Hopp til innhold

«Nei, eg slo ikkje Kirketeig»

Jarle Kirketeig hevdar Magne Ulvatn skal ha slege han i hovudet. Sjølv meiner fylkesleiaren i Fellesforbundet at berre ville ta av han lua.

Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten

BETENT SAK: Magne Ulvatn (bak) forklarte at han aldri meinte å slå Jarle Kirketeig (framme).

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

– Det var eit tåpeleg forsøk på å vere morosam, sa Magne Ulvatn i Fjordane tingrett fredag.

Det er andre dag leiaren i Fellesforbundet avdeling 19 forklarer seg i den betente rettssaka, der organisasjonsmedarbeidar Jarle Kirketeig hevdar han er blitt mobba og trakassert av sin eigen sjef.

Prøvde å nappe lua - trefte hovudet

Tidlegare i veka kom det fram at Ulvatn skal ha slege Kirketeig i hovudet.

Episoden skal ha skjedd på eit hotell i Sogndal, der leiaren fekk sjå Kirketeig stå med lue på hovudet i resepsjonen.

Då gav Ulvatn medarbeidaren sin beskjed om å ta av seg hovudplagget før han gjekk inn i matsalen.

– Eg prøvde å nappe av han lua. Då kan eg ha treft Kirketeig i hovudet, forklarte Ulvatn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Ulvatn i rettssal 4 i Fjordane tingrett

FORKLARER SEG: Magne Ulvatn er fredag i Fjordane tingrett for å gi sin versjon av arbeidskonflikten med Jarle Kirketeig.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Hevdar han ikkje ville slå

Ulvatn sin advokat spurde så klienten sin om han har beklaga overfor Kirketeig.

– Nei. Men eg har snakka med Kormeseth, og sagt at det var dumt gjort, svarte Ulvatn.

–Slo du han?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Det er mogleg eg var borti han. Men det var ikkje min intensjon å slå han, svarte Ulvatn etter ei tenkjepause.

Meiner konflikten vart konstruert

I retten vart det lest opp frå eit brev frå Ulvatn til advokaten, der det kjem fram at Ulvatn «er sint, fortvila, såra og oppgitt over å bli angripen frå alle kantar». Han skal ha «vore gjennom alle kjensler eit menneske kan ha», heiter det.

Ulvatn fortalde at han har hatt det tungt etter at saka dukka opp i media.

Overfor retten konstaterte han at han ikkje har forståing for at motparten gjekk til media med saka. Han mistenkjer Kirketeig for å ha konstruert eit dårleg samarbeid, og at han ville ha ei konflikt for deretter å kunne fjerne leiaren frå stillinga.

Kirketeig sin advokat spurte Ulvatn om kva slags tankar han har gjort seg om at det langt frå berre er Kirketeig som har hatt problem med leiarstilen hans. Dette greidde ikkje Ulvatn å gje noko skikkeleg svar på.

-Kan det ha noko med leiarstilen di å gjere, spurde advokaten.

-Det veit eg ikkje, svarte Ulvatn.

Støtta Ulvatn

Ulvatn fekk støtte frå Svein Hatlevoll i retten i dag. Hatlevoll har vore styremedlem i avdeling 19 i mange år, og sa han kjenner både Ulvatn og Kirketeig godt. Fram til 2009 hadde Hatlevoll mest sympati for Kirketeig i konflikten med Ulvatn. Etter den tid fekk Hatlevoll eit anna syn på saka.

- Vi omorganiserte slik at Kirketeig fekk Bjørn Kormeseth å forhalde seg til som nærmaste leiar, ikkje Ulvatn som tidlegare. Men konflikten vart ikkje mindre av den grunn, fortalde Hatlevoll. Han forsvarte vedtaket om å gje Kirketeig sparken.

Langeland kritisk til Kirketeig

Også Arvid Langeland, LO-sekretær i fylket, støtta Ulvatn.

- Det verkar som om Kirketeig har hatt problem med å forhalde seg til at han har folk over seg som bestemmer. Eg har oppfatta han som eigenråding og til dels kverulerande, sa Langeland.

Siste dag av saka i tingretten

Bakgrunnen for den mykje omtala rettssaka i Fjordane tingrett er Jarle Kirketeig sitt søksmål for å få jobben sin som organisasjonsmedarbeider tilbake. Han krev også 300 000 i oppreising for det han meiner er mobbing og usakleg oppseiing.

Kirketeig hevdar han er blitt mobba og trakassert, og at det i hovudsak var Magne Ulvatn, den valde leiaren i Fellesforbundet i fylket, som stod for det.

Fleire har kjend seg mobba

Også ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde, som tidlegare har jobba som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet avdeling 19, har følt seg alvorleg mobba og trakassert av Ulvatn. Også Ruth Skrede, tidlegare sekretær ved Fellesforbundet avdeling 19, har uttalt seg svært kritisk om Ulvatn sin leiarstil.

Eksklusjon?

Roger Johansen, som har jobba 30 år i Fellesforbundet og som har vore organisasjonsarbeidar ved avdelinga i Bergen, har kome med sterk støtte til Kirketeig. Under rettssaka sa han mellom anna at Ulvatn har ein leiarstil som ikkje passar i Fellesforbundet. Dersom Ulvatn ikkje trekkjer seg frivillig, må han om naudsynt ekskluderast, sa han mellom anna.

Kirketeig framstår truverdig

Kirketeig sin lege og psykolog skildrar han som ein ærleg og rettskaffen mann. Ein omfattande personlegdomstest konkluderer mellom anna med han er veldig truverdig.

Kostbar rettssak

Rettssaka vart avslutta fredag ettermiddag. Det er venta at domen vil liggje føre om nokre veker. Saka har vore langvarig og svært omfattande, og den parten som taper må truleg ut med store summar i sakskostnader.