Hopp til innhold

Vil selje aksjane sine i Fjord1

– Fylkeskommunen bør på sikt vurdere å selje seg ned i Fjord 1, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers. På same tid vurderer fylkespolitikarane om dei skal kjøpe seg opp i selskapet etter at Møre og Romsdal vil selje andel av aksjane.

Moldefjord

VIL SELJE: Fylkesrådmann Jan Øhlckers meiner fylkeskommunen bør selje seg ned i Fjord1 på sikt.

Foto: Fjord1

– Eg trur ikkje at vi bør vere så tungt inne i eit slikt selskap, seier fylkesrådmannen.

Onsdag bestemte Møre og Romsdal fylkeskommune seg for å selje sine aksjar i Fjord1. Sogn og Fjordane fylkeskommune kan no bruke forskjøpsretten og blir eigar av heile transportselskapet.

Risiko

Øhlckers vurderer risikoen for tap av pengar som auka det siste året. Eit nedsal av aksjane hadde i tillegg gitt verdfulle inntekter i elles dystre framtidsutsiker.

Han peikar også på at Fjord 1 opererer langt utanfor det som var intensjonen til Fylkesbaatane.

– Konkurransen blir tøffare og tøffare. Den er også på heilt andre marknadar enn det som eigentleg var intensjonen med å etablere Fylkesbaatane i si tid, nemlig å styrke infrastrukturen i Sogn og Fjordane, seier Øhlckers.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sal i neste periode

Øhlckers understrekar at ein må skilje mellom kortsiktige og langsiktige vurderingar. Han ønskjer eit nedsal i den neste fylkestings-perioden. Økonomiprofessor Frode Steen ved Handelshøgskulen i Bergen er einig.

Jan Øhlckers

RISIKO: Øhlckers meiner risikoen for å tape pengar har auka det siste året.

Foto: Brit Jorunn Svanes

– Det er ikkje nødvendigvis naturleg for verken ein fylkeskommune eller ein kommune å drive eit ferjeselskap. Det er historiske grunnar til at ein hadde dette selskapet og det som er viktig er å tenkje på kva som er lurt for selskapet, seier Steen.

Økonomiprofessoren meiner fylkeskommunen bør bruke energien sin på andre område.

– Det er veldig kjekt når det går bra, men samstundes ikkje så kjekt når ting ikkje går bra. Det er ikkje nokon spesiell grunn til å tru at politisk oppnemnde styremedlem er betre til å drifte denne typen selskap enn privat oppnemnde, seier Steen.

Stor usemje

Det er høgst uklart kva fylkestinget landar på. Prislappen på aksjane er 350 millionar kroner. Om dei vel å kjøpe andelen til Møre og Romsdal, vil dei bli eineansvarlege for eit selskap med over 2000 tilsette og 30 millionar reisande.

Det bør dei ikkje bli, meiner fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik.

– Fylkeskommunen har ikkje midlane som skal til for å utvikle eit slikt selskap. Det er ein finansspekulasjon som fylkeskommunen no held på med. Det er umoralsk både overfor Møre og Romsdal fylkeskommune og ikkje minst overfor dei arbeidplassane som finst i selskapet i dag, seier Djuvik.

Vil ikkje
Norvall Nøringset

SEIER NEI: Norvall Nøringset vil ikkje selje aksjane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

SV-politikar Norval Nøringset vil slett ikkje selje seg ut.

– Selskapet har vore trygt og godt i mange år. Eg trur Fjord1 er eit selskap som står på trygge bein også i dag. Det er det einaste store og landsdekkande selskapet med hovudkontoret sitt i Sogn og Fjordane. Eg synest det er veldig viktig å gje signal om at vi har tru på selskapet, seier Nøringset.

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier politikarane lyttar til kva Øhlckers legg fram, men den auka risikoen for å tape pengar vil han ikkje kommentere.

– Det er ein spesiell bransje der det svingar veldig fort. Det er nye anbudsprinsipp og krav om eigenkapital. Vi har mange ting som vi må ta med i dei vurderingane vi skal gjere, seier Sandal.