– Politikarane i Flora har blitt haldne for narr, eg kan ikkje sitje å sjå på at dei blir lurt trill rundt, seier bystyrerepresentant Martin Malkenes (MDG).
Malkenes har vore kritisk til prosjektet heilt frå byrjinga, men no er han ein større motstandar enn nokon gong. Han meiner nemleg at ting har forandra seg sidan vindkraftselskapet Zephyr AS først fekk konsesjon til å byggje vindturbinar på Guleslettene.
– Florø bystyre la nokre heilt klare føringar, og dei har blitt totalt ignorert av Zephyr, seier Malkenes.
Han siktar mellom anna til at han meiner at vindkraftselskapet no har tenkt å plassere vindmøllene mykje nærare Florø by enn det som først var tenkt. Han seier og at vindmøllene blir større enn det som først var varsla.
Malkenes får støtte frå mellom anna Naturvernforbundet og Sogn og Fjordane Turlag.
Meiner støtte frå politikarar var viktig
Det er ikkje kommunen, men NVE som gir konsesjon til å drive vindkraft. Malkenes meiner likevel at det at kommunen gav tommel opp til prosjektet, har vore heilt avgjerande for at Zephyr fekk konsesjon i første omgang.
– Dei skuldar Flora kommune alt. Det at politikarane var positive var veldig viktig for at dei fekk konsesjon.
Vindparken skulle i utgangspunktet ligge om lag 7 kilometer frå Florø, no er det tale om at det i staden blir ein knapp kilometer nærare. Det tykkjer Malkenes har mykje å seie for både støy og utsikt.
Og ordførar Ola Teigen (Ap) tykkjer miljøpolitikaren har eit godt poeng.
– Ja, det er eigentleg eit godt poeng frå Malkenes. Vindparken kjem ein del nærare Florø enn det som var tenkt, seier Teigen.
Likevel trur ikkje ordføraren at kommunen har så mykje dei kan gjere no.
– Slik eg har forstått det, så er det NVE som må vurdere dette no som Zephyr først har fått konsesjon
NVE har ikkje svart NRK sine forsøk på kontakt i dag.
Zephyr kjenner seg ikkje att i kritikken
Sjølv om kritikarane er sikre i si sak, kjenner ikkje utbyggjar Zephyr AS seg att i kritikken som no kjem.
– Det er rett at nokre ting har forandra seg i forhold til slik det var heilt i byrjinga, men dei planane vi no har er heilt i tråd med den konsesjonen som vi har fått frå NVE, l seier Johnny
Han understrekar at konsesjonen ikkje stiller nøyaktige krav til kor vindmøllene skal verte plasserte.