Hopp til innhold

Fjernar karakterkrav: – Karakterane seier ikkje kven som blir gode sjukepleiarar

Studentane er nøgde, men Sjukepleiarforbundet meiner regjeringa bommar om dei fjernar karakterkrava til norsk og matematikk.

Sjukepleierutdanning i Førde, HVL.

KARAKTERKRAV: Ingeborg Krüger synest ikkje karakterane i matte og norsk seier noko om kven som blir ein god sjukepleiar.

Foto: Henning Levold / NRK

– Eg trur det er viktigare kva for karakter du har som menneske enn kva for karakterar du har i norsk og matte, seier Tristan Smeding. Han er sjukepleiarstudent på Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Førde.

Han får støtte av medstudent Ingeborg Krüger. Dei synest det er rart med krav om karakteren 3 i norsk og matematikk for å bli sjukepleiar.

– Eg skjønner ikkje kva norskkarakteren har med å bli sjukepleiar å gjere og matten vi brukar når vi reknar medikament er veldig ulik matten frå vidaregåande.

Når regjeringa fredag legg fram forslaget til endringar om opptak til høgare utdanning, ser det ut til at karakterkrava på sjukepleiarstudiet blir fjerna.

Tristan Smeding og Ingeborg Krüger, studenter ved HVL.

Krüger og Smeding meiner personlege eigenskapar er viktigare enn karakterane frå vidaregåande.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Sjukepleiarmangel

Karakterkravet blei innført i 2019. Sidan den gang har søkartala til sjukepleiarutdanningane i landet gått ned. I fjor var søkartala på det lågaste på ti år.

Samstundes er det stor mangel på sjukepleiarar i Noreg.

HVL og fleire andre utdanningsinstitusjonar søkte i fjor om dispensasjon frå opptakskravet. Den gang fekk dei avslag av ministeren for forsking og høgare utdanning.

Sjukepleiarforbundet synest regjeringa bommar når dei foreslår å fjerne karakterkrava.

Det er meir enn underleg. Regjeringa har ikkje kome med ein einaste faktabaserte grunn til å fjerne karakterkravet, seier leiar i Norsk sjukepleiarforbund, Lill Sverresdatter Larsen.

Lill Sverresdatter Larsen

Sjukepleiarforbundet er kritisk til regjeringa sitt forslag. Dei meiner det er betre lønn og arbeidsvilkår for sjukepleiarane som må til.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Sjukepleiarforbundet: – Veldig rart

Sverresdatter Larsen fryktar det vil gå utover kvaliteten på utdanninga om karakterkravet blir fjerna.

– Utdanningsinstitusjonane må bruke meir tid og ressursar på å få studentane med det svakaste grunnlaget gjennom studiet. Det vil gå utover både dei sterke og dei svakare studentane.

Heller enn å gjere opptakskravet lågare peikar ho på at betre arbeidsvilkår er vegen å gå for å få bukt med sjukepleiarmangelen i landet.

– Det er eigentleg veldig enkelt – lønna må opp og belastninga ned i sjukepleiaryrket, då vil studentane kome.

Ingeborg Krüger øver på ei venninne.

Betre arbeidsvilkår er det viktigaste grepet for å få bukt med sjukepleiarmangelen, meiner Sjukepleierforbundet.

Foto: Henning Levold / NRK

– Meir enn varme hender

Eva Marie Halvorsen har tidlegare vore dekan for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Også ho reagerer sterkt på forslaget frå ministeren for forsking og høgare utdanning.

Eg må berre seie det rett ut: Eg veit ikkje kor mykje Oddmund Løkensgard Hoel kan om sjukepleia.

Dette har med statusen til yrket å gjere og eg trur ein bit seg sjølv i halen ved å løyse sjukepleiarmangelen på denne måten.

Eva Marie Halvorsen, Røde Kors

Eva Marie Halvorsen seier ho er sjokkert over forslaget til regjeringa.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Halvorsen er tydeleg på at ferdigheiter i både matematikk og norsk er viktig i yrket.

– Dei snakkar om «varme hender», men eg synest det er eit forferdeleg uttrykk. Ein må ha med seg både hovudet og hendene som sjukepleiar, seier Halvorsen.

Ho meiner sjukepleiaryrket krev mykje meir enn før.

– I dag må dei kunne behandle data, følge med på forsking og kunne uttrykke seg munnleg og skriftleg ovanfor pasientar og medarbeidarar. Dei følger ikkje lenger berre rutinar blindt, det dei gjer skal vere kunnskapsbasert.

– Godt og naudsynt grep

HVL er ein av institusjonane som tidlegare ønska dispensasjon frå karakterkrava. Prorektor Anne-Grethe Naustdal er no fornøgd med at det ser ut til regjeringa no lyttar.

– Dette er eit viktig grep. Om dette stemmer har vi fått gjennomslag for argumenta våre om at det er sluttkompetansen på studentane som gjeld.

Dersom karakterkrava blir skrota trur Naustdal dei vil få fylt opp studieplassane sine.

– Det er veldig viktig for samfunnet vårt at desse studieplassane ikkje står tomme når behovet for sjukepleiarar er så stort som det er i dag.