Hopp til innhold

Flo klar for Sogndal 16. juli?

Tore André Flo kan få sitt comeback for Sogndal mot Sarpsborg 08 om éin månad.

Tore André Flo

HAR KONTRAKT: Tore André Flo signerte i vinter proffkontrakt med Sogndal.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Det skapte store overskrifter då det i vinter vart kjent at den tidlegare England-, Skotland- og Italia-proffen hadde signert for Sogndal.

Flo var lunken...

I tida etter signeringa dyssa Flo sjølv ned forventningane med at det slett ikkje var sikkert at det vart noko comeback, men at han og familien flytttar til Sogndal.

No ser det likevel ut til å gå mot eit comeback for den heimvende stryningen. Ifølgje Sogn Avis er Tore André Flo i trening og kan få sin debut i heimekampen mot Sarpsborg 08 16. juli.

Er i trening

Trond Fylling

JOBBAR MED FLEIRE: - Vi skal forsterke stallen, seier sportsleg leiar Trond Fylling i Sogndal Fotball.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Tore André trenar godt og er i god fysisk form, men har ikkje eliteserienivået inne per no. Det tek ei stund å få kroppen inn i kampmodus igjen, men med nok trening er eg sikker på at han vil komme dit, seier Sogndal sin sportslege leiar, Trond Fylling, til Sogn Avis.

Og ei forsterking i form av Flo kan komme godt med for det nyopprykka eliteserielaget. Onsdag kveld melde NRK.no at kaptein Eirik Bakke skal kvile dei neste fem kampane på grunn av skader.

Flyttar i løpet av sommaren

– Ein skadefri Tore André Flo vil vere verdifull for eitkvart lag. Han har bøttevis med erfaring, seier Fylling som også jobbar med å få på plass andre forsterkingar i løpet av sommarens overgangsvindauge.

– Men kven og når, veit vi ikkje enno.

Tore André Flo er i dag busett i London. I løpet av sommaren flyttar han saman med kona Randi, som opphaveleg kjem frå Sogndal, og dei fem borna deira tilbake til Sogndal der Flo hadde sin eliteseriedebut tidleg på 1990-talet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.