Hopp til innhold

Skal ordne barnevernet før ferien

Fylkesmannen har truga med bøter om ikkje Førde får kontroll på barnevernet. - Alt under kontroll før sommarferien, svarar kommunen.

Fosterhjem - illustrasjon

BROT PÅ BROT: Barnevernet i Førde lovar å bli betre. Det er utarbeidd ein handlingsplan for dei tilsette.

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Fleire år med brot på fristar har fått fylkesmannen til å kome kraftige reaksjonar på Førde kommunen og måten dei handsamar fristar og uromeldingar i barnevernet, skriv Firda.

Først etter at kommunen vart truga med bøter, har politikarane fått fingeren ut. No lovar dei at dei skal ta fatt på utfordringane som ligg i barnevernet.

Barnevernsleiar Gro Byrkjeflot har utarbeidd ein handlingsplan, og kommunen har hatt møte med fylkesmannen.

- Eg er mykje meir optimistisk no, seier rådmann Ole John Østenstad til avisa.

Barnevernet i Førde har vore prega av tilsette med langtidssjukemeldingar og stadig nye sjuke folk. Dette har påverka drifta.

Tenesta fekk første februar to ekstra tilsette.