Hopp til innhold

Høgskule vil opne for sjukepleiar­studentar med 2 i matte og norsk

Søkjartala til sjukepleiarstudiet stuper. No vil Høgskulen på Vestlandet ha bort karakterkravet i to fag. Studentane Maria og Kate Evelyn er skeptiske.

Sykepleierstudenter ved HVL

Kate Evelyn Shoresh og Maria Selvik trivst på sjukepleiarstudiet.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Vi må ha veldig gode norskkunnskapar for å komme gjennom dette studiet, seier Kate Evelyn Shoresh.

Ho går første året på sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Matematikken kan eg kanskje forstå at dei vil ta bort karakterkravet på, seier ho.

Studievenninna Maria Selvik nikkar. Då studentane kom inn, var karakterkravet minst 3 i matte og norsk.

Etter nesten tre månader på studiet, veit dei allereie at pensum er tøft.

– Vi må lese mykje. Eg trur fleire vil slite om dei tar bort karakterkravet, seier Selvik.

Sykepleierstudentene Marie Selvik og Kate Evelyn Shoresh.

Maria Selvik og Kate Evelyn Shoresh.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Må ha fleire studentar

I eit brev til Kunnskapsdepartementet (ekstern lenkje) har HVL no søkt om dispensasjon for karakterkrav i norsk og matte for sjukepleiarstudentane. Det er den fyrste utdanningsinstitusjonen i landet som ber om ei slik dispensasjon.

I 2019 vart det innført krav om karakteren 3 eller høgare i desse to faga.

– Det er veldig stor sjukepleiarmangel både i kommunar og helseføretak i heile landet. Det hastar med å rekruttere fleire. Vi ser at vi har ein del søkjarar som ikkje tilfredsstiller krava til å komme inn, seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal.

Prorektor Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet.

Prorektor Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Terje Rudi / HVL

Ho meiner fleire med karakteren 2 i matte og norsk er godt eigna og motiverte til å byrje på studiet. Høgskulen har sett ein markant nedgang i søkjarar etter 2019.

– Spesielt på dei desentraliserte studiane og deltidsstudia, seier prorektoren.

Ho er klar på at høgskulen ikkje vil senke på krava for å bli sjukepleiar.

– Men det kan jo bli litt meir fråfall. Dette er noko vi må analysere og følgje med på undervegs, seier Naustdal.

Les også Karakterkrav stopper Beates (43) sykepleierdrøm

Beate Nilsen

Ikkje vegen å gå

Studentleiar i Norsk Sykepleierforbund, Daniel Tørresvoll Stabu, meiner å ta bort karakterkravet ikkje er vegen å gå.

– Eg fryktar det kan føre til meir fråfall på studiet, seier han.

Han viser til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin rapport frå tidlegare i år. Den viser at fleire fullfører bacheloren sin i sjukepleie på normert tid.

I 2018 var det 4042 som fullførte på landsbasis. I 2022 var talet 4439. Også ved HVL er det fleire som har fullført.

daniel stabu, nsf student

Daniel Tørresvoll Stabu er leiar for NSF Student.

Foto: Norsk sykepleierforbund

– Svaret er ikkje å fire på krava. Man må heller sjå på vilkåra for sjukepleiarar. Vi må ha ei lønn som er jamstilt med den livsviktige kompetansen sjukepleiarar har og ein arbeidsbelastning som gjer at det er mogeleg å stå i yrket.

Stabu meiner at dersom ein har gode rammevilkår, vil det ha ein rekrutterande effekt.

Nesten halvert

I 2018 var det 9747 søkjarar til sjukepleiarstudiet ved Høgskulen på Vestlandet. 8268 av desse var kvalifiserte. I år var talet på søkjarar 5221. Berre 3622 var kvalifiserte.

Nedgangen er størst på dei mindre stadene Haugesund, Stord og Førde. Men også i Bergen har det vore færre søkjarar.

Sykepleiestudenter på Oslo Met

Mangelen på sjukepleiarar er stor over heile landet.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Vi har fått støtte frå andre høgskular i Noreg òg, seier Anne-Grethe Naustdal.

Nasjonalt opptaksutval skriv også i rapporten sin at dei vil fjerne karakterkrava på både sjukepleiarutdanninga og lærarutdanninga.

– Det vi søkjer om no, er eit pilotprosjekt for 2024/2025. Frå 2025 kan truleg karakterkravet forsvinne i heile landet, seier ho.

Ministeren vil lytte

Onsdag var forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) Høgskulen på Vestlandet i Førde. Ho veit at mangel på kompetanse er ei stor utfordring i ei rekkje næringar og yrkjer.

Jenny Følling og Sandra Borch

Sandra Borch i Førde onsdag. Her med ordførar i Sunngjord Jenny Følling (Sp).

Foto: Julie Haugen / NRK

– Fleire sjukepleiarutdanningar slit med å fylle studieplassane. Både Høgskulen på Vestlandet og UiT i Harstad har løfta karakterkrava som ei stor utfordring når eg har besøkt dei, seier Borch.

Sandra Borch (Sp)

Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ho meiner dette er ei samfunnsutfordring regjeringa vil ta på alvor.

– Eg kan ikkje forskotere kva svaret på dispensasjonssøknaden blir, men eg kan love at eg skal lytte godt til deira bekymringar og ta dei med meg i dei arbeida vi no er i gang med, seier Borch.

Til våren skal regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om ny opptaksmodell.

– Det er på høg tid at vi får rydda opp i det som i dag er eit veldig komplisert opptakssystem, og som over tid har ført til kunstig høge poenggrenser på fleire utdanningar. Vi kan ikkje ha det slik at ungdom må bruke årevis på å ta opp fag og samle poeng før dei kjem i gang, seier Sandra Borch.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg