Hopp til innhold

Enorme snømengder stengde Bergensbanen – slik ser det ut på fjellet

Fjellovergangar er stengde og Bergensbanen var stengd. Astrid Dalehaug Norheim la seg til å sove på nattoget og vakna opp der ho starta.

Siste: I 19-tida opna Bergensbanen. Ein må framleis rekne med forseinkingar.

– Eg syntest det var litt rart at toget stod så mykje i ro i løpet av natta. Men tenkte at eg kanskje hadde vore vaken på stasjonane, seier Astrid Dalehaug Norheim.

Tysdag kveld gjekk ho og la seg i sovevogna på jernbanestasjonen i Bergen.

Planen var: Å ta nattoget over fjellet.

Då ho slo opp auga trudde ho at utsikta skulle vera Oslo. Stor var undringa då ei røyst på høgtalaren sa noko anna.

– Då fekk eg høyra at me var returnert til Bergen, og at me hadde stått i ro på Voss i heile natt, før me køyrde tilbake, seier Norheim.

Ho er ein av mange som denne veka opplever at det er vanskeleg å komme seg frå aust til vest i Sør-Noreg denne veka.

Lang tur. Astrid Dalehaug Norheim

I OSLO: Etter å ha teke nattoget Bergen/Voss t/r, bybane frå Bergen sentrum til Flesland, og fly til Oslo, er endeleg Astrid Dalehaug Norheim på plass der ho skulle.

Foto: Privat

Vanskelege forhold på veg og bane

Uvêr, mykje snø og vanskelege forhold gjer det vanskeleg for både bilistar og togreisande.

Norheim valde nattoget fordi ho då skulle vera klar for møte i hovudstaden etter ei god natt med søvn.

I staden enda turen opp med fly til Oslo.

– Dette er berre noko ein må rekna med i Noreg om vinteren, seier ho.

Store togproblem

I løpet av tysdag kveld og natt til onsdag har det nemleg vore store problem med togtrafikken mellom Oslo og Bergen. Først var det straumstans som førte til at ettermiddagstoget frå Oslo til Bergen måtte snu ved Nesbyen.

Deretter førte vêret til at nattoga begge vegar ikkje kom seg av garde.

Også morgontoga onsdag morgon vart innstilte.

– Bergensbanen er enno stengt mellom Geilo og Mjølfjell. Det er krevjande tilhøve i fjellet, men me jobbar med å brøyta opp, sa pressevakt i Bane Nor, Britt-Johanne Wang.

Folk i kø for å booke om billetter på Bergensbanen og Jernbanestasjonen i Bergen

Mange reisande møtte opp på jernbanestasjonen i Bergen i håp om at toget deira skulle gå. Mange enda opp med å måtte booke om.

Foto: Cato H. Kristensen / NRK

Etter planen skal trafikken komma i gang igjen i løpet av dagen.

Stengde vegar

Det er ikkje berre for toga at dårleg vêr skapar problem onsdag. Fleire fjellovergangar er stengde:

  • E134 over Haukelifjell
  • Rv 7 Hardangervidda
  • Rv 15 Strynefjellet
  • Fv. 50 Hol-Aurland
  • Fv. 53 Tyin- Årdal
  • Rv. 13 Vikafjellet
  • Fv. 5410 Nesheimsfjellet.

Skal du over fjellet i dag er dette dei opne alternativa inntil vidare:

  • E16 over Filefjell.
  • På Rv 52 Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring på grunn av dårleg vêr.

Rv 15 ved Grotli

DÅRLEG SIKT: Det er dårleg vêrforhold på mange fjellovergangar onsdag. Her frå Grotli, og vegen mot Strynefjell. Dette er ein av mange stengde.

Foto: Statens Vegvesen

Best over Filefjell

– Det sikraste kortet i dag, om ein skal over, er over Filefjell. Der skal det blåsa bris, opp i liten kuling midt på dagen. Så om det ikkje vert for kraftige vindkast, er dette best, seier Jon Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

Men, også over Filefjell kan det kjapt endre seg:

– Brøytemannskapet seier dei trur dei skal greie å halde Filefjell opent i dag, men fjellet gir aldri garanti. Det kan endre seg brått, seier trafikkoperatør Ronny Sleire til NRK like etter 09.15.

Stengt lenge

Rv 7 over Hardangervidda vert ikkje vegen opna før tidlegast torsdag. Statens vegvesen skriv også at E134 over Haukelifjell vert stengt til torsdag morgon.

– Over Hardangervidda skal det blåsa stabilt stiv til sterk kuling, og med vindkast på opp i 25 til 30 meter i sekundet gjennom dei neste 16 timane, seier Omdal.

Det er meldt store mengder snø i både Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag frå tysdag ettermiddag.