– Vi ser med bekymring på utviklinga i bydelen, seier Cathrine Lutro i aksjonsgruppa Foreldreaksjonen for en tryggere ungdomstid i Bergen Sør.
Då politiet skulle summere 2023, såg dei ein stor auke i ungdomskriminalitet landet over. Politidirektør Benedicte Bjørnland gjekk ut med sterk bekymring.
Særleg vald og vinningskriminalitet blant unge har auka kraftig. Denne har auka 28 prosent frå 2022.
− Sjølv om den største auken består av mindre alvorlege forhold, er det fleire utviklingstrekk som peikar på utfordringar samfunnet må ta grep om i fellesskap, kommenterte politidirektøren.
Cathrine Lutro og Kjersti Gaustestad Norheim i aksjonsgruppa Foreldreaksjonen. Denne har som mål å sikre ei tryggare ungdomstid i bydelane Bergen sør, Fana og Ytrebygda.
Foto: Gyrid Cecilie NygaardI Vest politidistrikt har ungdomskriminaliteten der mistenkte er under 18 år auka med 40 prosent frå 2022 til 2023.
Lutro i aksjonsgruppa seier at politiet har oppfordra foreldre om å kome tettare på ungdommane. Difor vart Foreldreaksjonen starta.
Foreldre og føresette til over fire tusen elevar på ungdomsskuletrinna og første vidaregåande er inviterte til krisemøte. Over 1300 har vist interesse.
Det var Bergens Tidende som først omtalte saka.
Auke blant dei yngste
Vest politidistrikt sine tal viser at nesten halvparten av veksten i ungdomskriminalitet er i kategorien butikktjuveri. Det er dei høgaste tala på 10 år. Det same gjeld for ran, truslar, kroppskrenkingar og skadeverk.
Når det gjeld alder på gjerningspersonar er auken størst blant ungdom mellom 13 og 15 år.
Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt har sagt at han meiner den negative utviklinga blant dei yngste er ikkje unik for Vest politidistrikt.
Han seier andre politidistrikt melder om tilsvarande auke.
Foreldreaksjonen peikar på problem som auka normalisering av bruk av rusmiddel, auke i ungdomskriminalitet, auke i mobbing, auke i frykt for å seie ifrå, og auke i seksuell vald.
Dei oppfordrar foreldre til å ikkje vere naive og tru at problemet ikkje gjeld eigne barn.
– Vi tenker at utviklinga er såpass alvorleg, og at vi no primært ønsker å kome saman og sjå kvarandre, sjå at vi er mange som forstår ungdommane våre vel, og høyre frå dei som har førstehandskunnskap, seier Kjersti Gaustestad Norheim i Foreldreaksjonen.
Nyleg tok ein ungdomsgjeng seg inn i eit tomt bygg i Sandslimarka. Politiet opplyste om at det lukta brent då dei kom til staden og at det var tømt fleire pulverapparat der.
Foto: Agnieszka Iwanska / nrkMeiner biletet ikkje er nyansert
Stian Lid ved Oslo Met forskar på førebygging av kriminalitet og førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.
Han meiner statistikken frå politiet bør sjåast i samanheng med andre undersøkingar.
Dette fordi statistikken frå politiet viser talet på meldte forhold, og den er påverka av tilbøyelegheita til å melde barn og unge.
− Den tilbøyelegheita ser ut til å ha auka ein del dei siste åra, seier Lid.
Elevundersøkingar viser ikkje auke i omfang av vald blant barn og unge fram til 2022.
Forskar Stian Lid meiner ein må burde ha fleire undersøkingar for å slå fast kva utvikling ein har når det gjeld ungdomskriminalitet. Den siste NOVA-undersøkinga gjeld fram til 2022, og ei ny kjem i 2024.
Foto: Bård Nafstad / NRKAt auken i ungdomskriminalitet, over fleire år, er størst blant barn under 15 år, og langt mindre blant 15- til 17-åringane er noko Lid bit seg merke i.
– Den store auken i politiet sin statistikk og andre rapportar om auka problemåtferd kan indikere ein auke i problem blant barn og unge dei aller siste åra, seier Lid.
Vil ta foreldrerolla tilbake
På krisemøtet 15. april i Fana Arena vil Foreldreaksjonen ta foreldrerolla tilbake.
– Elevane sjølve rapporterer om høg grad av mobbing, og vi har også sett ein auke i ein kultur der dei ikkje torer å seie ifrå, den såkalla snitchekulturen, seier Norheim i Foreldreaksjonen.
Målet er at foreldre kjem tettare på ungdommane og at foreldra skal vere tilgjengelege og til dømes spørje om bruk av sosiale medium.
– Eg trur foreldrerolla er utruleg viktig, seier Lutro.
Forskar Stian Lid peikar på at foreldre som involverer seg i barna sine liv, og er tydelege omsorgspersonar og grensesetjarar, er viktig for å førebyggje kriminalitet blant barn og unge.
– I dei områda der ein har utfordringar lokalt, må ein ta tak i desse. Dei må få ei god forståing av kva problemet er, og sette inn koordinerte relevant tiltak, seier Lid.