Hopp til innhold

Fryktar byveksten går ut over borna

Barnevernsleiar Gro Byrkjeflot trur ein aukande storbykultur i Førde kan syne att i det aukande talet på born som treng hjelp.

Barnevernsbarn

STADIG FLEIRE SAKER: Barnevernsleiar Gro Byrkjeflot i Førde trur stressande arbeidsmiljø går ut over borna. Etter diskusjon internt har tilsette i Barnevernet i Førde kome fram til at dei ikkje vil stå fram med bilete.

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

– Når byen veks kan det utvikle seg ein prestasjonskultur som gjer tidsklemma for familiane endå strammare. Då kan det bli borna som kjem i klem, seier Byrkjeflot.

Ho er barnevernsleiar i Førde kommune og fryktar at baksida av medaljen for tilflytting og ein attraktiv arbeidsmarknad kan bli at fleire born treng hjelp.

Tilflyttarar utan nettverk slit

Byrkjeflot viser til at mange av sakene dei handsamar dreier seg om familiar som har flytta til kommunen med von om nye moglegheiter, men som får problem på grunn av manglande nettverk og stort press i arbeidslivet.

– Tilflyttarar slit oftare enn folk som har røtene sine her, fordi dei manglar støtta ein får gjennom eit solid nettverk av vener og familie, seier Byrkjeflot.

– «Trivselsfylket»?

Stadig fleire barnevernssaker blir melde inn over heile landet, og i Sogn og Fjordane slit Barnevernet med å halde fristane for ferdighandsaming. Byrkjeflot set spørjeteikn ved det såkalla «trivselsfylket», og peikar på at det ein gjerne ser på som storbytendensar finst i like stor mon her.

– Mange har eit bilete av bygda som ein trygg stad der alle har det bra, men talet på til dømes samlivsbrot i fylket skil seg ikkje mykje frå resten av landet, seier Byrkjeflot.

(Artikkelen held fram under biletet)

barnevernssaker

TALET PÅ BARNEVERNSSAKER STIG: Talet på born med barnevernssaker i Sogn og Fjordane steig frå 921 i 2009 til 994 i 2010. I 2010 kom 300 nye born inn i barnevernet si saksbunke her i fylket. På landsbasis steig talet på born med barnevernstiltak frå 46.487 i 2009 til 49.781 i 2010. Same året kom 13.727 nye born inn i barnevernssystemet.

Foto: ssb.no

Trur folk strevar meir i dag

Ho trur det har blitt vanskelegare å vere familie i dag, og at dette kan ha samanheng med det aukande talet på barnevernssaker.

– Mange møter høge krav og forventningar i hektiske jobbar, samstundes som familien skal følgjast opp. Det er det ikkje alle som klarer, særleg ikkje om dei manglar folk rundt seg til å hjelpe, meiner Byrkjeflot.

Meistringssamfunnet øydelegg

Dersom foreldre bukkar under for arbeidspresset, kan det resultere i økonomisk trøbbel, som igjen kan verke inn på andre faktorar.

– Då kan mindre problem med rus eller psykiske plager vekse seg så store at borna lir overlast, seier Byrkjeflot.

Liv Sæbø ved Familiekontoret i Førde trur også eit aukande stressnivå i arbeidslivet kan liggje til grunn for at fleire treng hjelp.

– I dag skal ein meistre både på jobben og ikkje minst på heimebane. Helst skal ein følgje opp borna på ein god måte samstundes som ein spring i fjella og syng i koret, meiner Sæbø.

Kan ikkje ty til familien når alle jobbar

Liv Sæbø

TRUR MEISTRINGSPRESSET HAR VAKSE: Liv Sæbø ved Familiekontoret i Førde.

Foto: Bufetat, Region vest

Ho ser også at tilflyttande familiar slit med manglande avlastning i form av familienettverk, men trur eit endra arbeidsmønster generelt kan utfordre familien som støtteapparat.

– Sjølv om ein jobbar og bur i nærleiken av andre familiemedlemer, kan ein ikkje alltid ty til dei for avlastning. Før kunne ein kanskje sende ungane til bestemor og bestefar for avlastning, men i dag jobbar ofte dei òg, seier Sæbø.

Etterlyser open prat om det såre

Ho trur det blir viktig å møte dei nye utfordringane som kjem med ein bygdeby i utvikling med openheit.

– Vi må våge å snakke om det såre og vanskelege ved å ikkje meistre alt vi trur vi må oppnå. Ved Familiekontoret kan vi minne folk om at visse fasar i livet er tøffe, og at mykje av presset om å vere vellykka i alt er innbilt press, seier Sæbø.

Fleire saker kan vere godt teikn

Ho trur Førde vil tilpasse seg samfunnsutviklinga med fleire aktive i arbeidslivet.

Sæbø meiner også auken i innmelde saker til Familiekontoret og Barnevernet kan vere teikn på at problem blir tekne på alvor. Dermed kan dei også gjerast noko med.

Skal satse på dei minste

Ved Barnevernet vil dei arbeide meir med dei minste borna framover. Ei undersøking viste at barnehagane svært sjeldan melde frå om kritikkverdige tilhøve for borna.

I Førde startar dei eit prosjekt for å gjere tilsette i barnehagane meir medvitne om kva Barnevernet kan hjelpe med.

– Ved å leggje vekt på dei yngste borna vil vi fange opp problem innan dei utviklar seg til tunge saker, seier Byrkjeflot.

Vil ha samarbeid for borna sitt beste

Ho meiner dei komplekse årsaksforholda som ligg til grunn for mange barnevernssaker gjer at fleire relevante aktørar må samarbeide for å unngå at born må ha hjelp.

– Både helsevesenet, skulen, Politiet, Familiekontoret og Barnevernet må nok snakke meir saman og vere meir medvitne om rolla dei spelar for borna sitt beste, seier Byrkjeflot.