Hopp til innhold

Fleire vil dyrka sin eigen mat: – Krig, pandemi og klimakrise påverkar mange

Fleire enn 10.000 nordmenn søkjer seg til andelslandbruk denne våren. Pågangen i åkrane er rekordstor.

Kjell Lønning og Kajsa Nordström.

OVERVINTRANDE GRØNKÅL: Kjell Lønning og Kajsa Nordström viser nokre grønkål som er att frå i fjor, men om nokre månader er det fullt liv i åkeren på Lønning.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Me treng ikkje å kjøpa grønsaker frå slutten av juni til november. Og framleis har eg gulrøter og lauk frå i fjor i kjellaren, seier Kajsa Nordström, som er leiar i Lønning lutlandbruk.

Andelslandbruket på Stord i Sunnhordland har vakse seg dobbelt så stort sidan 2017.

I år kjem rundt 40 personar til å delta.

Kvar andelseigar betaler i underkant av 3000 kroner, og bidreg med arbeidstimar i åkeren. Til gjengjeld deler dei på grønsakene som blir dyrka, men også risikoen for dårlege avlingar.

– Då me starta, budde eg i ei leilegheit utan hage. Eg er oppvaksen med tilgang til masse heimedyrka grønsaker, og kjente at det var eit sakn, seier Nordström.

– Det har vore ei stor velsigning og rikdom å få vera med på det grøne skiftet i praksis på denne måten, seier bonde og læremeister på garden, Kjell Lønning.

Kajsa Nordström i Lønning lutlandbruk

GOD GULROTSESONG: Framleis er det gulrøter att frå fjoråret på Lønning. Dei held seg godt viss dei blir lagra i fuktig mose.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Bikkar 10.000 for første gong

På ti år har talet på andelslandbruk stige frå 4 til over 100. Fleire enn 10.000 nordmenn er no andelseigarar.

– Veldig relevante grunnar til auken no, er koronapandemien, klimakrisa og krigen i Ukraina. Mange ønskjer å vita kor maten kjem frå, og vil vera med på å dyrka han, seier Markus Hustad, som er dagleg leiar i organisasjonen Økologisk Noreg.

Krigen rammar importen av mat. FN åtvara fredag om at krigen i Ukraina kan driva opp dei globale matvareprisane med opptil 20 prosent.

Samtidig fører også andre faktorar til at matvareprisane allereie har gjort eit større byks enn normalt.

Markus Hustad

STOR PÅGANG: – På ti år har talet på andelslandbruk auka frå fire til over 100, seier Markus Hustad i Økologisk Noreg.

Foto: Birgitta Eva Hollander/Økologisk Norge

Etterlyser meir satsing på urbant landbruk

For eitt år sidan la den førre regjeringa fram ein strategi med fleire tiltak for å legga til rette for meir urbant landbruk, som til dømes andelslandbruk.

– Den nye regjeringa må no følgja opp dette, og koma med midlar, seier Hustad.

Landbruks- og matdepartementet svarer at dei er i gang med å følgja opp tiltaka. Og at prosjektet til Økologisk Noreg om andelslandbruk har fått 9,2 millionar kroner i støtte sidan 2015.

Statsråd Sandra Borch (Sp) synest det er positivt at interessa for norsk landbruk, berekraft og sjølvberging er aukande, men understrekar at den norske mattryggleiken er god.

– Me må bli meir sjølvforsynte

– Når verda er litt usikker, er det trygt og godt å vera saman med andre og dyrka mat, seier Marit Bendz, dagleg leiar av Vie andelslandbruk i Førde.

Der viser Bendz små spirer, som skal bli til kvitlauk.

Dei merka stor pågang då pandemien trefte landet for fullt for to år sidan. No er ho spent på korleis interessa blir i år.

– Det er så viktig, om det er krig eller ikkje, å bli meir sjølvforsynt. Det er ingen som veit korleis verda ser ut i morgon, seier ho.

Marit Bendz i Vie andelslandbruk

VIE ANDELSLANDBRUK: Leiar Marit Bendz har funne nokre jordskokkar i åkeren i Førde.

Foto: Kasper Valestrand / NRK