Hopp til innhold

Fleire storkontrollar har skremt bort halvparten av snikarane

BERGEN SENTRUM (NRK): Nye kontrollar utan bøtelegging viser kraftig nedgang i talet på kollektivreisande utan billett, melder Skyss. Likevel tapar dei kvart år titals millionar på sniking.

Kontroll Bybanen

KONTROLL: Skyss har auka talet på kontrollar frå ein eller to storkontrollar i halvåret til ein i veka.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

«Hei, kan eg sjå billetten din?».

Svaret er nesten utan unnatak «ja».

– Vi merkar at vi tek færre utan billett no enn før, seier Tommy Sekkingstad.

Han har vore kontrollør på kollektivtransport i mange år. Då NRK er med han og vektarlaget på kontroll på Bybanen i Bergen, kan dei aller fleste passasjerane vise gyldig billett.

Det er nokså nytt.

Tommy Sekkingstad

FÆRRE SNIKARAR: Tryggleiksansvarleg Tommy Sekkingstad og vektarane treff på færre passasjerar utan billett no enn før.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Halvering

I 2018 gjennomførte kollektivselskapet Skyss i Hordaland teljekontrollar som viste at 10-12 prosent av passasjerane sneik.

Eitt år etter viser same gjennomgang at berre kring seks prosent sniker.

Det siste året har Skyss auka talet på vanlege kontrollar – men ikkje minst såkalla storkontrollar, der mange titals vektarar går til aksjon samstundes.

– Tidlegare gjennomførte vi 1-2 storkontrollar i halvåret, medan vi i det siste har hatt éin i veka, fortel Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss.

Skyss seier mykje tyder på at billettkontrollane har hatt førebyggjande effekt på snikinga.

Også i andre storbyar har snikartalet gått ned etter fleire kontrollar og haldningsskapande kampanjar, ifølgje kollektivselskapa sjølve:

Andel passasjerer med gyldig billett i 2018

Selskap

Andel passasjerer med gyldig billett i 2018

Ruter (Oslo & Akershus)

95 prosent

AtB (Trøndelag)

98, 46 prosent

Skyss (Hordaland)

94 prosent

Kolumbus (Rogaland)

98,76 prosent

Veit ikkje nøyaktig

Skyss har ikkje eksakte tal på kor mange som faktisk sniker. For å få til det, måtte dei ha kontrollert alle reisande.

– Av opplagde årsaker er det krevjande å kartlegge, men vi har jobba målretta for å skaffe oss betre oversikt over omfanget.

I tillegg til vanlege kontrollar, der alle passasjerar om bord blir kontrollert og dei utan billett får bot, innførte dei i fjor såkalla teljekontrollar.

Der tel dei alle reisande, utan å gi bøter. Det går raskare, og har gitt Skyss eit betre bilete av kor mange som sniker og på kva ruter.

– Då veit vi kor vi skal sette inn støyten. Så har vi målretta kontrollar mot aktuelle område og tidspunkt, seier Dreyer.

Før dei innførte teljekontrollane var sniketala kunstig låge, fordi ein ikkje fekk god nok oversikt gjennom dei vanlege bøteleggingskontrollane.

Billettkontroll på Bybanen

HALVERT: Teljekontrollar viser at berre rundt seks prosent sniker på kollektivtransport i Hordaland, mot 10-12 prosent for eit år sidan.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Sparer millionar

Skyss hadde over 64 millionar påstigingar berre i bergensområdet i fjor. Talet på registrerte reisande auka med fem prosent, og dei samla billettinntektene landa på ein milliard kroner.

– Vi taper store beløp på at folk reiser utan billett. Det er snakk om fleire titals millionar kroner, seier Dreyer.

Men akkurat kor mykje dei har spart på å få ned talet på snikarar, er vanskeleg å seie. At talet på betalande passasjerar aukar, skuldast truleg også auka bompengar, meiner Skyss.

– Når snikprosenten går ned kan vi anta at inntektene går opp tilsvarande, men vi veit ikkje nøyaktig, seier Dreyer.

Ingrid Dreyer i Skyss

TAPAR: – Vi taper store beløp på at folk reiser utan billett, seier pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss.