Natt til 24. januar fekk politiet melding om at eit lite barn hadde døydd på veg til eit sjukehus på Vestlandet.
Barnet var då under behandling av helsepersonell.
Bistandsadvokat Elisabeth Rød seier til NRK at familien ønskjer mest mogleg ro.
– Det som no er viktig for familien er at saka blir teken på alvor og at politiet får gjort ein grundig jobb, seier ho.
– Når det er snakk om plutselege og uventa dødsfall er det låg terskel for å oppretta sak, seier politiadvokat Øyvind Bore.
NRK skreiv i helga at ein lege er mistenkt for brot på helsepersonellova etter hendinga på Vestlandet.
Ifølgje Bore er fleire andre avhøyrde i samband med dødsfallet.
Politiet samlar opplysingar
Både lege og personell knytt til sjukehus, legevakt og ambulanse blir avhøyrde.
– På dette stadiet samlar me inn informasjon, og på det noverande tidspunkt har me ikkje grunnlag for å seia at nokon har opptredd verken straffbart eller kritikkverdig, understrekar Bore.
Ingen er så langt sikta i saka. Men dei nærmast involverte har fått status som mistenkte i samband med avhøyr.
– Politiet ser nærmare på den oppgåveløysinga som har vore i samband med hendinga, og avhøyrer dei som har vore involverte. Dessutan samlar me inn dokumentasjon, som journalar og loggar, frå helseføretaket. Dette vil me vidare leggja fram for Statsforvaltaren i Vestland.
Vart varsla av kommunen
Statsforvaltaren har opna tilsyn etter dødsfallet.
– Statsforvaltaren er kjent med saka, og dette er heilt klart ei sak som vert følgd opp av tilsynsmyndigheitene, sa fylkeslege hos statsforvaltaren i Vestland, Sjur Lehmann, til NRK i helga.
Helse og omsorgstenesta til kommunen varsla helsetilsynet i samband med hendinga.
– No er vår fremste oppgåve å ta vare på dei pårørande. Gjennom mellom anna kollegastøtte tek me også vare på helsepersonellet som har vore involvert, seier kommunalsjefen for helse- og omsorg i kommunen til NRK.
Ifølgje legen sin forsvarar, advokat John Lode Roscoe, samarbeider han for å få saka opplyst.
– Denne saka er veldig tragisk. Ikkje minst for familien til barnet, men også for involvert helsepersonell, seier Roscoe.
Direktøren i det aktuelle helseføretaket skriv i ein e-post til NRK at dei er kjente med saka.
– Me er i dialog med politiet og bidreg med dei opplysingane me kan. Sidan saka er under etterforsking, viser me til politiet for eventuell vidare uttale.
Om lag 25 barn under fire år døyr kvart år plutseleg og uventa i Noreg, ifølgje Oslo universitetssjukehus.
Ulukker og dødsfall som følgje av ytre omstende er ikkje med i denne statistikken.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.