Hopp til innhold

Ferielandet Noreg skal bli meir tilgjengeleg

Reiselivsbransjen tek grep for å betre tilboda til turistar med nedsett funksjonsevne.

Rullestolbrukar i trehytte i Gloppen

GLOPPEN, NORDFJORD: Hjå Engeset trehytter ønskjer dei å gjere spektakulær overnatting tilgjengeleg for fleire.

Foto: Privat

I eit skogholt med utsikt over fjorden viser eigar av Engeset Trehytter, Olav Aabrekk, stolt fram sitt siste verk.

– Tanken var å skape eit likeverdig overnattingstilbod for alle, som også er litt utanom det vanlege, fortel han.

På den universelt utforma hytta, skal alle få moglegheit til eit overnattingstilbod tett på naturen
Trehytte i Glopppen
Trehytte på Sandane i Gloppen

Trehytta er universelt utforma og tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Men slik er det slett ikkje overalt.

Ei spørjeundersøking frå Nordlandsforsking viser at 40 prosent av nordmenn med nedsett funksjonsevne har opplevd ekskludering på ferie i Noreg.

Magnhild Sørbotten er avhengig av rullestol store delar av tida, og er mellom dei som har opplevd slik eksludering.

– Det er sårt at eg og familien min ikkje får den same moglegheita til å oppleve Noreg, slik som andre familiar, seier Sørbotten.

Lite tilrettelegging

I rapporten frå Nordlandsforsking er manglande informasjon og sikkerheitetiltak, dårleg transportmoglegheiter og lite tilrettelegging av ute- og inneareal, nokre av punkta som blir trekt fram som årsaker til eksluderinga.

– Om eg kjem meg fram til overnattingsstaden, treng eg ofte hjelp til å kome meg inn i bygningane. Grunna dårleg tilrettelegging kan det også vere vanskeleg å finne aktivitetar å delta på, seier Sørbotten..

Ho meiner at enkle grep kan gjere tilbodet tilgjengeleg for fleire.

Leiar i Norges Handikapforbund, Magnhild Sørbotten, ønskjer at reiselivet i Noreg skal bli betre på tilrettelegging for turistar med nedsett funksjonsevne.

Leiar i Noregs Handikapforbund, Magnhild Sørbotten, ønskjer at reiselivet i Noreg skal bli betre på tilrettelegging for turistar med nedsett funksjonsevne.

Foto: Norges Handikapforbund

Norsk reiseliv er ikkje tilpassa for alle

– Vi har mykje naturbasert reiseliv i Noreg og vi har ikkje hatt tradisjon for tilrettelegging, seier Aase Marthe J. Horrigmo, som er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.

Ho understrekar at dei ser ei positiv utvikling hjå aktørar som vil legge til rette for fleire, men det er framleis for stor variasjon i tilbod tilgjengeleg for alle.

–Reiselivsaktørane trenger å bli bevisstgjort på problematikken, men også få kunnskap om korleis dei kan tilpassa for å kome dei besøkande i møte.

Aase Marthe J. Horrigmo

– Norsk turisme har vore dårleg på å tilpasse sine tilbod til turistar med nedsett funksjonsevne, spesielt i distriktet og mindre byar, seier direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg, Aase Marthe J. Horrigmo.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Med ein son som sit i rullestol har Olav Aabrekk i Gloppen sjølv opplevd utfordringar med å finne spennande overnattingsplassar tilpassa familien sitt behov. Det er noko han ønskjer å gje til andre.

Bilen kan køyrast heilt inntil, og trappa er bytta ut med ei rampe. Inngangsdøra har ei brei opning, dørstokken er fjerna og innvendig er det god golvplass.

– Eg håpar at dette kan gje fleire moglegheita til ei spektakulær natt tett på naturen, men også at hytta kan inspirere fleire i reiselivsbransjen til å skape tilgjengelege reiselivsprodukt.

Olav Aabrekk

I eit skogholt med utsikt over fjorden viser eigar av Engeset Trehytter, Olav Aabrekk, stolt fram sitt siste verk.

Ønskjer å gjere reiselivet tilgjengeleg for fleire

I 2021 starta Nordlandsforsking opp prosjektet Acesstour. Målet er å gjere reiselivet i distriktet tilgjengeleg for fleire.

– Det er så mange som har ein eller annan form for funksjonsnedsetting. Difor er det så viktig at dei opplever å få eit likeverdig tilbod, seier Karin Marie Antonsen.

Forskingsgruppa arbeider med å formidle kunnskap til reiselivsaktørar for at dei kan tilpasse tilboda sine betre.

Gjennom kartleggingsverktøy skal aktørane bli bevisstgjort på «kor skoen trykker».

– Vi opplever at lokale reiselivsbedrifter er positive og velvillige. Så eg er optimistisk til reiselivet framover, seier Antonsen.

Prosjektleiar i Acesstour, Karin Marie Antonsen, arbeider for å gjere reiselivet tilgjengeleg for fleire

Prosjektleiar i ACESSTOUR, Karin Marie Antonsen, vil gjere reiselivet tilgjengeleg for fleire

Foto: Marta Anna Loevberg / Marta Anna Loevberg