Hopp til innhold

Bye scora sine første eliteseriemål, men klarte ikkje å sleppe jubelen laus

FOSSHAUGANE (NRK): Då Ole Amund Sveen braut foten etter 19 minutt vart Bendik Bye kasta innpå for Sogndal og scora sine første eliteseriemål.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Stabæk.

JUBEL: Bendik Bye gav Sogndal ein perfekt start på andre omgang, då han scora etter 40 sekund.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var artig det. Det var veldig fint å scora to mål, seier Bendik Bye til NRK etter kampen.

Etter 19 minutt kom han inn for Ole Amund Sveen, som braut foten i det han krangla inn 1–0 scoringa til Sogndal.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Stabæk.

LEGE: Anders Rosø, klubblege Sogndal.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Han har eit brot i leggbeinet og er sendt til sjukehuset i Førde. Vi veit ikkje om begge leggbeina er brotne, sa Sogndal sin klubblege Anders Rosø etter kampen.

Torsdag morgon stadfestar Rosø at Sveen har brote begge beina i den venstre leggen. Han vart operert natt til torsdag og mister høgst truleg heile sesongen.

Bendik Bye fekk førre veke sin debut i eliteserien i ein alder av 27 år. I debuten hadde han målgjevande pasning og i heimedebuten scora han to. Likevel stod ikkje jubelen i taket.

Grufull skade

For Sveen sin skade sette ein støkk i heile Sogndal-laget.

– Det er klart det sett ein dempar på gleda over både sigeren og scoringane. Vi skulle gjerne hatt Ole Amund utpå der, seier Bye, som forklarar at han hadde innbyttarpuls i heile første omgang.

Også trenar Eirik Bakke var nøktern etter kampen, trass i at laget hans nettopp hadde valsa over Stabæk med ein 4–1 siger.

– Det er eit skår i gleda og eg har ein klump i magen, seier han.

For det vart dramatisk då Ole Amund Sveen og Stabæk-keeper Mande Sayouba kolliderte i kamp om ballen. Ballen trilla til slutt i mål.

Men i staden for å jubla flokka heimelagets spelarar seg rundt Sveen og ropte febrilsk på medisinsk assistanse. Fleire av spelarane signaliserte at Sveen mest truleg hadde brote foten. Etter fleire minutt med legehjelp vart Sveen tatt av bana på båre.

– Eg var utanfor 16-meteren då det skjedde, og sprang inn for å jubla saman med han over scoring. Då eg kom fram høyrde eg at han skreik av smerte, seier Sogndal-kaptein Henrik Furebotn.

– Eg skjønte først etter kampen at han hadde brote beinet. Eg beklagar. Det var ikkje meininga, seier Stabæk-keeperen, som meiner han skulle hatt frispark i duellen.

Ole Amund Sveen

TØFF DUELL: Ole Amund Sveen og Stabæk-keeper Mande Sayouba i duellen der foten blir skada.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Einvegskøyring

Men sett vekk ifrå skaden, så var det eit heilt anna Sogndal-lag enn i 3–1 tapet for Sarpsborg 08 søndag.

– Vi starta ikkje kampen heilt slik som eg hadde håpa, men etter scoringa og spesielt i andre omgang var vi veldig gode, seier trenar Bakke.

Stabæk på si side kom frå ein 3–1 siger over Aalesund i sesongpremieren, men vart sendt heim med 4–1 i sekken.

– Vi var ikkje Bayern München på søndag og vi var ikkje katastrofale i dag. Sogndal var det beste laget og vann fortent, seier Stabæk-trenar Toni Ordinas.

Sveen ut med skade

PÅ BÅRE: Ole Amund Sveen braut leggbeinet då han sette inn 1–0 for Sogndal og måtte ut på båre.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix