– Vi har no overlevert våre synspunkt og krav, og difor avsluttar vi aksjonen i kveld, seier talsperson Karianne Opgård Andersen.
Årsaka til aksjonen mot riggen som ligg i Skipavika i Gulen er den planlagde leiteaktiviteten i Barentshavet.
Budd på lang aksjon
Då aksjonistane frå Greenpeace gjekk om bord i oljeriggen West Hercules torsdag morgon, var riggleiaren lite interessert i snakke med dei. Aksjonistane slo seg då ned i trappa inne i riggen. Der var dei utstyre med mat, drikke og soveposar og i utgangspunktet innstilte på å bli der lenge.
Torsdag kveld valde riggleiaren likevel å møte aksjonistane og då løyste alt seg.
– Noko av utgangspunktet for aksjonen var at vi ynskte å få snakke med riggleiaren og forklare kvifor vi meiner dei ikkje bør dra, seier Andersen.
– Men no kan altså riggen reise frå Skipavik, ein dag forseinka. kva har de då oppnådd med aksjonen?
– Vi meiner at møte med riggleiaren var viktig, og vi håpar at dei kjem til å ta omsyn til det vi har skrive i brevet vi overleverte om kvifor vi ikkje ynskjer at riggen skal gå til Barentshavet.
Leiteboring
Greenpeace er kritiske til den planlagde leiteboringa etter olje i Barentshavet.
– Norge har forplikta seg til klimamål og verda har allereie funne meir fossilt brensel enn vi kan forbrenne og då meiner vi det er uforsvarleg å leite etter stadig meir, seier Andersen.
Ho vil førebels ikkje seie noko om det kan fleire aksjonar mot den planlagde prøveboringa nord for 62. breiddegrad.
– Det er for tidleg å seie, men eg veit at det er mykje både vilje og ressursar til å stogge 23. konsesjonsrunde, seier Andersen.