Hopp til innhold

Ferskvatn er beste behandling mot lakselus, men blir lite brukt av laksenæringa

Å bada oppdrettslaks i kaldt ferskvatn gir best avlusingseffekt og skadar fisken minst, viser ny studie. Men næringa vil også fortsetta med andre metodar.

Forsøk der laks blir mekanisk avlust (spyling).

HESTEKUR MOT LUS: Å spyla eller børsta laks for å fjerna lakselus, er blant dei meir hardhendte metodane som stressar og skadar fisken.

Foto: Cameron Thompson / HI

Me veit at ferskvatn er både skånsamt og effektivt, og ønsker å bruka denne metoden meir, men me kan jo ikkje berre bruka dette over heile fjøla.

Det seier Karoline Skaar Amthor, Sjømat Noreg sin fagsjef for miljø og helse.

– Har størst effekt

Dei to mest brukte måtane for å fjerna lakselus på oppdrettsfisk, er

  • Å bada fisken i varmt saltvatn (såkalla termisk avlusing ved 28-34°C)
  • Å spyla eller børsta fisken (mekanisk avlusing)

Men no har nye forsøk ved Havforskingsinstituttet (HI) konkludert med at den beste avlusingsmetoden er ein som er mindre brukt:

  • Å bada laksen i kaldt ferskvatn

– Forsøka våre viser at den behandlingen, åleine og kombinert med andre metodar, har størst avlusingseffekt, seier prosjektleiar Samantha Bui.

Termisk avlusing av laks

Her fører skovlene laksen gjennom eit bad på 28 til 34°C. Det tar 20–30 sekund frå laksen kjem inn til skovlene før dei er ute på andre sida.

Foto: Lars Helge Stien / HI

Avlusing er største dyrevelferdsproblem

Denne minst brukte av dei tre metodane gir også best fiskevelferd.

– Ferskvassbehandlinga fjernar flest lus og gir minst skader og stress for fisken, seier Lars Helge Stien, forskingssjef for dyrevelferd ved Havforskingsinstituttet.

Dei to vanlegaste metodane skader og stressar fisken meir.

Lars Helge Stien, forskingssjef for dyrevelferd, Havforskingsinstituttet

– Hyppig avlusing er det største dyrevelferdsproblemet i lakseoppdrettsnæringa, seier forskingssjef Lars Helge Stien.

Foto: Christine C. Fagerbakke / HI

Termisk bad på 34°C førte til det aller dårlegaste velferdsresultatet.

I forsøka gav alle metodane hudskadar på opptil 20 prosent av fiskane, men varmebehandling gav i tillegg skader på auga til opptil 15 prosent av fiskane.

Har aldri samanlikna slik før

Avlusingsforsøka vart gjort ved Matre forskingsstasjon i Masfjorden i Vestland.

Dette er første gong Havforskingsinstituttet systematisk har samanlikna effektiviteten og belastninga til dei tre mest brukte avlusingsmetodane.

Forskarane henta eksperimentelle data gjennom forsøk med nokre hundre laks i kar. I neste fase henta forskarane inn og systematiserte data om avlusing i stor skala frå fleire kommersielle oppdrettsanlegg.

Avlusingsforsøk ved Matre havbruksstasjon (Havforskingsinstituttet). Avdelingsingeniør Simon Flavell.

Forsøka vart gjort ved Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Matre i Nordhordland.

Foto: Samantha Bui / HI

Næringas ansvar

Stien understrekar at det eigentleg er næringa som skal kartlegga korleis avlusing skadar fisken.

– Dei som har utvikla og som sel ein metode, har ansvar for å dokumentera at velferda er god under behandlinga, seier han.

Amthor i Sjømat Noreg slår fast at næringa gjer slik forsking og dokumentering.

– Alle metodar skal vera dokumentert dyrevernmessig forsvarlege. Og så går det føre seg eit kontinuerleg forbetringsarbeid, seier ho.

Men ho kan ikkje lova heilt nye, alternative og meir skånsame avlusingsmetodar.

– I første omgang ser ein på korleis ein kan kombinera dei metodane ein har no. Me er jo heilt avhengige av å kunna rotera mellom ulike metodar. Me er nøydde til å gjera alle metodane betre, seier Amthor.

Karoline Skaar Amthor (t.h.) i Sjømat Norge

– Det er ikkje slik at me på grunn av desse resultata ønsker å berre bruka ferskvatn mot lakselus, seier fagsjef Karoline Skaar Amthor i Sjømat Noreg (til høgre).

Foto: Privat

Også havforskarane meiner det er viktig å ha flest mogleg metodar mot lakselus.

– Dei ulike metodane har veldig variabel avlusingseffekt frå gong til gong. Dessutan er lakselus veldig tilpassingsdyktig. Derfor er det viktig å ha ein stor «verktøykasse», slik at ein kan variera kva metode som blir brukt, seier Stien.

Handtering gir dårlegare fiskevelferd

Havforskarane peikar på at den meir eller mindre hardhendte transporten og handteringa av laksen er vel så belastande som sjølve avlusingsbehandlinga.

I alle dei tre avlusingsmetodane blir fiskane først trengt saman i merden før dei blir pumpa gjennom røyr over i ein brønnbåt der avlusinga skjer.

– Eitt av hovudfunna våre er at handteringa i seg sjølv påverka både talet lakselus og velferda til fisken, seier Bui.

– Ferskvatn kom ut som den beste behandlinga, men det er klart at også med denne metoden må fisken trengast saman og pumpast opp før behandling. Så all handtering har ein risiko, seier Stien.

Rørslange på veg ned i en merd for å pumpe laks opp for avlusing.

Ein røyrslange på veg ned i ein merd for å pumpa laks opp til avlusing i brønnbåt. Transporten kan minna om ein svimlande rutsjetur på badeland.

Foto: Lars Helge Stien / HI

– Røyr skapar sår og rifter

Stien seier det er mange faktorar som spelar inn på brønnbåtane og i oppdrettsanlegga, til dømes viss røyra har krappe svingar.

– Transport gjennom røyr skapar små sår og rifter på fiskane. Frisk laks toler mykje, men ikkje fisk som i utgangspunktet har svekka helse. Såra kan bli infisert av bakteriar. Då får me langvarig liding for fisken, seier Stien.

Han etterlyser meir fokus på korleis fisken blir transportert og handtert før og etter lusebehandlinga.

Sjømat Noreg vedgår at trenging og pumping er eit av dei mest kritiske punkta i avlusinga.

– Også der kan ein aldri slutta å bli betre. Krappe røyr skal jo ikkje førekomma. Alt som til dømes gjer at fisken vil dulta bort i noko, eller vera utanfor vatn, kan påverka fisken negativt, seier Amthor.

Lakselus

Oppdrettsfisk blir ofte utsett for lakselus som festar seg til skinnet.

Foto: Samantha Bui / HI

Unngå at lusa toler ferskvatn

Forskarane granska òg lakseluslarvar sin toleranse for temperatur og ferskvatn.

Sjølv om ferskvassbad kan vera ein gunstig avlusingsmetode, meiner forskarane ein bør vurdera nøye kor ofte metoden blir brukt for å unngå at lakselus blir motstandsdyktig mot ferskvatn.