Hopp til innhold

Snart blir det avgjort kven som skal eige Fjord1

Kommande veke får fylkespolitikarane konsulentane sine råd om kva dei bør gjere med Fjord1-eigarskapen. I oktober må dei fatte ei avgjerd.

MF Selje på veg over Sognefjorden

AVGJERD: Det går mot avgjerd kring eigarskapen av Fjord1. Komande veke blir fylkespolitikarane orienterte om kva konsulentane meiner dei bør gjere med aksjeposten i ferjeselskapet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter månader med arbeid, analysar og millionar brukt på konsulentar, skal fylkestinget avgjere om fylkeskommunen framleis skal eige 59 prosent av Fjord1.

– Her kan det vere alt frå framleis eigarskap som no, via andre variantar på det til eit mogleg utsal. Det har vore ein brei prosess, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Vil ikkje spekulere

Åshild Kjelsnes valdebatt 2015

VIL EIGE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner fylkeskommunen bør sitje som eigar i Fjord1.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylkesordføraren vil ikkje spekulere i om Fjord1 blir i fylkeskommunale hender. Men før fylkestinget fattar sitt vedtak, vil politikarane også be fylkesrådmannen om ei tilråding.

Allereie i 2011 meinte dåverande fylkesrådsman, Jan Øhlckers, at fylkeskommunen burde selje aksjane sine i reiarlaget . Slik som Møre og Romsdal gjorde med sin 41 prosent eigardel.

– Det er ikkje noko løyndom at Arbeidarpartiet har vore, og er, tilhengar av eit sterkt offentleg eigarskap, seier Kjelsnes og ikkje vil spekulere i kva som kan skje på fylkestinget i oktober.

– Rett å selje

Den siste tida har både Høgre og Framstegspartiet sagt at dei er viljuge til å selje av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1. Uvissa kring eigarskapen vart i sommar kroken på døra for ein mogeleg fusjon mellom Norled og Fjord1 .

Gisle Solvoll

SELJE: Gisle Solvoll meiner fylkespolitikarane vil gjere lurt om dei sel seg ut av Fjord1.

Foto: Barbro Andersen / NRK

Førsteamanuensis Gisle Solvoll ved Universitet i Nordland, som spesialiserer seg på transportøkonomi, meiner det vil vere rett av fylkeskommunen å selje.

– Deira viktigaste oppgåve er å sikre innbyggjarane eit godt transporttilbod. Men det er ei vanskeleg dobbeltrolle, å vere ein god kjøpar og samstundes eige i selskapet ein kjøper tenester frå, seier han.

Vil ikkje kommentere

Møre og Romsdal selde i 2011 sine aksjar i Fjord1 til Havila. Eit bod på 350 millionar kroner gjorde at fylkeskommunen sat att med 360 millionar kroner.

Solvoll meiner andre ferjereiarar og transportselskap kan vere aktuelle kjøparar.

– Torghatten og Norled kan vere aktuelle kjøparar. Men ein skal heller ikkje sjå vekk ifrå at utanlandske selskap kan lukte på Norge, seier han.

Det er Torghatten og medeigar Havilafjord som har forkjøpsrett på aksjane, men toppleiingane her vil overfor NRK ikkje kommentere prosessen kring Fjord1.