekk.

– Eg tykkjer det er veldig spennande og interessant å sjå. Han var jo spesiell, det var jo naturen og blomane som betydde så mykje for han. Mor hugsar eg svært godt. Det var ei fin tid vi hadde her, seier Astrup.

Han vaks opp på tunet som no er museum og tykkjer det er stas at faren no får den heideren og kjendisstatusen han aldri fekk då han levde.

– Filmen betyr mykje og det å få far sin kunst ut på marknaden er viktig. Han fortener å få det. Eg tykkjer han laga betre grafikk enn Munch, seier sonen.

Kunsten til Astrup har dei siste åra blitt synt fram over heile verda med dronning Sonja i spissen og fleire har samanlikna han med Munch, som levde og verka samtidig.

Var ein fattig kunstnar

Men medan Munch streva med sitt i hovudstaden, streva Astrup på heimegarden i Jølster.

– Eg forstår ikkje korleis han fekk tid til alt. Han var fattig, han var bonde, han hadde astma og han var kunstnar. Men han var snill og alltid klar til å stille opp for andre, fortel sonen.

For danske Thure Lindhardt var det sterkt å gå inn i rolla som naturmålaren og det kunstneriske geniet Nikolai Astrup.

– Han stadfestar mitt heilskaplege syn på verda der vi passar på plantene og dyra våre. Han forstod at det er det einaste rette om vi skal få ei fredeleg verd der vi forstår at vi er ein del av ein heilskap. Eg er audmjuk for å kunne vise fram filmen.

Fredag kveld var det festpremiere for filmen på Skei i Jølster, og på scena stod sjølvsagt statsråd Nikolai Astrup.

Ian Dejardin, H.M. Dronning Sonja og kurator Maryanne Stevens

OPNING: Dronning Sonja var til stades under opninga av utstillinga i London i februar i 2016.

Foto: Oddleif Løset / NRK