Hopp til innhold

Godset fører, men framleis 1-1 på Fosshaugane

Det er den fjerde runden i eliteserien, og Sogndal tek i mot Strømsgodset på Fosshaugane. Her kan du følgje kampen direkte.

Henrik Furubotn

PRESSA: Kaptein Henrik Furubotn har møtte tøff motstand i starten av 2. omgang mot Strømsgodset.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Følg kampen her:

Laster innhold, vennligst vent..

Det er den andre heimekampen for Sogndal denne sesongen. Sist vart det ein solid 4–1-siger over Stabæk, med ein bismak då Ole Amund Sveen braut foten.

Sogndal stiller med dette lagett:

Mathias Dyngeland – Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Victor Grodås – Gilbert Koomson, Henrik Furebotn, Eirik Birkelund, Eirik Schulze – Chidiebere Nwakali, Martin Ramsland

Victor Grodås kjem inn for ein skada Taijo Teniste. Eirik Schulze erstattar Simen Brekkhus på midtbana, og trenar Eirik Bakke har valt å plassera tomålsskåraren frå Stabæk-kampen – Bendik Bye – på innbytarbenken. Inn på spissplassen til Bye kjem Chidiebere Nwakali.

Kampen vert oppdatert over, og under kan du samstundes følgje «4-4-2 Radiosporten» si sending.

Følg heile eliteserierunden på radio.

Slik ser tabellen ut etter tre serierundar:

Laster innhold, vennligst vent..