Hopp til innhold

Vil ha betre barnevernutdanning

Utdanninga innan barnevern og sosialt arbeid bør bli betre og lengre. Det meiner forskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Jan Storø.

Førstelektor Jan Storø ved barnevernsutdanningen, Avdeling for samfunnsfag på Høyskolen i Oslo

BETRE OG LENGRE: Forskar Jan Storø meiner utdanninga innan barnevern og sosialt arbeid ikkje er god nok slik den er i dag og vil endre utdanninga.

Foto: PRIVAT

NRK Sogn og Fjordane har dei siste dagane sett fokus på vilkåra for barnevernet. Fleire vi har snakka med etterlyser nettopp ei utdanning med høgare kompetansekrav.

Storø er samd og seier kvaliteten på utdanninga slik den er i dag, ikkje er god nok.

- Eg meiner vi treng ei kvalitetsheving av desse utdanninga, seier Storø til NRK.

Krev meir pengar

Forskaren ved Høgskulen i Oslo har i mange år vore ein av dei fremste innan utdanning av fagfolk til barnevernet i Norge. No tek han til orde for ei utdanningsreform som sikrar at brukarane får eit best mogleg tenestetilbod.

Staten og må leggje meir pengar på bordet for å få heva kvaliteten, meiner forskaren.

- Både utdanninga for barnevernspedagog og sosionom er blant dei utdanninga som får minst løyvingar per student, forklarar Storø.

Vil ha masterstudium i Sogndal

Åse Løkeland - rektor HSF

VIL HA MASTER: Åse Løkeland som er rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier dei har søkt om å få til eit masterstudium.

Foto: HSF

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vert det kvart år utdanna eit nytt kull barnevernspedagogar. No ønskjer Høgskulen å leggje til rette for eit masterstudium innan omsorgsfeltet, og rektor Åse Løkeland vonar at det er den kvalitetshevinga som skal til.

- Eg kan godt skjøne at ein peikar på behovet for meir kompetanse innan dette feltet. Det vi har gjort er at vi har søkt om å få eit masterstudium i samhandling innan helse og sosialtenester, seier Løkeland.

Eit slikt studium vil vere ope for sosialarbeidarar, barnevernsarbeidarar, vernepleiarar og sjukepleiarar.

Jan Storø meiner uansett det er viktig at det skjer noko med utdanninga innan barnevern og sosialt arbeid. Forskaren peikar også på at det må leggjast til rette for at kvar einskild student vert følgd tettare opp.