Slit med å hjelpe born i tide

Barnevernet i kommunane i Sogn og Fjordane slit framleis med å hjelpe born i tide. No varslar Fylkesmannen tettare oppfølging for å hindre fristbrot.

Barnevern

HJELP: Barnevernet skal undersøke ei sak dei får melding om innan tre månadar. Men alt for ofte går det lenger tid, syner ein fersk rapport frå Fylkesmannen.

Foto: Åse Pulk/NRK

Etter lova skal barnevernet undersøkje ei sak innan tre månader. Men mange kommunar klarar ikkje å tilby hjelp innan dei gitte tidsfristane. Dette er ein av konklusjonane i årsrapporten frå Fylkesmannen om barnevernet i fylket.

Dei vil no følgje kommunane endå tettare for å hindre at fleire born blir ståande utan hjelp dei har krav på.

– Vi aksepterer ikkje fristbrot i det heile teke, seier rådgjevar for barnevernsområdet, Line Hélen Pedersen Døsen.

Mange «unnskyldningar»

Ho fortel at det no er fleire kommunar som blir følgde tett og frå Fylkesmannen si side. For sjølv om kommunane verkar å ta problema på alvor, får dei det ikkje til.

Mangel på personale, sjukemeldingar blant dei tilsette og dårleg kommuneøkonomi er argument Fylkesmannen blir møtt med når dei er i kontakt med kommunane om fristbrot i barnevernet.

– Utfordringa vår er å hjelpe kommunane slik at dei ikkje hamnar i denne situasjonen, seier Pedersen Døsen og legg til:

– Det er gjennomgåande nokre kommunar som har fristbrot. Det er samtidig vanskeleg å gje ein lik konklusjon for alle, fordi det er forskjellige årsaker som fører til desse fristbrota.

Kan få bøter

Dersom ikkje kommunane klarer å følgje opp dei lovane og reglane som gjeld, kan dei i verste fall bli bøtelagde. Til no har det ikkje vore nødvendig.

Pedersen Døsen meiner kommunane tek dette på alvor. For å hjelpe kommunane har dei mellom anna løvyd pengar til oppretting av stillingar i barnevernet.