Hopp til innhold

Fleire vegar opna igjen etter rashelg

Dei fleste fjellovergangane og fleire av hovudvegane er opne igjen, etter ei helg med flaum og skred på Vestlandet.

Slik såg det ut på rasstaden mellom Tyssedal og Odda, ved Byrkjenes på riksveg 13 måndag.

Slik såg det ut på rasstaden mellom Tyssedal og Odda, ved Byrkjenes på riksveg 13 måndag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vegtrafikksentralen vurderer fortløpande opning av fleire vegar som har vore stengde i helga, som følge av flaum og skred.

Måndag morgon var 35 vegar stengde, dei fleste på grunn av snøskred, jordskred, steinsprang og isnedfall. Utover føremiddagen opna fleire av dei.

Dette kartet viser talet på vegar som var råka av steinskred, jordskred og snøskred måndag føremiddag. Fleire av desse vegane har blitt opna utover måndagen.

Full oversikt ligg på vegvesen.no.

Litt over klokka 09 måndag opna riksveg 13 mellom Nesflaten i Suldal og Håra i Ullensvang.

Dei fleste fjellovergangane er også opne måndag morgon.

Jan Audun Marø, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen seier det fortløpande utover måndag blir vurdert opning av ulike vegstrekningar.

– Vi har ein del vegar som framleis er stengde på grunn av jordskred og snøskred, seier han.

Les også Trøbbel fra Lindesnes til Nordkapp – Tre ras på kort tid i Vestland

stengt vei eidfjord. skred

Faren for flaum og jordskred er venta å minke frå måndag føremiddag.

Søndag kveld sa NVE at toppen truleg er nådd og at elvar byrjar å flate ut og gå ned.

Utover i veka går det også mot ein kaldare vêrtype som minkar flaumfaren.

Samstundes melder Vegtrafikksentralen at det framleis er fare for nedfall av is.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier at det vil kome meir regn utover veka.

– Vi har fleire lågtrykk utover veka, vi blir ikkje heilt kvitt regnet, men det er mindre mengde enn det vi hadde i helga.

riksveg 13 ras byrkjenes mellom tyssedal og odda

Riksveg 13 mellom Tyssedal og Odda er framleis stengd etter skredet som gjekk i helga.

Foto: Statens vegvesen

Fleire evakuerte i Ullensvang

Elleve personar er framleis evakuerte i Ullensvang kommune.

Ni er evakuerte frå Måge der det gjekk fleire jordskred. To er evakuerte frå Eitrheim der Eitrheimselva blei veldig stor.

Snø- og sørpeskred i Hardanger

Snø- og sørpeskred i Hardanger

Ei gravemaskin vart teken av skredet på Måge. Føraren av gravemaskinen kom seg ut på dramatisk vis. Politiet meldte på X/Twitter at føraren var «ok».

Måndag skal geolog gjera nye vurderingar av situasjonen. Planen er å ta nye dronefilmar av Måge og å få dronefilma Eitrheimselva, opplyser kommunen.

Båttransport for innbyggarar i Tyssedal etter ras og stengde vegar.

Stengde vegar gjer at fleire i Tyssedal i Ullensvang kommune måtte ta båttransport til jobb måndag morgon.

Foto: Tiril Melkeråen

Ordførar Roald Aga Haug seier dei fleste vegane inn og ut av Ullensvang er stengde, som gir utfordringar med tanke på beredskap.

– Det gjer at vi må planlegge ganske mykje i forhold til naudetatane og det å få folk på jobb i helsevesenet slik at dei kan hjelpe folk på ulike adresser. Der gjer det krevjande å vere sikker på at vi kan nå fram dersom det skjer ei ulykke.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune på kaia i Kinsarvik.

Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang.

Foto: Tale Hauso

Også Sogndal og fleire bygder rundt vart hardt råka av uveret.

– Vi har framleis enkelte bygder som er heilt isolerte på grunn av stengde vegar. Vi hadde også ein periode der vi var heilt utan tilkomst til sjukehus i Lærdal både for Sogndal, Luster og Leikanger. Men no er heldigvis dei vegane opne igjen, seier ordførar i Sogndal, Stig Ølmheim.

Meir vind til kvelden

Vêret har stabilisert seg gjennom natta, men vinden skal auke til måndag kveld igjen. Det er meldt bris mellom sør og vest, stiv kuling ved Stad.

I ettermiddag auke til sørvest og vest sterk kuling på kysten og utsette stader, i kveld kanskje full storm ved Stad og aukande nebør.

Ras Måge i Ullensvang

Raset frå Måge i Ullensvang.

Foto: Amund Maage